Juanfran bomma på Atletico Madrids fjerde straffe i straffesparkkonkurransen, og med det låg alt duka for at Cristiano Ronaldo kunne bli den store helten.
Portugisaren var sikker på sin straffe, og med det vann Real Madrid meisterligafinalen for andre gong på tre år. Og for andre gong mot Atlético Madrid.
– Det var ein jama kamp. Straffe er lotteri og vi visste ikkje kva som kunne skje, men det er utruleg deilig å vinne, seier Ronaldo til BT sports, som no har vunne meisterligaen tre gonger.
Draumestart for Real Madrid
Real Madrid fekk ein perfekt opning på kampen, då eit frispark frå Toni Kroos fann hovudet til Gareth Bale som stussa ballen vidare. Sergio Ramos strekte ut forten etter ballen, men TV-bilda viste ikkje klart om Ramos var borti ballen eller ikkje. Headinga til Bale gjekk under keeper, men han vart tydeleg forstyrra av ein offsideplassert Ramos.
- Les også:
Om det vert Bale eller Ramos som står att som målscorar bryr nok ikkje Real Madrid spelarane nemneverdig.
Det sto seg til pause, og laga gjekk i garderoben på 1–0.
Klinte til etter utlikning
Minuttet etter kvilen gjekk Fernando Torres i bakken, etter å ha blitt takla bakfrå av Pepe, og dommar Mark Clattenburg peika på straffemerket. Antoine Griezmann tok fart, og smelte ballen i undersida av tverrliggaren og ut.
- Les også:
Etter straffemissen dominerte Atletico kampen, og etter 79 minutt fekk dei løn for strevet. Juanfran låg inn frå kanten på eitt touch. Der dukka Yannick Carrasco opp og banka inn utlikninga, og sikra ekstra omgangar.
Zinedine Zidane tok over som manager for Real Madrid i januar, og har tidlegare vunne meisterligaen som spelar. No har han vunne som både trenar og spelar.
– Eg er førstemann som har vunne meisterligaen som spelar, assistenttrenar og trenar, seier ein strålande fornøgd Zidane til BT sports etter kampen.
I 2014, og hadde Atletico sigeren i lomma inntil Real-bautaen Sergio Ramos utlikna tre minutt på overtid. Den gongen gjekk det også til ekstra omgangar, og dei heilkvite frå Madrid vann til slutt 4–1.
- Les også: