– Det ville jo vore litt typisk. Når eit landslag endeleg presterer igjen, så er det slike marginar som kan hindre eit sluttspel. Men slik er det berre, seier NRK-ekspert Carl-Erik Torp.
I november er det duka for ein neglebitande avslutning i VM-kvaliken.
Med to kampar igjen har Noreg alt i eigne hender, men det kan likevel ende med 1.-plass (direktebillett), 2.-plass (playoff) eller 3.-plass (ute).
Gitt at Noreg vinn heime mot Latvia 13. november, vil Ståle Solbakkens menn stå med 20 poeng før den aller siste kampen.
Med poengtap mot Nederland risikerer Noreg å bli forbigått av Tyrkia, som samstundes møter Montenegro på bortebane.
Tyrkisk siger og norsk tap dyttar Noreg til 3.-plass, medan playoffplassen blir avgjort på målforskjell viss Noreg speler uavgjort mot Nederland – og Tyrkia vinn.
– Svir enno
Det betyr at Noreg kan få både 20 og 21 poeng i gruppa, men likevel miste playoffplassen.
Det har berre skjedd tre gonger tidlegare i VM-historia med seks lag eller færre i kvalik-gruppa.
Unntaket er kvaliken til 2006-VM, der ein for første og einaste gong hadde grupper med sju lag i kvaliken for dei europeiske nasjonane.
Sverige fekk 21 poeng i VM-kvaliken til 1998, men hamna likevel to poeng bak Skottland og tre poeng bak Austerrike. Fire år seinare fekk Nederland 20 poeng, men måtte sjå seg slått av Irland og Portugal (begge med 24 poeng).
Det førebels tredje og siste dømet er Kroatia, som fekk 20 poeng i gruppe med mellom anna Ukraina (21 poeng) og England (27 poeng) før VM i 2010.
– Det er eit kjipt scenario når du endar på 20 poeng og har prestert som du har gjort. Men per dags dato kan Noreg avgjere det sjølv. Eg tippar Nederland-kampen blir avgjerande, og jævlig spennande, seier Bjørn Helge Riise til NRK.
Riise har stått i liknande situasjon sjølv.
I 2007 kunne Noreg sikra EM-billett heime i den nest siste kvalik-kampen mot Tyrkia, men 1-0 vart til 1-2 – og EM-plassen rauk til slutt med eitt poeng til Tyrkia på 2.-plass.
– Det svir enno. Eg tenkjer mykje på det, seier Riise og held fram:
– Det var ein enorm skuffelse. Vi leidde jo 1-0, og inngangen handla om å vere offensive. Det var vi jo, men detaljar i kampen avgjer. Eg sit igjen med skuffelsen av at du ikkje klarte å prestere på toppnivå i den eine kampen du måtte prestere på toppnivå, seier Riise.
38-åringen trur Solbakkens Noreg er betre rusta for ein slik kamp.
– I Nederland må Noreg levere den beste prestasjonen individuelt og som lag på det gitte tidspunktet for å kvalifisere seg. Å få utløp for det i den kampen, er ei ferdigheit. Men no er det mange norske spelarar som presterer godt ute, og Ståle og Brede (Hangeland) er i teamet. Noreg verkar betre førebudd no. Strukturelt ser dei mykje betre ut, og eg trur dei er godt rusta, seier Riise.
Gibraltar kan avgjere
Egil «Drillo» Olsen veit betre enn dei fleste kor tungt marginar kan vege i fotballen. Han er ikkje så oppteken av at Noreg kan hamne så vidt utanfor.
– Det er ganske sjeldan kost at eit lag vinn ni minutt på overtid, også, seier «Drillo» med tilvising til Tyrkias overtidsmål mot Latvia.
Tyrkia-målet endra heile biletet for Noreg. Med uavgjort ville Solbakken og co. vore garantert playoffplass med siger over Latvia.
«Drillo» påpeikar at Tyrkias kamp mot Gibraltar, som blir spelt samstundes som Noreg møter Latvia, kan bli avgjerande.
– Den blir viktig. Vi kan ende opp med målforskjell mot Tyrkia. Viss dei slår Gibraltar med 7-8-9 mål, tek dei oss på målforskjell, seier «Drillo».
Per no har Noreg fem mål til gode på Tyrkia.
Målforskjellen blir først avgjerande viss Noreg tek fire poeng på dei to siste kampane, og Tyrkia vinn begge: