Hopp til innhold

Serbisk TV-profil fascinert av Haaland: – Mange serbarar kjem for å sjå han

Det er ikkje nokon tvil om at Erling Braut Haaland er blitt ei superstjerne. 21-åringen er eit trekkplaster også for heimelaget sine tilskodarar i Beograd, meiner TV-reporter.

haal

HÅPER PÅ STJERNEMØTE: Marija Sekulovic drøymer om eit Haaland-intervju i Beograd, men har sine tvil på om det lar seg gjennomføre.

Foto: Bildbyrån / Privat

– Haaland er fantastisk!

Det seier Marija Sekulovic til NRK. Ho er ein profilert TV-reporter for serbiske Sport Klub og følger fotballandslaget i Serbia tett.

Sekulovic gler seg til å få besøk av det norske landslaget til nasjonsliga-dyst torsdag kveld.

Spesielt lysluggen frå Jæren, som ho har latt seg fascinere stort av.

– Han er ein spelar som kan endre ein kamp med eitt trekk, han er veldig smart og sterk, og han skaper problem for alle forsvar i hele verda. Det blir fint å sjå korleis han klarer seg på torsdag, eg håpar han ikkje scorar, seier ho til NRK med eit smil.

– Mange kjem for å sjå han

Haaland har eit stort namn også i Beograd, forsikrar Sekulovic.

TV-reporteren trur den norske spissen har vore eit trekkplaster også for heimelaget sine tilskodarar til denne kampen.

Ho tviler på at Haaland vil oppleve verken hets eller ukvemsord frå tribunen i Beograd, men at han snarare tvert imot vil få ein varm velkomst av det serbiske publikummet.

– Mange serbarar kjem til stadion for å sjå han, ein av dei beste i verda, spele kamp. Her i Serbia veit vi korleis ein skal vise respekt overfor spelarane som er best i verda. Det blir interessant å sjå kva slags sesong Haaland får i Premier League. Eg er sikker på at Pep Guardiola alt har ein plan for denne strålande fotballspelaren, seier ho.

Sekulovic skal sjølv jobbe på kampen som TV-reporter, men har ikkje eit stort håp om å få veksle nokre ord med den kommande City-spissen.

– Det hadde vore perfekt om vi kunne snakke med Erling, men dessverre trur eg ikkje det blir mogleg, seier ho.

Kommer Norge til EM i 2024?

Marija Sekulovic sin serbiske kollega, Milos Saranovic, som er fotballkommentator for B92, gler seg også til å sjå Haaland på nært hald torsdag kveld.

– Haaland er godt kjend også i Serbia. Det er synd at Dusan Vlahovic er skadd, for det hadde vore nydeleg å sjå det som for augneblinken er to av Europas tre heitaste unge spelarar. Men Haaland er ei internasjonal superstjerne, og det blir fint å sjå han spele her, seier Saranovic til NRK.

Ståle Solbakken har alt bekrefta at Haaland startar på topp for Noreg.

Spissen sjølv gler seg til kamp.

– Det er alltid kjekt å vere med landslaget, og eg har mange gode vener her. Sjølv om det snart er ferie, er eg veldig motivert, og gler meg til desse kampane, sa Haaland på NTBs spørsmål på pressekonferansen måndag.

– Ekstremt stor betydning

Kampen er den første i Noregs gruppe i nasjonsligaen, som er første steg på vegen mot eit mogleg EM-sluttspel i 2024.

Vinn Noreg gruppa, er Ståle Solbakkens menn sikra ein ekstrasjanse i playoff våren 2024 dersom den ordinære EM-kvaliken i 2023 endar med norsk skuffelse.

– For oss har nasjonsligaen ekstremt stor betydning. Vi kan få ein ekstra sjanse til EM-plass, men seeding er kanskje det sterkaste verkemiddelet for å komme til sluttspel. Om vi gjer det godt, kan vi klatre eit seedingsnivå til trekninga, seier Solbakken.

9. oktober blir gruppene til den ordinære EM-kvaliken trekte. Om Noreg blir seeda på nivå to gir det truleg ein langt enklare veg til EM enn om det endar med tredjeseeding for dei norske gutane.

Football, Norway, kit launch portraits

NY BORTEDRAKT: Noreg lanserte denne veka ein ny bortedrakt for A-landslaget.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Den serbiske TV-reporteren Sekulovic gler seg til landets første nasjonsliga-duell mot Noreg.

Åtvarar Noreg

Sjølv om Juventus-spissen Dusan Vlahovic måtte melde forfall, meiner ho Serbia stiller med ein knallsterk tropp.

– Serbia har nokre strålande spelarar i troppen. Kaptein Dusan Tadic er ein av dei beste i Æresdivisjonen, Filip Kostic var ein av dei beste spelarane i Europaligaen denne sesongen, Aleksandar Mitrovic har scora flest mål i meisterskapsserien si historie. Serbia har også trenar Dragan Stojkovic, mannen som endra alle dei negative tinga i laget vårt. Han har skapt eit lag, åtvarar ho.

Likevel trur ho kampen fort er viktigare for Noregs del enn for Serbia.

– Serbia og Noreg spelte alt for to år sidan ein interessant kamp i EM-kvaliken, men den gongen tapte vi på straffespark mot Skottland og gjekk ikkje vidare til meisterskapen. Men det var langt viktigare for det serbiske folket at landslaget gjekk til VM i Qatar. Serbia-trenar Dragan Stojkovic har sagt han vil vinne gruppa, men desse kampane i nasjonsligaen blir først og fremst førebuingar til VM, trur ho.

Kollega Milos Saranovic trur ikkje det blir den berømte serbiske stemninga på kampen. Han seier at tilskodartalet er spådd å bli rundt 15.000-20.000.

– Tradisjonelt sett er ikkje atmosfæren på landskampar like oppheta som når serbiske klubbar spelar store kampar, seier han.

  • Kampstart er 20.45 på Stadion Rajko Mitic i Beograd torsdag kveld. Kampen kan du som alltid høyre på NRK Sport på radio. Sendestart på NRK Sport er 20.30

Les også Solbakken ga serbisk journalist kontant svar: – Har du hørt om Haaland?

Y94bRCsLC0Q

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal