Hopp til innhold

Skyttaren opnar opp om vonde tankar etter OL-vrakinga: – Går utover meg som person

Det er tøft for dei fleste utøvarar å bli vraka til dei olympiske leikane, men kanskje spesielt for Katrine Aannestad Lund (26). Krasse kommentarar i oppveksten heng i.

Katrine Aannestad Lund

LANGT NEDE: Katrine Aannestad Lund skal ikkje til OL i Tokyo. Kvoten er to kvinner og to menn.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Nederlaget slår meg spesielt hardt, for eg tenkjer litt lenger enn «fader, det gjekk ikkje denne gongen, men vi prøver att». Det blir meir «fader, eg mislykkast. No må eg finne noko anna eg kan meistre», seier Katrine Aannestad Lund til NRK.

Sjølv om Lund blei vraka til OL få veker før noregsmeisterskapet i Sarpsborg, klarte ho å mobilisere og ta gull på rifle heilmatch.

Det hadde ho ikkje trudd at ho kom til å gjere, for det var eit slag i andletet å få ein slik beskjed.

Ho hamna i kjellaren att, og motgang er ein utløysande faktor for eteforstyrringa ho har slite med sidan barneskulen, og som ho har vore open om etter at ho vart ein kjend skyttar.

– Det heng i meg, for det sat i så lenge. Eg hadde eit systematisk feil syn på mat og ernæring, og når eg hamnar i ein slik kjellar, så tenkjer eg automatisk at eg må straffe meg sjølv, seier ho.

Stygge kommentarar

Aannestad Lund har vunne NM, blitt skyttardronning og fekk lagsølv i EM tidlegare i år.

Men på barneskulen fekk ho kommentarar på utsjånaden, for ho var like høg i sjuande klasse, som ho er no. Dei kommentarane har sitte i sidan den gong.

– Kommentarane gjekk på at dei var så glade for at dei ikkje såg ut slik som meg. Og det gjorde at eg ikkje hadde lyst til å bli oppfatta på den måten meir. Det byrja i den mest sårbare alderen. Eg orka ikkje dei kommentarane, fortel Lund.

Kiloa raste av, og ho tykte sjølv at ho blei meir akseptert i den sosiale gruppa. Sjølv om ho hadde mange gode venner, klarte ho ikkje å forstå det der og då.

– Eg trudde at det einaste rette var å sjå bra ut for å bli akseptert som menneske, seier Lund.

Mista matlysta igjen

Lund fekk til slutt hjelp frå psykologar og ernæringsfysiologar på Olympiatoppen, og erklærer seg frisk i dag. Likevel må ho godta at sjukdommen vil henge ved ho resten av livet.

Det fekk ho kjenne på då OL-vrakinga kom. Sportssjefen gav beskjeden andlet til andlet med kvar skyttar.

Katrine Lund

VANSKELEG: Katrine Lund.

Foto: Jørn Tveter / NRK

– Etter den nedturen, kjende eg på det igjen. Eg har slite mesteparten av livet med mentale utfordringar og sjølvbilete. Når eg skyt dårleg og ikkje klarer måla mine, så har det gjort at eg ser på meg sjølv som ein dårleg person, seier ho.

Ho presiserer at ho har full forståing for uttaket, men at det likevel er tungt å godta at ein ikkje får moglegheita å kjempe om medaljar.

– Eg hadde mål om OL-medalje, og når eg ikkje ein gong kjem meg til OL, så kjenner eg veldig på eit personleg nederlag. Det går utover meg sjølv som person, seier ho.

Usikker på framtida

No skal Lund ta ein velfortent ferie medan dei andre skyttarane førebur seg til OL.

EM-gull skyting

TO AV TRE: Jeanette Hegg Duestad og Jenny Stene blei Noregs utvalde på kvinnesida.

Foto: Norges Skytterforbund / NTB scanpix

Sportssjef Tor Idar Aune er sikker på uttaket, sjølv om Lund tok NM-tittelen.

– Vi er hundre prosent trygge på at vi har gjort det riktige valet, men Katrine beviser det vi har sagt. Ho er frykteleg god til å skyte, ho er ein av verdas beste, men må dessverre bli heime for vi har berre plass til to, og dei to andre er betre enn ho, seier Aune til NRK.

No erkjenner Lund at ho er usikker på vegen vidare.

– Eg kjem ikkje til å ta på børsa i juli. Det skremmer meg litt. Det er litt ekkelt at eg ikkje har meir lyst å skyte enn eg har no, men eg har trua på at det berre er ein pause som trengst, seier ho.

– Korleis er motivasjonen din mot eit neste OL?

– Det er ganske vanskeleg å motivere seg til, i og med at eg fekk denne smellen når eg sjølv kjenner meg i god form. No får eg ikkje moglegheita til å prøve ein gong, og det gjer at eg ikkje orkar å ha eit OL som mål igjen, for å sleppe den nedturen, seier ho og fortset:

– OL i Tokyo er ikkje endestasjonen, men heller ein start på vegen mot eit neste meisterskap. Det er vegen eg skal fokusere på, avsluttar ho.

Sportssjefen håpar og trur at Lund blir med vidare.

– Eg forstår at ho er skuffa, men eg veit at ho blir veldig godt varetatt. Vi er trygge på at Katrine er klar for å fortsetje si satsing, som vi synest at ho skal gjere. Er ho motivert for det, så veit eg at ho vil ha mange fine år som idrettsutøvar, avsluttar han.

Då NRK ringjer Lund nokre veker seinare, kan ho fortelje at vrakinga har gått seg til. Ho har fått hjelp til å handtere kjenslene som igjen dukka opp, og no gler ho seg til å heie fram laget til medaljar i OL.

– Etter god støtte frå laget, leiinga og Olympiatoppen kom eg meg opp igjen, seier ho.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal