Spansk La Liga 2019/2020

  • Ødegaard på Uefa-lag

    Martin Ødegaard er på Uefas La Liga-ellevar av spelarar som har fått gjennombrotet sitt denne sesongen.

    21-åringen starta sesongen i baskarklubben på forrykande vis, men har saman med laget opplevd ein formdupp etter koronapausen.

    Det enda med fire ligamål og seks målgivande pasningar i drammensarens første La Liga-sesong.

    Martin Ødegaard
    Foto: Heiko Junge / Heiko Junge
  • Korona skaper opp- og nedrykkskrøll

    Kampen i spansk Segunda Division mellom La Coruna og Fuenlabrada er utsett fordi fleire av Fuenlabradas spelarar er smitta av Covid-19-viruset.

    Det er siste serierunde, og kampen er viktig for begge lag. Fuenlabrada kjempar om den siste playoff-plassen om opprykk til La Liga, og La Coruna må vinne for å ikkje rykke ned.

    Det er ikkje fastsett ny dato for kampen.

    Cadiz og Huesca er klare for opprykk til La Liga, medan Extremadura og Santander rykkjer ned.

    Fotball
    Foto: Miguel Riopa / AFP

Siste nytt

  • Aké er klar for Manchester City

    Nathan Aké blir Bournemouths dyraste sal nokosinne, etter at Manchester City skal ha bladd opp med rundt 475 millionar kroner for den tidlegare Chelsea-spelaren.

    – City har vore det beste laget i England det siste tiåret, og det er ein draum å kome hit. Det er eit topplag fullt av spelarar i verdsklasse, seier Aké.

    Nederlendaren var ein del av Bournemouth-laget som rykka ned frå Premier League førre sesong, men blir ikkje med ned til meisterskapsserien.

    Nathan Aké
    Foto: Andrew Yates / Reuters
  • Kalassiger for Molde

    Molde stoppa ikkje før dei hadde scora fem gongar i onsdagens eliteseriekamp mot Start, som til slutt enda 5–0. To mål kvar frå Ohi Omoijuanfo og Ola Brynhildsen, samt ein scoring frå Magnus Wolff Eikrem sørga for ein kalassiger på Aker Stadion. 5-0 sigeren gjer at Molde er tilbake på vinnarsporet etter tapet mot Sandefjord førre helg.

    Eliteserien fotball 2020, Molde - Start.
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / Svein Ove Ekornesvåg
  • Går mot norsk trenerduell

    Det går mot en norsk trener duell mellom Ståle Solbakken og Ole Gunnar Solskjær i europaligaens kvartfinale. Det er klart etter at FC København vant sin åttendedelsfinale 3-1 sammenlagt.

    Det skjer så lenge ikke Manchester United roter bort femmålsledelsen de har skaffet når de spiller mot LASK senere i kveld.

    København tapte første åttendedelsfinale og måtte vinne på eget gress mot den tyrkiske seriemesteren Istanbul Basaksehir. Laget til Solbakken vant kampen 3-0 etter to scoringer av Jonas Wind og en av Rasmus Falk.

    Ståle Solbakken
    Foto: Str / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal