Hopp til innhold

Knallhardt ut mot VM-arrangør: – Det er eit idiotisk påfunn

På siste dag av VM i Calgary har arrangøren sett opp den lengste distansen fyrst, før ei mykje kortare øving kjem berre timar etterpå. Det får Noregs løparar til å lange ut.

Eitrem Rykkje

IKKJE FORNØGDE: Både Sander Eitrem (venstre) og trenar Bjarne Rykkje (høgre) rister på hovudet av programmet i VM. 

Foto: Geir Olsen/Hans Solbakken / NTB/NRK

Eg vil seie at det berre er idiotisk, ja. Det er berre å byte tilbake, så er problemet løyst, seier Sander Eitrem til NRK.

– Eg synest det er tåpeleg, seier Hallgeir Engebråten.

På søndag skal dei begge gå både 10.000 meter og 1500 meter i VM. At det er 10.000-meteren og 5000-meteren for kvinnene som kjem fyrst på dagen, har skapt stor frustrasjon i det norske landslaget.

– Det er sjølvsagt ikkje bra for skøyter. Det er mange land som ikkje liker det, seier landslagstrenar Bjarne Rykkje, og fortset:

– Eg er einig med utøvarane. Det er eit idiotisk påfunn.

Eitrem: Restitusjonen kan ta ein dag eller to

22 år gamle Eitrem, som tok bronsen på 5000-meteren på torsdag, seier han har vurdert å trekke seg frå éin av dei to distansane søndag, og meiner det heile er «utruleg øydeleggande».

– Du stiller jo på start og har allereie gått 25 rundar og har ikkje att noko krut i beina. Dei som har gått «ti-ern» og skal gå 1500 kjem til å bli litt prega, seier han, og korrigerer seg sjølv til ganske prega.

– 10.000 er den verste distansen. Det gjer vondt tidleg og du må berre kjempe på. Du kan jo bruke ganske lang tid på å restituere deg. Det kan ta ein dag eller to. Og at ein da skal gå 1500 to timar etterpå ... Det blir beinhardt, konstaterer Eitrem.

Sander Eitrem

KLAR BESKJED: Sander Eitrem tok den fyrste norske medaljen i enkeltdistanse-VM-et i år. Søndag får han to nye moglegheiter, men han er ikkje fornøgd med programmet. Her saman med Edel Therese Høiseth under EM i fjor.

Foto: Christoffer Andersen / NTB

Engebråten seier han aldri har gått ein 1500 meter like etter ein 10.000 meter, slik programmet er i Calgary.

– Men eg har gått «ti-ern» ein del gonger. Viss du får ei vond oppleving der, så har du ikkje lyst til å gjere så mykje anna enn å prøve å overleve den neste timen, seier han og samanfattar at toppfarten uansett vil vere borte.

Også for Ragne Wiklund blir det ei uvand rekkefølge på dei to distansane som utøvarane elles er vande med å gå på siste dag i ein allround-meisterskap.

– Det har eg tenkt mykje på og eg har vore veldig irritert på akkurat det. Men nå som forma er som ho er nå, så trur eg at eg er betre på 5000 enn 1500 meter, seier Wiklund, som har slite med sjukdom og ein ryggskade i år.

– Da prioriterer eg 5000 utan å måtte ta eit val. Men viss eg skulle gått 1500 meter fyrst, så måtte eg kanskje tatt eit val da, nå som forma ikkje er heilt topp, seier ho vidare.

Ragne Wiklund

SER DET POSITIVE: Ragne Wiklund opna VM med ein femteplass på 3000 meter.

Foto: NTB

Spurde om endring

Den norske lagleiaren, Edel Therese Høiseth, seier dei allereie i november spurde Det internasjonale skøyteforbundet (ISU) om å gjere om på rekkefølga.

– Eg sende ei melding til ISUs tekniske komité om det var mogleg å endre rekkefølga, men da var det allereie køyrt, seier ho,

– Kvifor var det allereie køyrt?

– Dei meinte at arrangøren her i Calgary ønskte å ha det slik. Forklaringa eg fekk var at publikum lettare ville vere igjen i hallen med ein 1500 på slutten av dagen enn ein 10.000 meter eller 5000 meter, forklarer Høiseth.

Edel Therese Høiseth

VILLE HA ENDRING: Edel Therese Høiseth prøvde å få snudd på programmet, men nådde ikkje fram. Den norske «trøysta» er at det er det norske forbundet som styrer neste år, med VM i Vikingskipet.

Foto: NTB

Pressesjefen for VM og det canadiske skøyteforbundet, Alain Brouilette, bekreftar i eit svar til NRK at det canadiske forbundet bad ISU om å ha 5000 meter for kvinnene og 10.000 meter for mennene som dei fyrste distansane på søndag.

– Det blei gjort for å auke billettsalet og sikre at tilskodarane ville bli verande på tribunen gjennom heile konkurransedagen. Førespurnaden blei akseptert av ISU og ISUs tekniske komité for hurtigløp på skøyter.

Brouilette skriv vidare at det vart informert om programmet i november for å unngå at det kom som ei overrasking på nokon.

– Det har alltid vore fleksibilitet i programma til ISU-konkurransar. Eit eksempel er det nylege fire-kontinents-meisterskapen (meisterskap med deltakarar frå Asia, Afrika, Nord- og Sør-Amerika) i Salt Lake City, der lagøvingane kom før dei individuelle distansane.

Skøyteløper Sofie Karoline Haugen

Var redd for å seie frå om eteforstyrring: – Vanskeleg å innrømme for seg sjølv

– Nesten umogleg

I tillegg til dei tre nemnde nordmennene, er det også fleire utanlandske løparar som planlegg å gå to løp søndag. Blant dei er nederlendarane Joy Beune og Patrick Roest, canadiaren Valérie Maltais og belgiaren Bart Swings.

– Eg er litt lei meg for at det ikkje er motsett. Da ville det vore likt som i ein allround-meisterskap. Nå er det litt dumt, for etter ein 10.000 meter, så er det nesten umogleg å gå ein god 1500 meter, seier Swings.

– Viss dei hadde bytt, så hadde det ikkje vore noko problem. Eg forstår det heller ikkje, seier han på spørsmål om han er einig i den norske kritikken.

Ein som derimot er relativt fornøgd med at 10.000-meteren kjem fyrst er Patrick Roest. Nederlendaren tok torsdag gull på 5000 meter for menn.

– I fjor var det omvendt. Da hoppa eg over 1500 meter for å gjere ein god 10.000 meter. For min del er eg nok betre på 10.000 meter, så eg kan fokusere på det og sjå korleis 1500-meteren går, seier han til NRK.

bronse lagsprint

Hundredelsdramatikk da Norge kjempet om medaljene

Men likevel har han også ting å plukke på VM-programmet.

– Eg synest uansett at det er ellevilt at dei to distansen går på same dag. Å ha dei på same dag bør ein ikkje gjere. Da bør ein heller ha ein fellesstart eller lagtempo den dagen, ikkje desse to på same dag, seier stjerneløparen.

Alle distansane frå VM kan du sjå i NRK TV og på NRK1 eller NRK2.

Siste nytt

  • Lewandowski-hat trick reddet Barcelona

    Barcelona var i trøbbel hjemme mot Valencia, men så slo Robert Lewandowski til og snudde 1-2 til 4-2.

    Polakkens måltrippel kom etter pause mot et Valencia-lag som spilte hele 2.-omgangen med ti mann.

    På to cornere stanget Lewandowski inn 2-2 og 3-2. Han toppet det hele med en utsøkt frisparkscoring på overtid.

    Hat tricket sendte spissveteranen opp i 16 mål i La Liga. Det er tre bak toppscorer Artem Dovbyk (Girona), mens Alexander Sørloth (Villarreal) og Jude Bellingham (Real Madrid) har 17.

    Fermin Lopez scoret kampens første, før Hugo Duro og Pepelu snudde for gjestene. Så ble Valencia-keeper Giorgi Mamardashvili utvist da han stoppet ballen med hendene utenfor boksen.

    Mot ti spillere fikk Lewandowski finere arbeidsforhold og snudde kampen.

    Med fem kamper igjen har Barcelona grepet om 2.-plassen. Laget er to poeng foran Catalonia-naboen Girona. Det skiller elleve poeng opp til Real Madrid på tabelltoppen. (NTB)

    Robert Lewandowski i 4-2-seieren mot Valencia
    Foto: Joan Monfort / AP
  • Vardy-dobbel ga Leicester-gull

    Jamie Vardy (37) dunket inn de to første målene da Leicester slo Preston 3-0 og ble seriemester på nivå to i engelsk fotball.

    Tittelen var i boks få dager etter at klubben rykket opp til toppdivisjonen uten å spille selv.

    Med sine 97 poeng kan ingen ta igjen Leicester på tabelltoppen i mesterskapsserien. Ligamesterskapet kom åtte år etter at blåtrøyene sensasjonelt vant Premier League.

    Som i 2015/16-sesongen har Vardy hatt viktige bidrag på veien. Mandag tok 37-åringen seg opp i 18 seriemål.

    Bak Leicester er det fortsatt spenning om den siste direkte opprykksplassen. Både Leeds og Ipswich har 90 poeng, men sistnevnte har én kamp mindre spilt.

    Lagene som ender på tredje- til sjetteplass skal spille om den siste av de tre opprykksplassene. (NTB)

    Jamie Vardy jubler for scoring mot Preston North End
    Foto: Nick Potts / AP
  • Thorsby med praktfull heading i storseier

    I sin første kamp fra start siden januar, startet Morten Thorsby Genoa-festen med et mesterlig hodestøt i 3-0-seieren over Cagliari.

    Thorsby startet sist mot Lecce 28. januar. Siden hadde det blitt fem innhopp og seks kamper på benken for nordmannen, før han mandag var tilbake i startoppstillingen mot Cagliari.

    Da tok det bare et drøyt kvarter før han steg til værs i feltet og headet ballen kontant ned i hjørnet.

    Det var sesongens andre scoring for Thorsby. Den første kom mot Roma i september i fjor.

    Et par nordiske scoringer til sørget for storseieren. Danske Morten Frendrup doblet ledelsen, før islandske Albert Gudmundsson fastsatte resultatet til 3–0.

    Genoa har allerede sikret plassen i det som er deres første sesong etter opprykket til Serie A. For to år siden rykket klubben ned etter 15 sammenhengene sesonger på toppnivå i Italia.

    Med fire serierunder igjen ligger Genoa på 12.-plass med 42 poeng. Verre er det for Cagliari på 32 poeng, kun tre poeng over nedrykksstreken.

    Morten Thorsby etter scoring mot Cagliari i Serie A
    Foto: Tano Pecoraro / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal