Målet kom 17 minutt etter pause som avslutning på eit godt angrep.Ole Jørgen Halvorsenn spela fint fri Patrick Mortensen som ikkje hadde vanskar med å setje ballen i mål.
Med ei scoring og to stolpeskot var Sarpsborg det beste laget, og alle poenga vart fortent igjen i Østfold.
Det gleda Sarpsborgs trenar Geir Bakke.
– Å gå inn i den minipausen vi skal ha med over to poeng i snitt hadde vi takka ja til ti av ti gonger, seier Bakke til NRK.
Han meiner sigeren var svært fortent.
– Dei har ikkje ein einaste sjanse, vi har åtte. Fire-fem av die er megastore, og vi skulle hatt to-tre mål til. Prestasjonen er god både offensivt og defensivt, og vi er gode på overgangar, seier Bakke.
– Må bruke pausen godt
Molde-trenaren var samd i at heimelaget skapte mest.
– Det var ein jamn kamp der dei hadde litt fleire sjansar og litt meir trøkk enn vi, men vi har ikkje det som skal til for å setje dei sjansane vi får, sa Molde-manager Ole Gunnar Solskjær til NRK.
Han hadde håpa på tre poeng for å halde fram klatringa mot toppen før serien tek ein pause på grunn av landskampar.
– Det gjekk ikkje, no må vi bruke landslagspausen godt. Vi har fleire skader og fekk to strekkar i dag også. No trneg vi nokre dagar frå kvarandre, så er vi i gang igjen. Landslagspausen kjem godt med, vi manglar ti mann som ikkje kunne vere med i dag. Det merkast.
– Men all ære til dei som spela. Dei stod skikkeleg på, dessverre heldt det ikkje inn.
Sarpsborg hadde overtaket og dei fleste av deisparsamee sjansane i første omgang. Den inneheldt eit par sjansar. Først blei både Moldes Stian Gregersen og Sarpsborgs Kristoffer Zachariassen liggande etter ein hovud-kollisjon, og begge måtte halde fram med kledelege bandasjar rundt hovudet.
Nokre minutt etterpå blei Jonas Lindberg lagt i bakken og måtte gå av bana med store smerter.
Også i andre omgang skapte Sarpsborg det meste. Men det blei med den eine scoringa.
I staden måtte Sander Svendsen mot slutten av omgangen hjelpast av bana med det som såg ut som store smerter.
Amin Askar til Sarpsborg
I pausen blei heimvende Armin Askar (31) presentert som ny Sarpsborg-spelar med kointrakt ut sesongen 2019. Hans kontrakt med tyrkiske Sanilurfaspor har gått ut. Askar har også tidlegare spela for Sarpsborg, i tillegg til Moss, Fredrikstad og Brann.
– Det kjennest bra og rett å vere tilbake i Sarpsborg 08. Då eg bestemte meg for å kome heim til Norge kjendest 08 naturleg. Det er ein plass eg har gode minne frå, seier Askar til klubbens nettside.