Hopp til innhold

Var redd for å seie frå om eteforstyrring: – Vanskeleg å innrømme for seg sjølv

For andre gong på få år fekk landslagsløpar Sofie Karoline Haugen konkurransenekt. No er ho på veg tilbake og opnar opp om bakgrunnen.

Skøyteløper Sofie Karoline Haugen

OPEN: Sofie Karoline Haugen tenkte lenge på om ho ville dele kvifor ho ikkje var til stades på NM i oktober. Til slutt meinte ho det var viktig å fortelje kvifor.

Foto: Brede B. Thomassen / NRK

– I sommar kom eg tilbake dit kvar eg mista kontrollen, seier Haugen til NRK.

For to år sidan byrja skøyteløparen å kjenne på eit anstrengt forhold til mat. Då måtte sesongstarten utsetjast for å få kontroll på problemet.

Sesongen som den gong inneheldt deltaking i OL måtte vere optimal. Da ho fekk ein kort konkurransenekt, måtte ho ta stilling til problemet. Haugen trudde då at ho hadde fått kontroll på kosthaldet.

I haust fekk ho igjen konkurransenekt.

– Eg synest det har vore veldig vanskeleg, fordi eg kjende meg veldig bra i sommar. Eg visste eg gjekk mykje ned i vekt, og visste at det ikkje var bra, seier Haugen.

Sofie Haugen pallplass

TOPPLØPAR: Haugen tok si førebels einaste individuelle pallplassering i verdscupen under fellesstarten i Salt Lake City i 2021. Ho har også ei rekkje NM-gull i karrieren.

Foto: Rick Bowmer / AP

Viktig å dele

Nyleg delte ho eit innlegg i sosiale medium der ho forklarte kvifor ho ikkje stilte til start i NM enkeltdistansar i Bjugn i slutten av oktober. Grunnen er at ho måtte finne «den rette balansen for kroppen hennar knytt til ernæring».

– Eg var usikker på om eg ville dele den ekte historia om kvifor eg ikkje stilte til start. Det ville vore enklare å seie eg var skadd, seier ho.

Personleg var det verste for 28-åringen at ho trudde ho hadde kontroll. Då det gjekk så langt at ho ikkje kunne konkurrere, var det rett tidspunkt å opne opp.

– Det har vore vanskeleg å innrømme for seg sjølv at det har vore eit problem. Eg har tenkt at eg hadde full kontroll. Da det gjekk så langt at eg ikkje kunne konkurrere, så tenkte eg at eg måtte ta i mot all hjelpen eg kunne få og dele dette.

Redsel og skam

Haugen fortel at ho i det siste har vore igjennom eit hav av kjensler. Sidan i sommar har det vore mykje opp og ned.

– I den perioden var eg redd for å be om hjelp. Fordi eg var redd nokon ville stoppe meg. Eg tenkte at viss eg bad om hjelp, så ville eg kanskje ikkje få trene som eg ville, og få vere med på samling, seier ho vidare.

– Eg gjekk i ein modus kor eg prøvde å rettferdiggjere for meg sjølv at dette ikkje var så ille. Når eg først innsåg det, var eg redd for å føle på alle dei kjenslene eg har kjent på nå, seier ho.

På et tidspunkt tenkte ho på å slutte med skøyter, men konklusjonane vart at det anstrengde forholdet til mat framleis ville vore der.

– Eg kjente på det at dersom eg sluttar med skøyter, vil problemet fortsette å følge meg. Da innsåg eg at det hadde gått for langt, seier ho.

Konkurransenekt

I etterkant føler ho på skyld for at ho har sat seg i den situasjonen som enda med enda ein konkurransenekt frå Olympiatoppen og landslaget.

– Man føler seg dum og eg har vore litt dum. Man må gå i seg sjølv å innrømme at det er et større problem enn det eg har gitt inntrykk av, seier Haugen.

Ho seier at ho inst inne veit at ho har prestert best når ho har vore litt tyngre. Likevel fortsette 28-åringen å gå ned i vekt.

– Det gir ikkje meining fordi eg held på med skøyting som ikkje er ein vektidrett.

Vidare fortel ho om skamma ho kjende over å ha falle tilbake til det gamle mønsteret. Spesielt fordi ho sjølv har hatt eit ansvar med å kontrollere at ho har vore i ferd med å friskne til.

– For min eigen del var det eit nederlag fordi eg har vore der før, og fekk mykje skryt for måten eg har jobba på då. Eg var redd eg hadde skuffa lagkameratar, trenarar og familie, seier ho.

7GnIb1SOBL8

USIKKER: Ho er usikker på når ho er tilbake på skøyteisen for fullt. Personleg håpar ho å kunne delta denne sesongen.

Foto: NTB

– Veldig viktig

Haugen har gjennom heile prosessen vore ærleg med lagvenninnene om situasjonen ho står i.

– Da eg først fekk vite at eg ikkje fekk konkurrere tidlegare i haust, fortalde eg lagvenninne mine det med ein gong, seier Haugen.

Det set lagvenninne Ragne Wiklund stor pris på.

Sofie Karoline Haugen og Ragne Wiklund på pallen sammen under NM i 2023

STÅR SAMAN: Ragne Wiklund (t.h) seier lagvenninnene støttar Sofie Karoline Haugen (til venstre) i situasjonen ho står i.

Foto: Carina Johansen / NTB

– Ho har slite med det før, og det at ho er opne om det er veldig viktig. Både for hennar del og for å vise yngre at dette er vegen å gå, seier ho.

– Kva betyr denne openheita for laget?

Eg trur det er fint at det ikkje er noko ein går rundt og prøver å skjule. Det kjem det i alle fall ikkje noko godt ut av. Vi er eit lag med sterkt samhald. Vi kjenner kvarandre godt, så sjølv om vi står støtt saman uansett, så er det fint at ho er open med dei rundt, svarer Wiklund.

Les også Tordner mot VM-arrangør: – Forferdet og dypt trist

ddddw

Mål om verdscupen i Stavanger

Haugen stod i oktober over både den første runden i Noregscupen og NM enkeltdistansar. Den første helga i november var ho tilbake i konkurranse.

Då gjekk ho ein 3000 meter under Noregscup-runden i Stavanger. På same stad håpar ho at ho får gå i verdscupen den første helga i desember.

Ho er allereie frå førre sesong klart kvalifiseringskravet på 5000 meter, som står på programmet i Stavanger.

Verdscuprunden i Stavanger er den tredje for sesongen, etter at det starta i japanske Obihiro førre helg.

– Det er sårt å sjå på at dei andre går verdscup. Viss eg gjer ein god jobb no, så kan eg rekke verdscupen i år. Det er målet mitt, seier Haugen.

Flere av Norges største vinterstjerner jubler. Ragnhild Mowinckel (fra venstre), Halvor Egner Granerud, Jarl Magnus Riiber, Ingrid Landmark Tandrevold og Johannes Høsflot Klæbo

Vintersport 2023/2024: Program for langrenn, skiskyting, hopp, alpint, kombinert og skøyter

Siste nytt

  • Suárez vant «gullballen» i Brasil

    Luis Suárez mottok prisen som årets spiller i den brasilianske toppdivisjonen. Han scoret 17 ligamål for Gremio denne sesongen.

    Den tidligere Atletico Madrid-, Liverpool- og Barcelona-spilleren ble kåret til årets spiller under en prisutdeling torsdag kveld. Han mottok også prisen for årets spiss i Brasil.

    Suárez signerte i utgangspunktet en toårskontrakt med Gremio, men spissveteranen har allerede kunngjort at han gir seg i klubben. 36-åringen har vært linket til Lionel Messis klubb Inter Miami, men har selv ikke ønsket å kommentere ryktene.

    – Jeg elsker dette livet, men det er tøft å våkne i smerter hver eneste dag. Jeg ønsker å fortsette, men jeg vet ikke helt hva som skjer, sa Suárez til nyhetsbyrået AFP etter kampen.

    (©NTB)

    I7ptXtq2vgg
    Foto: AFP
  • LeBron James herjet med Pelicans – sendte Lakers til finale i NBA Cup

    LeBron James bidro sterkt for Los Angeles Lakers da laget tok seg til finalen i «ligacupen» i NBA. New Orleans Pelicans ble knust 133-89 i semifinalen.

    NBA Cup er en nyvinning i NBA denne sesongen.

    Stjernespilleren LeBron James senket totalt 30 poeng i kurven på de første tre periodene mot Pelicans. 38-åringen og flere andre nøkkelspillere ble deretter hvilt i den siste perioden da Lakers hadde full kontroll på kampen.

    Det skilte 44 poeng mellom lagene da sluttsignalet gikk.

    I den andre semifinalen vant Indiana Pacers overraskende 128-119 over Milwaukee Bucks. Finalen spills i Las Vegas natt til søndag.

    (©NTB)

    lebron james
    Foto: AP
  • Vancouver Canucks stoppet Zuccarello og Wild – tapte for første gang under ny trener

    Mats Zuccarello og Minnesota Wild tapte 0-2 mot Vancouver Canucks i NHL natt til fredag. Dermed stoppet nordmannens lag på fire strake seire.

    Wild var inne i en god trend og hadde kun vunnet under lagets nye trener John Hynes. 48-åringen ble hentet inn etter at Zuccarrellos lag hadde tapt sju strake kamper og valgte å sparke sin forrige trener Dean Evason.

    Svenske Nils Holander sendte imidlertid Canucks i føringen med drøyt to minutter igjen av 1. periode, før Teddy Blueger doblet ledelsen i starten av siste periode.

    Zuccarello hadde sikret seg målpoeng i ti strake kamper, men det klaffet ikke foran mål i kampen mot Canucks. Forrige kamp mot Calgary Flames noterte Oslo-mannen seg for sitt 600. målpoeng i NHLs grunnspill.

    Zuccarello står med seks mål og 21 assists på 24 kamper for Wild denne sesongen.

    (©NTB)

    Mats Zuccarello for Minnesota Wild
    Foto: SEAN M. HAFFEY / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal