Sundby om Kollen-helg utan publikum: – I overkant drastisk

HOLMENKOLLEN (NRK): Martin Johnsrud Sundby og Jarl Magnus Riiber er skuffa over at dei må konkurrere heilt utan publikum i Holmenkollen i helga. Emil Iversen lurar på korleis han skal motivere seg om han går tom.

Martin Sundby Kollen

Martin Johnsrud Sundby vann Holmenkollen-femmila både i 2016 og 2017 framfor eit folkehav på heimebane. I år blir det eit heilt tyst om han skulle gå sigrande ut.

Foto: Berit Roald / NTB Scanpix

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Rent subjektivt så tenkjer eg sjølvsagt at det er veldig trist og kan hende i overkant drastisk, seier Martin Johnsrud Sundby til NRK.

Tidlegare torsdag kveld blei det klart at Oslo kommune har bestemt å avlyse arrangement for publikum i Holmenkollen.

Ber folk om å ikkje stå langs løypa

Oslo kommune ber publikum om heller ikkje å oppsøkje områda utanfor arenaen, altså i marka der tradisjonelt dei store folkemengdene er.

Dermed blir det heilt tomt både på tribunen og sannsynleg lite folk også i resten av løypa Sundby og resten av langrennseliten skal ut å gå tre og femmil i helga.

– Det er så langt relativt få tilfelle i Noreg, og dette kunne gått utan vidare problem, meiner Sundby som likevel forstår vurderinga som er blitt gjort.

– Skal eg vere meir objektiv, så tenkjer eg at det nå blir gjort veldig mange tiltak rundt, også på ulike idrettsarenaer og at det slik sett ville verka ganske rart om ein nå tok sjansen på å stappe 20.000 menneske inn på t-bane opp til Holmenkollen. Sånn sett kan eg forstå denne vurderinga. Me kan ikkje oversjå dette, seier Sundby.

Som samtidig understrekar at han ikkje er lege.

– Eg kan ikkje vurdere kva slags risiko som er ved ei samling av såpass mange menneske. Eg vil tru den er større enn når me går rundt i løypa.

Iversen under femmila

Emil Iversen lurar på korleis det skal gå om han går tom og han ikkje har nokon som heiar han fram i løypa.

Foto: Tore Meek / NTB Scanpix

– Ikkje sikkert me kjem oss til mål

Emil Iversen lurar på korleis han skal motivere seg undervegs i femmila.

– Det blir enda verre for oss som skal gå. Det blir kanskje heilt stille. Eg veit ikkje kva som skjer viss me går tom. Det er mange som har gått her opp gjennom åra og fått servert både drikkevarer og vaflar, og det blir det ikkje noko av nå, seier Iversen og legg til:

– Da er det ikkje sikkert me kjem oss til mål heller.

Det blir helt tomt på tribunen når Emil Iversen og resten av langrennseliten skal ut å gå tre- og femmil i helga.

Emil Iversen forstår avgjerda, men trur det blir spesielt å gå femmila utan publikum.

Men trønderen har respekt for avgjerda som er tatt.

– Når dei gjer sånne avgjerder må me berre stole på det og at det er for det beste. Eg har respekt for det og da er det berre å sette seg framfor skjermen, sette på NRK og sjå på der, seier Iversen.

Få oversikt over utviklingen: Meld deg på nyhetsbrev her.

Riiber: – Oslo by stoppar jo ikkje

Også hopp og kombinert-konkurransane går utan publikum denne helga.

Jarl Magnus Riiber blir overraska når NRK gjev han nyheita.

– Jøss, det var trist. Det blir kjipt. Me vil jo at flest mogleg skal kunne få sjå oss, seier Riiber.

Jarl Magnus Riiber

Jarl Magnus Riiber hadde sett fram til å kjempe om ein ny siger framfor familie og vener i Holmenkollen. Riiber har alt vunne verdscupen i kombinert.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Forstår du kvifor dei gjer det?

– Både ja og nei. Byen går jo som normalt elles, det er jo ikkje slik at Oslo by stoppar. Men det er kanskje forståeleg også, seier Riiber som er vaksen opp eit steinkast unna Holmenkollen.

Lundby: – Full forståing

Han hadde sett fram til å vise seg fram framfor familie og vener.

– Me har jo mast på å få publikum i det siste. Eg var veldig gira på å vise meg fram og revansjelysten etter Lahti sist helg.

Maren Lundby trur avgjerda som er tatt er rett.

– Eg vil jo seie det, eg har full forståing og respekt for det. Det er jo sjølvsagt kjedeleg at det ikkje skal vere publikum. Men det er nokon som har tatt ei avgjerd, og dei veit mykje betre enn oss, seier hopparen.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 08.08.2020
311
Siste uke
15
Innlagt
256
Døde

Siste nytt

  • Lyon knuste Ronaldos mesterligadrøm

    Cristiano Ronaldos mesterligareise stoppet allerede i åttedelsfinalen. Etter 2-2 mellom Juventus og Lyon over to kamper, gikk det franske laget ti kvartfinale på bortemålsregelen. For Lyon er dette ett steg vekk fra økonomisk krise.

    Memphis Depay scoret returoppgjørets første mål etter bare 12 minutter. Men mot slutten av første omgang fikk Ronaldo blod på tann. Først scoret han like før pause, deretter satte han mål nummer to etter en time.

    Det holdt likevel ikke. Lyon er klare for kvartfinale, mens Juventus' reise stoppet i åttedelsfinalen.

    Ronaldo
    Foto: Miguel Medina / AFP
  • City sendte ut Real Madrid

    Manchester City er klare for kvartfinale i mesterligaen etter 4-2 sammenlagt mot Real Madrid. City ledet 2-1 før returoppgjøret, men 13 ganger mesterligavinner Real Madrid er likevel ingen lett motstander.

    Men de lyseblå fikk den beste starten. Raheem Sterling satte inn kampens første etter ni minutter, deretter tente Karim Benzema håpet for Real Madrid med en redusering et kvarter før pause.

    Det gikk likevel ikke riktig vei for den spanske klubben. Gabriel Jesus sendte de enda lenger ned i gjørma, med Citys andre scoring for kvelden. Dermed er det ingen mulighet for mesterligatrofe nummer 14 for Real Madrid i år.

    Britain Soccer Champions League
    Foto: Oli Scarff / AP
  • Hovland kan klare cuten

    Viktor Hovland hadde ikke sin beste dag på golfbanen og avsluttet annen runde fredag på ett slag over par. Det kan holde til videre spill i PGA-mesterskapet.

    Etter to birdie, tre bogey og resten par på mesterskapets annen dag, ligger Hovland på -1 etter to dagers spill.

    Det holdt til en delt 37.-plass før resten av golfeliten hadde gjort seg ferdig med sine runder i San Francisco fredag.

    PGA Championship - Round Two
    Foto: Harry How / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal