Hopp til innhold

Haaland sin kjendis-sommar skaper debatt: – Kan bli konflikt

Erling Braut Haaland sin sommar har ikkje vore som alle andres. Ekspert fryktar den stjernespekka og hendingsrike sesongoppkøyringa kan slå negativt ut.

Haaland kjendiser

FULL FART I SOMMER: Erling Haaland har ikkje lege på latsida utanfor trening i ferien. Han har møtt ei rekkje kjende personlegdommar, som til dømes Kim Kardashian (midten oppe), artisten Future (nede til høgre), modellen Ivana Knöll (oppe til høgre) og Tiktok-stjerna Iran Ferreira (til venstre).

Foto: NTB/EASPORTS/MANCITY/SKJERMDUMP INSTAGRAM

– Du har mange døme på spelarar som har vore blant dei beste i verda, men som så oppdagar livet utanfor fotballen.

NRK-ekspert Carl-Erik Torp har med fascinasjon følgt med på det som har vore ein mildt sagt hektisk sommarferie for den mest kjende nordmannen i verda.

Carl Erik Torp, NRK-ekspert

Carl-Erik Torp er spent på kva Haaland kan levere denne sesongen.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Erling Braut Haaland har nemleg ikkje nøgd seg med ei pakkereise til syden og ein tur over svenskegrensa.

Spissen har hatt ein sommar fullstappa av hendingsrike og utanomsportslege opplevingar.

Sjå berre her:

Ibiza-konsert og modellselfie

I starten av juli sette Haaland seg på privatflyet saman med U21-landslagskaptein Erik Botheim og resten av kompisgjengen og drog på tur til den spanske ferieøya Ibiza. Der fylte dei dagane med å mellom anna dra på konsert med den verdskjende artisten Calvin Harris og naut glade dagar på luksusyacht.

Den kroatiske supermodellen Ivana Knöll la på Instagram-kontoen sin ut ein selfie ho hadde teke med den norske superstjerna. Til VG uttalte Knöll, som for alvor vart kjent under VM i Qatar, at Haaland var «ekstremt hyggjeleg» då ho spurde om å ta eit bilete, og at han er ein av dei snillaste og varmaste spelarane ho har møtt.

@knolldoll
Foto: Skjermdump Instagram / @knolldoll

Dolce og Gabbana-moteshow

10. juli dukka fleire superstjerner, som til dømes Kim Kardashian, Kris Jenner og og Venus Williams opp på Dolce & Gabbana si eksklusive motevisning i Puglia i Italia. Der var også Erling Braut Haaland, som fleire medium hevdar har underteikna ein avtale med det verdskjende klesmerket.

Haaland deltok på motevisninga saman med lsabel Haugseng Johansen (18), og bileta av den norske duoen gjekk verda rundt.

Faksimile The Telegraph
Foto: Faksimile The Telegraph

Kardashian-selfie og Facetime-samtale

Kim Kardashian, som i det siste har byrja å omtale seg sjølv som ein «soccer mom» på grunn av hennar svært fotballinteresserte barn, vart openbert kjend med Haaland på den nemnde motevisninga.

Først delte ho ein selfie med nordmannen, før ho seinare la ut eit bilete av at Noreg-spissen hadde Facetime-samtale med hennar eigen son og sonen til bestevenninna Alisson Statter.

«Fotballmødrer for the win! Gutane våre mista det då dei fekk snakke med Erling Haaland», skreiv Kardashian.

Skjermdump Instagram / kimkardashian
Foto: Skjermdump Instagram / kimkardashian

Luksusbil i Monaco

Nokre dagar etter motevisninga med på Dolce & Gabbana vart Haaland avbilda og filma medan han køyrde rundt i Monaco sine gater med ein Ferrari Monza SP2. Ifølgje bilnettstaden Autojosh er det berre laga 500 eksemplar av den bilen, og prislappen skal ifølgje Bild liggje på svimlande 33,5 millionar norske kroner.

Råskinnet går frå 0-100 på 2,9 sekund.

Bilen, ikkje Haaland, vel å merke.

Faksimile Bild
Foto: Faksimile Bild

EA Sports-avdukning

I midten av juli dukka Haaland plutseleg opp i Amsterdam då spelgiganten EA Sports skulle presentere det kommande fotballspelet sitt FC 24, som er det første etter brotet med FIFA.

Jærbuen vart avduka som frontfigur og presentert med brask og bram iført ein grøn pyjamasliknande drakt i den nederlandske hovudstaden 13. juli. Haaland var hovudattraksjonen på ei scene han delte med andre superstjerner som Luis Figo, Didier Drogba og Ronaldinho.

Faksimile Iran Ferraria
Foto: Skjermdump Instagram / EA Sports

Sjarmoffensiv i Asia

Viss du følgjer Haaland på Instagram, har du sikkert lagt merke til at han har lagt ut ei rekkje meldingar om kor bra han har hatt det på City-turné i Sør-Korea og Japan.

Det er ikkje noko nytt at Premier League-klubbar reiser til kontinentet for å vinne marknadsdelar, og i sommar har han vorte brukt av klubben i fleire promoteringsstunt.

Nyleg stilte Haaland opp til eit svært sjeldan intervju, og det gav han til den sørkoreansk songaren og skodespelarinna Jisoo. Ho er ingen kvensomhelst og har over 70 millionar følgjarar på Instagram. Til samanlikning har nordmannen 34 millionar følgjarar.

Jærbuen vart også brukt i fleire andre PR-stunt, mellom anna dukka han opp som kioskvakt i ei fastfood-sjappe i Japan til kundane si store overrasking.

Skjermdump twitter.com/ManCity
Foto: Skjermdump twitter.com/ManCity

Etter ein slik sommar er det lett å stille spørsmålet:

Kan alt det utanomsportslege føre til at Haaland mistar fokus før den nye sesongen blir sparka i gang med Community Shield-kamp mellom City og Arsenal søndag kveld?

– Kan skape ein konflikt

Carl-Erik Torp fryktar Haaland får så sans for det gode livet at det går utover prestasjonane hans på banen.

– Det er ikkje heilt utenkjeleg at dette kan påverke svolten han har, ein svolt som har bidrege til å ta han dit han er. Ved sida av dei ekstreme fysiske føresetnadene han har, har det vore den enorme svolten på å jakte forbetringar som har vore x-faktoren hans, seier Torp.

Fotballen tek så mykje tid, det er så ekstreme krav for å lykkast mest, og viss ein først får smaken på det andre livet kan det hende at det skaper ein konflikt inni deg, legg han til.

Les også Reagerer på Hoftuns skråsikkerhet: - Bør være ydmyk

Leif Øverland og Erik Hoftun

Northug: – Ikkje i nærleiken

Er det éin nordmann som kan relatere seg til spagaten som oppstår når ein skal kombinere idrettskarriere med kjendisliv, er det Petter Northug.

Den tidlegare skikongen er samd med Torp i at den største faren er at Haaland blir mett på fotballbanen og at det går utover motivasjonen.

Men Northug er langt frå bekymra for at det skal skje.

– Eg trur ikkje han er i nærleiken av det enno. Eg trur han er lysten på å skåre fleire mål og vinne meir. Han har framleis ein alder som gjer at han framleis kjem til å ha han med seg i mange, mange år før det byrjar å butte. Eg trur vi får mange år med glede av Haaland i Premier League og på landslaget, seier Northug til NRK.

Petter Northug

Petter Northug er heilt trygg på at Haaland taklar alt det utanomsportslege på ein bra måte.

Foto: Martin Leigland

– Du har sjølv opplevd å vere superstjerne og allemannseige, kva kan det føre med seg når ein i tillegg er idrettsutøvar?

– Det kan føre med seg ein del fokus utanfor det som har med idretten å gjere, men som regel klarer dei beste å handtere det veldig bra. Det verkar som han trivst veldig i den Haaland-rolla. Han veit kor god han er og at han er ei superstjerne. Han har vakse inn i den rolla og trivst der. Det trur eg gjer at han er motivert når han skal levere på bana igjen, seier Northug.

Les også Han kom. Han så. Han vant

APTOPIX Turkey Soccer Champions League Final

Northug med åtvaring

Northug har mykje erfaring med å kombinere prestasjonspress og kjendisliv. Skiprofilen kjem med følgjande råd til Noregs superspiss:

Berre å nyte augneblinken og vêr i den modusen han har vore til no. Då trur eg vi får mange år med Haaland-glede, både for City og på landslaget.

Men det er éin ting han meiner Haaland bør vere klar over. Viss han startar sesongen dårleg, vil den innhaldsrike sommaren fort bli brukt mot han.

– Det vil det alltid gjere når du er ei så stor stjerne som han er. Då får ein kritikk for ting som er gjort og ein finn feil og prøver å vri på det. Men eg trur Haaland er veldig flink til å sjå framover og har hatt godt av denne pausen. Det blir spennande å sjå om han er i form når sesongen startar, seier Northug.

– Trur Haaland kan få eit løft

Carl-Erik Torp trur det fort kan stillast spørsmål rundt Haaland sine prioriteringar viss prestasjonane sviktar, men er trygg på at nordmannen klarer å kombinere livet som superstjerne like godt med det sportslege som han har gjort til no.

Han trur heller ikkje Pep Guardiola blir nemneverdig bekymra av at Haaland verkar å ha levd eit jetsetliv før den nye sesongen.

– Det er nok heller sånn at viss han merkar at dette ikkje fungerer for Erling, må dei ta ein prat. Men det er positive sider ved den enorme kjendisstatusen, han må nok ha enorm sjølvtillit no, og eg trur nok Pep trur at Erling kan få ein «løft» av denne sida ved livet hans, seier Torp.

Kor mange Premier League-mål skårar Haaland komande sesong?

Første svar får vi allereie søndag, når det blir spelt Community Shield på Wembley.

Blir overraska om han skårar like mykje

Petter Northug er for lengst biten av Haaland-feberen og skal følgje nøye med på sesongen.

Eg blir overraska om han skårar like mange mål som i fjor, for det var heilt vanvitig. Men eg spår at han leverer jamt og trutt om han held seg skadefri. Det blir viktig, seier Northug.

Kampen mellom Manchester City og Arsenal har avspark søndag klokka 17.00 og kan sjåast på Viaplay og TV3+.

Siste nytt

  • Tiller og Bjørnstad covid-smittet - står over på Lillehammer

    Både Simen Tiller og Espen Bjørnstad har fått covid. Det bekrefter kombinertlandslagets sportssjef Ivar Stuan til NRK.

    Det betyr at duoen må stå over verdenscuprennene på Lillehammer til helga.

    Alekander Skoglund hentes inn på det norske laget etter sykdomsforfallene.

    sTUsH9uoBMs
    Foto: NTB
  • Nora Mørk står over VM-åpningen

    Nora Mørk og keeper Marie Davidsen må se Norges VM-åpning i håndball fra tribunen i kveld. Mørk blir spart mot underdogen Grønland.

    Norge har 18 spillere i EM-troppen, men bare 16 får være med på kampene.

    Landslagssjef Thorir Hergeirsson informerte om laguttaket under en mediebrifing i Stavanger i dag.

    Norges kamp mot Grønland starter 20.30 i kveld.

    Norge kan gjøre fem bytter i troppen underveis i VM. Det mest aktuelle spilleren til å komme inn er keeperveteranen Katrine Lunde (43). Hun har ikke spilt kamp på en måned, men er i tilnærmet full trening. (NTB)

    lY5rAVBfOyE
    Foto: NTB
  • VAR-dommer fjernet etter omdiskutert straffespark

    Tomasz Kwiatkowski er fratatt et dommeroppdrag i mesterligaen onsdag. Han var ansvarlig da Paris Saint-Germain fikk en kontroversiell straffe mot Newcastle.

    ESPN og Sky Sports melder begge om dommerendringen.

    Newcastle ledet 1-0 og så ut til å ta en svært viktig seier mot PSG tirsdag kveld. Langt inne i overtiden traff ballen armen til Tino Livramento inne i feltet, men TV-bildene viste at ballen først var innom kroppen hans.

    Kwiatkowski sendte hoveddommer Szymon Marciniak til VAR-skjermen, der de falt ned på at PSG fortjente straffe.

    Newcastle-manager Eddie Howe var i etterkant klokkeklar på at straffen var feil idømt og mente at laget ble frarøvet seieren.

    – Det er ikke straffe når den først går i kroppen og så i armen. Men jeg får ikke lov til å si noe. Jeg kan selvfølgelig ikke si noe, sa Howe.

    Kwiatkowski skulle i utgangspunktet være VAR-dommer under onsdagens mesterligakamp mellom Real Sociedad og Salzburg, men er nå byttet ut med tyske Marco Fritz.

    Det europeiske fotballforbundet (Uefa) har ikke selv opplyst hva som er grunnen til bytte av VAR-ansvarlig.

    (NTB)

    PSG-spillere omringer dommer Szymon Marciniak og ber om straffe under Champions League gruppe F fotballkampen mellom Paris Saint-Germain og Newcastle United FC på Parc des Princes i Paris, tirsdag 28. november 2023.
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal