Hopp til innhold

Avslører tårevått OL-drama: – Eg synest det her er heilt grufullt

Samtidig som «heile» Noreg forventa at Anders Mol og Christian Sørum skulle ta OL-gull i sandvolleyball, byrja presset og prestasjonane å tære på sjølvkjensla. No opnar duoen opp om det tårevåte møtet som endra historia om Tokyo-OL.

Sommer-OL i Tokyo 2021

VAR LANGT NEDE: Anders Mol og Christian Sørum opnar opp om de uventa hindringane som møtte dei undervegs i ferda mot OL-gull i Tokyo.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Eg grein jo. Vi hadde ei oppsummering etter Spania-kampen og eg var heilt ifrå meg. Det var så tungt å ikkje kunne prestere på sitt beste når det gjaldt som mest, så eg måtte berre sei det: Eg synest det her er heilt grufullt, fortel Anders Mol om vendepunktet i OL.

Saman med makkeren Christian Sørum ser han tilbake på året der dei festa sin posisjon som verdas beste sandvolleyballspelarar, og ikkje minst på OL-gullet i Tokyo.

Men historia kunne fort ha vore ein helt annan.

Det kunne vore ei om å bli skuffa og forspelte mogelegheiter. Men i staden er det den om korleis Mol og Sørum overvann ein rekke uventa hindringar og tok Noregs første OL-gull i sandvolleyball.

Mol og Sørum OL-gullfeiring

FEIRA: Mol og Sørum kastar seg om kvarandre etter at OL-gullet var sikra.

Foto: ANGELA WEISS / AFP

– Vi kom ikkje inn i OL med ein kjempegod sjølvkjensle. Vi visste at toppnivået vårt var høgt, men vi hadde ikkje prestert på toppnivå sidan mars 2021, seier Mol openhjartig og held fram:

– Dei siste tre turneringane før OL underpresterte vi veldig, og sjølv om ting blei litt betre, dalte sjølvkjensla. Eg byrja å tvile. Vi følte oss ikkje som det beste laget lenger.

Kjensla skildrar dei som ukjend etter over to år som verdseinarar, men da det store målet de siste fire-fem årene nærma seg, måtte dei trekke i nødbremsa.

Etter turneringa i Ostrava i juni tok dei seg ein lang pause for å hente seg inn mentalt.

– Vi følte oss utslitne av ein eller annan grunn. Det var ikkje på grunn av trening, men det var karantene og det å ikkje ha moglegheita til å treffe vener og familie. Du er i ei boble heile tida som du ikkje kan kome ut av. Det var veldig klaustrofobisk. Det kvelte oss litt, fortel Mol.

Tokyo 2020 Olympics, day 5, Beach Volleyball, Norway - ROC

TOK LANG PAUSE: Duoen måtte trekke i nødbremsa berre to månader før leikane i Tokyo.

Foto: JON OLAV NESVOLD / BILDBYRÅN

Tok to lange pausar like før OL

Duoen begynte å kjenne på ein type stress. Vissa om at forma ikkje var der den burde vere, berre kort tid før OL, beit seg fast på hjerneborken.

– Ein blir jo usikker. Ting har gått veldig på automatikk lenge, men plutseleg kjennest det som om vi såg kampen frå utsida. Vi følte ikkje at vi var ein del av spelet. Det var veldig spesielt og vi måtte nullstille. Vi tenkte mykje, det var berg-og-dalbane i hovudet. Trua på oss sjølv gjekk veldig opp og ned, forklarer Sørum.

Saman med resten av teamet i «Beachvolley vikings» hadde dei fleire møte om kva dei skulle gjere for å finne tilbake til godkjensla før OL.

Løysinga blei to veker kvar for seg heime i Strandvik og på Rælingen for å ta ein pust i bakken og heller gjere lystprega ting enn å legge seg i hardtrening.

– Eg trur det var veldig bra at vi klarte å vere ærlege med teamet. Inn mot eit OL er det lett å overtrena seg og bli mentalt sliten før meisterskapen har byrja. Men vi tenkte det var betre å roe ned. Vi stressa ikkje og hadde to rolege periodar med under to månader igjen til OL. Eg trur ikkje veldig mange køyrer den strategien, seier Sørum og tittar bort på lagkameraten.

– Vi høyrde at mange av dei andre laga hadde vore på hardtrening i Florida for å akklimatisere seg litt. Det var veldig store kontrastar i korleis vi lada opp til OL, men det var riktig for oss å gjere det og få ein pust i bakken før alvoret skulle komme. Det kom fort nok da vi reiste ned til Tokyo, supplerer Mol.

Følte presset tok kvelartak

Der venta ei sveltefôra norsk presse og «heile» det norske folk rekna nesten med at duoen skulle ta OL-gullet etter å ha leia verdsrankinga i to år.

– Du føler veldig på det presset. Spesielt når vi har blitt «hypa» opp i nesten to år som dei største medaljekandidatane til Noreg. Før kunne vi feie vekk litt av det, men da vi kom ned dit tok det litt kvelartak på oss, innrømmer Mol.

– Vi visste vi var i dårleg form og måtte jobbe med det, mens for dei utanfrå var vi framleis favorittar. Dei tre siste turneringane hadde ingenting å seie for dei, legg Sørum til.

Starten i Tokyo blei også turbulent og oppladinga på japansk jord blei amputert. Grunna korona hos sparring-partner USA fekk ikkje Mol og Sørum trent med nokon før dagen innan opningskampen.

Det gjekk så som så.

– Vi blei pissa på. Det var så flaut, seier Mol om treninga som blei følgd av media.

Mol og Sørum mot Spania

OPPGITT: Trass i smila etter sigeren mot Spania var duoen oppgitt over svake prestasjonar.

Foto: ANGELA WEISS / AFP

Gråt i kjensleladd møte

Første kampen mot Australia enda med siger, trass i det dei skildrar som ein krampeaktig kamp. Også mot Spania i den andre kampen blei det siger, men da tok håpløysa, stresset og presset over.

Alt kulminerte i eit møte etter kampen.

– Eg var så oppgitt over at eg ikkje klarte å prestere så godt som eg hadde forventa og håpa i dei første kampane. Alt verka så vanskeleg. Alt var vanskeleg, eg måtte tenke på korleis eg skulle ta tilløpet mitt. Ting gjekk ikkje på automatikk lenger og det har det alltid gjort. Når du byrjar å tenke for mykje er ikkje det bra, fortel Mol som kalla inn til eit møte for å lufte kjenslene sine.

Det var her tårene kom og orda i starten av artikkelen falt:

– Eg grein jo. Eg var heilt ifrå meg. Det var så tungt å ikkje kunne prestere på sitt beste når det gjaldt som mest, så eg måtte berre si det: Eg synest det her er helt grufullt, fortel Mol.

I desperasjonen gjekk vestlendingen ut i ein park for å meditere.

– Eg sat meg på ein benk og prøvde å tenke tilbake til to-tre år sidan da det var bra. Det er sjukt å gjere, men eg er glad eg gjorde det. Eg trur ikkje vi hadde klart å komme oss til finalen om eg ikkje hadde gått i meg sjølv og vi ikkje hadde opna oss opp rundt bordet. Det var ikkje gøy midt i der. Men det er store kontrastar, å gå frå det til å vinne heile driten, reflekterer Mol om det som blei vendepunktet i OL.

– Godt å motbevise all tvil

Duoen endra tankegang til at det som er vanskeleg for dei, også er vanskeleg for dei andre. Samstundes byrja dei å overdrive gleda ved kvart vesle glimt av håp. Sakte, men sikkert blei spelet betre trass i tap mot Russland i siste gruppespelkamp.

Og mot Nederland i åttedelsfinalen var endeleg godkjensla tilbake.

– Akkurat den kampen var ein av dei kjekkaste i OL. Det var veldig godt å motbevise all tvil, ikkje berre hos folket, men hos oss sjølv også, mimrar Mol.

Derifrå gjekk det berre betre og betre og til slutt kunne duoen kaste seg i sanden og feire OL-gullet.

Men at det enda slik er dei heilt einige om at skuldast ærlegheit med seg sjølv og kvarandre på det tårevåte møtet etter Spania-kampen.

– Den kommunikasjonen er veldig viktig. Det er aldri nokon tvil om at vi er på bana saman og jobbar som et lag. Om Christian hadde byrja å tvile på meg hadde det aldri gått. Eg er glad eg har ein god makker som kan stå i både oppturar og nedturar med meg, laget og trenarane våre, avsluttar Mol.

Sportsnyheter

Bayern München raste 12 minutter på overtid – hevder dommeren innrømte feil

Nesten tretten minutter på overtid satte Bayern München ballen i mål, men dommeren blåste av for offside like før. Det skaper reaksjoner.

Siste nytt

  • Atlético Madrid fikk opphevet rasismestraff

    Den spanske fotballklubben Atletico Madrid slipper å delvis stenge egen arena samt betale en bot for rasistisk oppførsel av egne supportere.

    Torsdag valgte Det spanske fotballforbundet å godta anken Atletico hadde inngitt mot straffen klubben ble ilagt for en tid tilbake. Til grunn for sanksjonene lå rasisme rettet mot Athletic Bilbao-vingen Nico Williams.

    Atletico ble opprinnelig beordret til å delvis stenge egen hjemmearena i to La Liga-kamper, samt betale en større bot, for Williams-episodene. Vingen skal ha blitt møtt med apelyder under en kamp i forrige måned.

    Forbundet peker på Atleticos «aktive samarbeid» som grunn til at straffen nå legges bort. (NTB)

    84_5MnFD41w
    Foto: Reuters
  • Lahti får «låne» den klassiske Kollen-femmila – første gang på 40 år

    Det blir ingen prestisjefylt Kollen-femmil for langrennsstjernene i 2025. I stedet får Lahti arrangere en 50 kilometer i verdenscupen to uker etter VM i Granåsen.

    Det ble endelig vedtatt på denne ukens møte i langrennskomiteen i Det internasjonale ski- og snowboardforbundet (FIS) i slovenske Portoroz.

    Verdenscuprennene i langrenn i Holmenkollen neste sesong legges til 15. og 16. mars. Det er helgen etter at VM i Trondheim er avsluttet. I stedet for femmil blir det distanserenn over 10 og 20 kilometer.

    Årsaken er at mesterskapet i Granåsen avsluttes med femmil for begge kjønn. Med det som bakteppe har langrennstoppene i FIS besluttet at det ikke vil være fornuftig med en ny femmil kun én uke etter i Holmenkollen.

    I stedet er det funnet plass til distansen når sirkuset forflytter seg videre til Lahti to uker etter VM. Femmila i Lahti går dermed søndag 23. mars.

    (NTB)

    jm3C-4cNNLY
    Foto: NTB
  • VIF-talent (19) må trolig legge opp

    En alvorlig kneskade tvinger trolig Vålerenga-spiller Jacob Dicko Eng (19) til å avslutte fotbalkarrieren langt tidligere enn han hadde tenkt.

    Oslo-klubben opplyser om den kjedelige situasjonen i sine kanaler torsdag.

    I oktober i fjor pådro Eng seg en alvorlig kneskade mot Fram Larvik i 2. divisjon. Legene ga beskjed om at det var 50 prosent sjanse for at han ville komme tilbake som fotballspiller.

    Til tross for operasjon og iherdig opptrening ble det etter undersøkelser denne uka klart at Jacob fortsatt har en veldig lang vei å gå. Sjansene for comeback er små, melder Vålerenga.

    (NTB)

    Jacob Dicko Eng
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal