Hopp til innhold

Straffar seg sjølv med 5-mil etter katastrofe­sesong

Som ein av seks løparar på elitelandslaget låg alt til rette for suksess for Filip Fjeld Andersen. Men denne sesongen har han ikkje gått eit einaste skirenn på øvste nivå.

Filip Fjeld Andersen

TAPPERT SMIL: Filip Fjeld Andersen smiler tappert før ein treningstur i Oslo. Men sesongen har vore katastrofal.

Foto: Hans Solbakken / NRK

– Ein opplever ei litt sånn identitetskrise, vil eg seie.

Det fortel Filip Fjeld Andersen til NRK i det vi møter han på veg ut i Nordmarka i Oslo for ein treningstur i grått og småtrist vêr.

– Ein kan ikkje sjå på vêr og vêrmelding når ein driv i dette yrket her, seier Andersen og gliser.

Men denne sesongen har det vore alt anna enn breie glis for skiskyttaren.

Før jul sleit han med sjukdom. Nærare bestemt svineinfluensa. I januar skulle han prøve seg i noregscupen. Det enda med ein veldig skuffande 17.-plass.

Og da lagkompisane hans tidvis herja i VM i Nove Mesto i februar, gjekk han sjølv inn til 13.-plass i noregscupen på Oppdal. Dagen etter fullførte han aldri sprinten på same stad.

– Dei gongene eg har måtta prestere, så har eg ikkje klart å prestere. Enten om det har vore kroppen som ikkje har fungert, eller om skytinga har vore for dårleg, seier Andersen.

– Du er jo på elitelandslaget. Er det det presset som har tynga deg?

– Sjølvsagt. Når ein er på elitelag og ein sjølvsagt ynskjer å gå verdscup, og så plutseleg står ein på bar bakke åleine og går noregscup. Det er ganske langt frå det ein har sett for seg.

Stafett Norge

STAFETTSIGER: I 2022 var det mykje som klaffa for Andersen. Her frå ein stafettsiger i verdscupen. Frå venstre: Vetle Sjåstad Christiansen, Sturla Holm Lægreid, Filip Fjeld Andersen og Sivert Bakken.

Foto: VESA MOILANEN / AFP

Straffer seg med 5-mil

Sjølv meiner han at han rett og slett har kome inn i ein negativ spiral han ikkje har vore i nærleiken av å kome seg ut i frå. Kvar gong han trudde han var på glid til å finne litt form, så har han feila på nytt.

– Ein får litt høge skuldrer. At ein vil litt mykje, og det går litt mykje på vilje og ikkje på instinkt og kunnskap av det ein kan. Og da blir ting rett og slett for dårleg.

Landslagstrenar Egil Kristiansen har hatt mykje kontakt med Fjeld Andersen via telefon denne sesongen. Han tykkjer det er vanskeleg å spå korleis det går framover med eleven.

– Han må finne tilbake til gleda og ikkje tenkje så mykje. At ting kan gå litt meir på automatikk enn det kanskje har gjort i det siste. For han har tenkt veldig mykje. Da har det eigentleg berre gått dårlegare og dårlegare. Så det er ingen god løysing.

Egil Kristiansen

TRENAR: Egil Kristiansen har råda Andersen til å gå langrenn for å finne motivasjon.

Foto: NTB

Og etter at det har mislykkast fullstendig på skiskyttararenaen for Fjeld Andersen har trenaren no gjeve han eit råd.

– Rådet eg har gjeve Filip når det har gått så trått som det har gjort i skiskyting, er å prøve å finne andre ting som kan motivere, seier Kristiansen.

Og difor dukka ideen om å sjekke ut terminlista til dei lange renna i langrennssirkuset opp.

Andersen reiste til Sveits og deltok i Engadin Skimarathon i starten av mars. Der spurtslo han tidlegare langrennskonge Dario Cologna i kamp om tredjeplassen. Fem dagar seinare enda han på 7.-plass i den 54 kilometer lange skøytebirken.

Og til helga skal han gå ei knallhard 5-mil under NM langrenn på Lillehammer.

– Eg kan kanskje sjå på det som sjølvstraff over at sesongen har gått «ræva», da. Så da må ein få kjenne litt på det, seier Andersen med eit lurt glis, før han held fram:

– Det er gøy å bruke den treninga ein har gjort i eit heilt år til noko da. Og ikkje berre ligge på sofaen heime og prøve å få tida til å gå.

Johan-Olav Smørdal Botn

Fekk sjansen på øvste nivå – så kom hetsen: – Mange stygge ord

Håpar på landslagsplass

Etter langrenns-NM på Lillehammer og ein liten påskeferie så står eit siste mål att før sesongen definitivt er over for Andersen. 5–7. april ventar nemleg NM i skiskyting på heimebane på Geilo.

– Føler du at du må bevise noko på NM i skiskyting?

– Ja, sjølvsagt. Det hjelp å gå gode skirenn.

Og trass at han ikkje har gått eit einaste renn på det øvste nivået denne sesongen, klamrar han seg fast i håpet om å framleis få vere inne i landslagsvarmen neste sesong. Ikkje på elitelandslaget, men på nivået under.

– Eg har eit håp om å kome med på rekruttlaget. Der føler eg at eg fortener ein plass i og med at eg har bevist tidlegare kva eg kan og kva nivå eg kan ha inne. Men viss den ryk..., seier Andersen og lar det henge litt i lufta før han held fram:

– Eg er eigentleg framleis like motivert til å satse på eiga hand.

null
Spiller nå
Scorer fra egen banehalvdel (!) 00:28
Neste

Siste nytt

  • Norsk VM-bronse i curling

    Curlingekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten slo Sveits 6-5 i en spennende bronsekamp i VM blandet lag i Östersund.

    Dermed ble det igjen medaljejubel for paret som fra før har tatt sølv og bronse i både VM og OL.

    Skaslien og Nedregotten løftet seg etter fredagens semifinaletap mot Estland og vant den tette kampen mot sveitserne.

    Den norske duoen avgjorde mye da de tok tre poeng i femte omgang og dermed tok ledelsen 5-3. Sveitserne tok ett poeng i hver av de to neste omgangene, og dermed kunne Skaslien og Nedregotten kontrollere inn seieren med sistestein i den avgjørende omgangen.

    (©NTB)

    597pS7pqseA
    Foto: AP
  • Roing: Juel og Solbakken til A-finale i EM

    Jonas Juel og Erik Solbakken skal kjempe om EM-medaljer i dobbeltsculler i ro-EM i Ungarn.

    De to nordmennene er klare for A-finale i sin klasse etter å ha blitt nummer tre i semifinalen lørdag. 3.-plassen holdt akkurat til å gå videre til A-finalen, men til gjengjeld var avstanden ned til 4.-plasserte Frankrike nesten tre sekunder.

    Tysklands Jonas Gelsen og Marc Weber vant semifinalen foran en italiensk båt. Juel og Solbakken ble slått med snaut ni sekunder av vinnerbåten.

    Juel og Solbakken er tatt ut til EM på bekostning av Oscar Helvig og Kristoffer Brun. De to sistnevnte har sørget for at én norsk dobbeltsculler er kvalifisert for OL i Paris, og det er ennå ikke avklart hvilken duo som får konkurrere der.

    I verdenscupregattaen i italienske Varese nylig var Juel/Solbakken sju tidels sekund raskere enn Helvig/Brun da de norske båtene var i samme oppsamlingsheat.

    Ro-EM kan du se på NRK.

    (©NTB)

    OhNKv4qQYNk
    Foto: NTB
  • Norges cheerleadere nest best i verden: – En utrolig VM-dag

    Fredag var de de norske seniorlagene i aksjon i VM i cheerleading i Orlando, USA, og de leverte en rekke flotte prestasjoner.

    Norge sikret seg sølvmedalje i en av de gjeveste kategoriene, og fikk igjen bekreftet sin posisjon som en sterk nasjon innen sporten.

    – For en utrolig VM-dag vi har hatt! Våre seniorlag har virkelig vist hva norsk cheerleading står for, sier Thomas Kejser-Lervik, leder av Norges Amerikanske Idretters Forbund.

    Etter at de norske juniorlagene torsdag sikret seg sølv og to bronsemedaljer, var det seniorenes tur til å skinne på fredag. Norges lag leverte også veldig sterkt her.

    – Med sterk innsats og lagånd viste våre utøvere at de er å regne med på verdensscenen. Resultatet markerer en betydelig prestasjon, og vi ser frem til å bygge videre på dette og fortsette å utvikle sporten i Norge, avslutter han.

    y

Sendeplan

Kl. Program Kanal