Hopp til innhold

Skiforbundet står på sitt i Kristoffersen-saka

Norges Skiforbund kjem ikkje til å endre på vedtaket som hindrar Red Bull-avtalen til Henrik Kristoffersen, sjølv om dei tykkjer det er synd at ein av deira største utøvarar saksøker dei.

Opsal

UEINIGE: Stein Opsal i Norges Skiforbund har teke imot søksmålet frå Kristoffersen, men er ikkje samd med 22-åringen.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Tidlegare i dag kunne NRK avsløre at Henrik Kristoffersen saksøker Norges Skiforbund.

Det fordi Kristoffersen vil ha ein tilsvarande sponsoravtale som Aksel Lund Svindal har hatt i mange år, nemleg å få lov til å bruke Red bull som sponsor på hjelmen.

Det vil ikkje Norges Skiforbund godta.

– Det har vore ein svært grundig behandling i skistyret. Det var eit solid fleirtal i den avgjerda, so det er ikkje noko som tyder på at dei skal skifte meining, seier Stein Opsal, generalsekretær i Norges Skiforbund.

Skistyret er proppen

Medan både alpinlandslagets hovudsponsor, Telenor, og alpinkomiteen har godkjent vilkåra til Henrik Kristoffersen. Men det er altså skistyret, som tek opp saker frå alle greinene underlagt skiforbundet som har sagt stopp. ​

– Det som er viktig for oss, er å sjå på totaliteten. Etter avtalen til Northug blei godkjend i fjor sette med ned eit utval som skulle sjå på slike avtalar. På skitinget blei me samde om at me skulle stramme inn, og difor godtek me ikkje avtalen til Kristoffersen no, seier Opsal til NRK.

Alpinistenes hovedsponsor jobbet aktivt for å hjelpe Henrik Kristoffersen. 
Telenor var villig til å reforhandle sin avtale med skiforbundet, men fikk i går nei til initiativet.

– Alpinkomiteen hadde ein forslag til avtale som Kristoffersen og Telenor kunne godkjenne, men det kunne ikkje skistyret, fortset han.

Trass det, tykkjer Opsal det er synd at Kristoffersen vel å gå til sak mot skiforbundet.

– Det er sterkt beklageleg at me får ein slik sak med ein av våre mest profilerte utøvarar, seier Opsal.

– Urettferdig

Far til Henrik Kristoffersen, Lars Kristoffersen, seier til NRK at han tykkjer det er urettferdig at sonen ikkje får inngå same type avtalar som andre landslagsutøvarar har.

– Det er andre utøvarar som har det, så det er litt urettferdig. Det burde vore likt for alle, seier Lars Kristoffersen.

SKI-ALPINE-AUT-WOMEN

GÅR TIL SAK: Henrik Kristoffersen saksøker skiforbundet.

Foto: JOE KLAMAR / Afp

Medan skiforbundet på si side seier at dei bevisst har stramma inn reglane etter at liknande avtalar med til dømes Petter Northug og Aksel Lund Svindal blei inngått. Begge dei avtalane går ut i 2018.

– Slik det er i dag, har me stramma inn etter avtalane med Lund Svindal og Northug blei gjort, seier Stein Opsal til NRK.

Han meiner at slike saker handlar om meir enn kva sponsor Kristoffersen får ha på hjelmen.

– Det er ein veldig viktig sak, for det dreiar seg om kven som eig marknadsrettigheitane til utøvarane. Det er det basale for korleis ein finansierer idretten. Viss utøvarane sjølv kan disponere sine private sponsorar forsvinn grunnlaget for toppidretten.

Sportsnyheter

Bayern München raste 12 minutter på overtid – hevder dommeren innrømte feil

Nesten tretten minutter på overtid satte Bayern München ballen i mål, men dommeren blåste av for offside like før. Det skaper reaksjoner.

Siste nytt

  • Østrøm ble cupmester med Silkeborg – fikk et kort innhopp i finalen

    Robin Østrøm kom inn helt på tampen da Silkeborg ble dansk cupmester for annen gang med 1-0-seier over AGF i finalen.

    Parken i København var fullsatt da de to jyllandsklubbene møttes til finale. Det var anslagsvis 22.000 AGF-tilhengere mot 12.000 Silkeborg-tilhengere, men de sistnevnte fikk mest å juble for.

    Østrøm har spilt aldersbestemte landskamper for både Danmark og Norge, men 21-åringen er nå U21-landslagsspiller for Norge.

    (NTB)

    Robin Østrøm
    Foto: BILDBYRÅN
  • Rasmussen ble belgisk cupmester

    Mathias Rasmussen kunne sammen med sine lagkamerater i Union Saint-Gilloise juble for en svært etterlengtet tittel i den belgiske cupen.

    Japanske Koki Machidas scoring på overtid i første omgang ble den eneste i finalen mot Royal Antwerp.

    Union Saint-Gilloise har 11 seriemesterskap og to cuptitler fra før, men forrige seriegull kom i 1935 og den forrige cupseieren i 1914. (NTB)

    R-qRhvQEQVk
    Foto: NTB
  • Spansk bruddseier i Giroen

    Pelayo Sánchez tråkket først over målstreken på Giro d'Italias 6. etappe. Han var blant torsdagens utbrytere.

    Den spanske Movistar-rytteren vant foran Julian Alaphilippe og Luke Plapp.

    Trioen var alene i føringen i sluttfasen av den kuperte etappen. Tidligere på dagen var det sju syklister i bruddet. (NTB)

    K7QkCKHN1QA
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal