Hopp til innhold

Sandvolley-spelarens dramatiske døgn: Sov på rom med framande og fotfølgt av politi

Emilie Olimstad si reise til sandvolleyballturneringa i Marrakech blei alt anna enn forventa. No er ho glad for at ho skal heim.

Emilie Olimstad

DRAMATISK: – Det har ikkje vore heilt optimalt å vere blond og aleine her, seier Emilie Olimstad om hennar to siste døgn på flyplassen i Marrakech.

Foto: PRIVAT

Sandvolleyballspelar Emilie Olimstad og kollega Sunniva Helland-Hansen har hatt nokre dramatiske døgn.

Duoen skulle nemleg fly frå treningssamlinga i Portugal til Marokko, og delta på Challenger-turneringa i Agadir, men den tanken stoppa allereie i passkontrollen på flyplassen i Marrakech.

Det enda med tap av potensielt verdifulle poeng på vegen til OL, og ei natt med framande.

– Sjølvsagt er dette kjempesurt og kjedeleg. Eg er veldig skuffa over situasjonen, men samstundes er det berre meg sjølv eg kan skulde på, for at eg sit i denne situasjonen her, seier Emilie Olimstad til NRK, som nettopp har vore stranda på flyplassen i Marrakech i Marokko i to døgn.

– Tryggare å ha nokon der

Olimstad hadde nemleg klart å kome seg på flyet frå Portugal utan å syne fram passet. Då ho landa i Marrakech og skulle gjennom passkontrollen, oppdaga ho at det var mista, og ho kom seg ikkje frå staden.

Utan passet, kom ikkje Olimstad seg inn i landet.

Difor valte Helland-Hansen å fly heim att til Noreg, medan Olimstad var att og prøvde å løyse passproblemet.

Den norske ambassaden blei kontakta, men Olimstad kunne ikkje få naudpass utan å fysisk besøke ambassaden. Og det kunne ho sjølvsagt ikkje gjere, då ho ikkje kom seg inn i landet.

2018 Youth Olympic Games, Day 11

SATSAR: Olimstad og Helland-Hansen er ranka som nummer ni, og turneringa i Agadir var ein viktig turnering for å få fleire poeng og betre ranking.

Foto: IVO GONZALEZ FOR OIS / HANDOUT IOC

Difor blei Olimstad ført til transitt-området på flyplassen, og deretter vist til eit rom der ho kunne sove.

– Eg fekk eit rom med ei anna dame som hadde to born, som eg måtte dele seng med. Mor var oppgitt med ein gong, men vi måtte berre gjere det beste ut av det. Det var tryggare å ha nokon der, enn å vere heilt aleine, seier Olimstad.

– Du kjende deg utrygg?

– Det var berre ei dør der, som du ikkje kunne låse, og det kom politi inn heile tida som ikkje snakka engelsk. Dei rista berre på hovudet då eg spurde om hjelp, seier Olimstad.

Natt til fredag blei òg budd på flyplassen, men då utan nokon stad å sove.

– Då sov eg kanskje i ein time, seier ho vidare.

Les også Avslører tårevått OL-drama: – Eg synest det her er heilt grufullt

Sommer-OL i Tokyo 2021

Fann ein løysning

Då NRK kontakta Olimstad fredag, hadde sandvolleyballspelaren omsider komme seg på eit fly tilbake til Portugal. Ho landa fredag føremiddag.

– Då blei eg følgt av politi heile vegen, og tatt imot av nokon som skulle få meg gjennom passkontrollen. Då sa dei at eg aldri måtte reise til Marokko som blond og aleine, seier ho.

Politieskorten til Emilie Olimstad.

FØLGJE: Her er politiet som Olimstad måtte ta følgje med.

Foto: PRIVAT

Den beskjeden fekk ho også av ein annan reisande på flyplassen i Marrakech.

Fredag kveld skal Olimstad fly heim til Noreg. Passet er funnen og blir med heim.

– Eg har det heilt greitt no. Viss eg skal klage, så har eg veldig lyst til å ta ein dusj. Eg er veldig glad for at eg skal heim no, seier ho.

Challenger-turneringa som duoen i utgangspunktet skulle delta i, var viktig med tanke på å skaffe gode poeng opp mot OL-kvalifiseringa til Paris i 2024, som startar i oktober.

– Det var mange lag som ikkje kunne stille på denne turneringa, så det er veldig dumt at vi ikkje får moglegheita til å gjere det. Det var nok det kjedelegaste, at det rauk, seier ho.

Ho får støtte av lagvenninna.

– Vi får verkeleg kjenne på at det bikkar imot. No skal det bli godt å puste litt før vi angrip igjen saman, skriv Helland-Hansen på sin Instagram-profil.

Les også Ringes ned av folk som vil betale trusebot – men forbundet sier nei takk

I SHORTS: De norske kvinnene droppet trusa i EMs siste kamp. Skjermdump med tillatelse fra Viasport.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal