Hopp til innhold

Sævik er ei av ni som kan gi landslagsopptur

Tidlegare landslagssjef meiner utviklinga er naturleg, på linje med den som har skjedd på herresida i mange tiår.

Karina Sævik

SIST I REKKA: Landslagsstjerna Karina Sævik (23) er den niande norske spelaren som går til ein europeisk storklubb i sommar. Det blei klart i går.

Foto: Paris Saint-Germain

– Det er sjølvsagt godt for det norske landslaget, seier Even Pellerud. Han var sjølv landslagssjef i to periodar, og førte laget til VM-gull i 1995.

Pellerud gav seg etter VM i 2015. I det meisterskapet spurde NRK dei 23 spelarane i troppen om dei kunne tenke seg utanlandsopphald om dei fekk sjansen. Nesten alle sa nei. Berre tre var i utanlandske klubbar på den tid.

Norges VM-tropp kvinner fotball

GOD UTVIKLING: Fleire norske kvinner enn nokon gong er i klubbar i dei største fotballnasjonane, og det vil landslaget tene på

Foto: Loic Venance / AFP

I dag er situasjonen ein heilt annan. Dei beste norske spelarane er ettertrakta som berre det av gode utanlandske proffklubbar. Ni spelarar har skifta klubb sidan VM i juni-juli:

  • Caroline Graham Hansen, Wolfsburg til Barcelona
  • Stine Hovland, frå Sandviken til Milan
  • Guro Reiten, frå LSK til Chelsea
  • Andrine Hegerberg, frå PSG til Roma
  • Karina Sævik, frå Kolbotn til PSG
  • Kristine Leine, frå Røa til Reading
  • Ingrid Syrstad Engen, frå LSK til Wolfsburg
  • Cecilie Redisch Kvamme, frå Sandviken til West Ham
  • Amalie Eikeland, frå Sandviken til Reading

– Heilt naturleg

Even Pellerud

POSITIV: Tidlegare landslagssjef Even Pellerud trur vi vil få sjå ei utvikling i retning av fleire klubbar med spelarar frå mange land – også Noreg.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Med betre økonomi og større klubbsatsing på kvinnene er det heilt naturleg, meiner Pellerud.

– På klubbsida har det skjedd ei stor utvikling i Europa, med meir pengar i dei store herreklubbane som kvinnesatsinga har blitt ein del av. Kombinert med stor medieeksponering har også fokuseringa på kvinnefotballen derfor endra seg mykje på få år.

Pellerud trur vi vil få sjå ei utvikling i retning av fleire klubbar med spelarar frå mange land – også Noreg.

– Landslaget vil tene mykje på det, det er det ingen tvil om. Både trening og kampklima på høgare nivå gir den enkelte spelar betre utvikling.

– England i ferd med å få den beste ligaen

Tidlegare landslagsspelar Ingvild Isaksen trur også utviklinga gjer godt for landslaget.

– Det er godt at dei beste kjem til proffklubbar der det meste er tilrettelagt, og der ein kan leve av å spele fotball. Det vil kome landslaget til gode, seier Ingvild Isaksen.

Ho spela sjølv i Juventus og blei seriemeister i 2018. Ho trur vi berre ser starten på denne utviklinga.

– Der du for berre få år sidan hadde berre eit fåtal klubbar, er det no mange fleire som satsar. I Italia var det berre Juventus, no satsar også AC Milan, Inter og Roma på kvinnene. Den same utviklinga er vi i Tyskland og Spania. Men det spørst om ikkje England er i ferd med å bli den beste ligaen i Europa, seier Isaksen.

Men for Toppserien er utviklinga ei utfordring.

– Det er ikkje nødvendigvis positivt for alle unge å reise ut, det er også nødvendig å jobbe for betre vilkår her heime. I dag er det ofte vanskeleg å kombinere jobb/skule og fotball. NFF jobbar med å betre på det, men eg er nok redd for at dei beste framleis må ut, seier Ingvild Isaksen.

Siste nytt

  • Nyland bekrefter kontraktsforhandlinger med Sevilla

    Landslagskeeper Ørjan Håskjold Nyland stortrives i sin spanske klubb Sevilla, og forteller at han allerede er i forhandlinger for å forlenge kontrakten.

    – Vi har hatt en fin samtale den siste tiden. Det ser bra ut, så får vi se hvordan det går de neste ukene, sier Nyland til NRK.

    33-åringen signerte en toårskontrakt med Sevilla i fjor sommer, og har stort sett blitt foretrukket som førstekeeper foran Marko Dmitrović.

    Totalt har Nyland stått 19 kamper for La Liga-klubben i alle turneringer.

    – Det hadde vært fint å fortsette der. Det er en kjekk tid. Det er et fint sted å være og utvikle seg. Jeg føler at den siste tiden så har jeg fått vise det på banen, sier Nyland og fortsetter:

    – Jeg har levert stabilt og godt, og vært med å ta en del poeng som har vært viktig for oss.

    Ørjan Håskjold Nyland mot Real Madrid
    Foto: VIOLETA SANTOS MOURA / Reuters
  • Sabalenkas kjæreste bekreftet død: – Må han hvile i fred

    Den tidligere NHL-spilleren Konstantin Koltsov har gått bort. Det bekreftes av det belarusiske ishockeyforbundet.

    Koltsov var også kjæresten til verdenstoer i tennis, Aryna Sabalenka.

    I en kort uttalelse skrev forbundet at Koltsov «døde plutselig», uten å si hvordan eller hvor han gikk bort.

    «Vi er i sorg. Det belarusiske hockeyforbundet uttrykker sin dypeste medfølelse til familien, venner og alle som kjente og jobbet med Konstantin», heter det i uttalelsen.

    Koltsov spilte tre sesonger i NHL med klubben Pittsburgh Penguins, samt i to OL med det belarusiske landslaget.

    I tillegg til sin spillerkarriere, var Koltsov også trener for KHL-klubben Salavat Yulayev Ufa og det belarusiske landslaget.

    «Han var en sterk og positiv person, han var elsket og respektert av spillere, kolleger og supportere. Må han hvile i fred,» skriver Salavat Julajev Ufa i en uttalelse.

    Konstantin Koltsov ble 42 år gammel.

    Aryna Sabalenka
    Foto: AP
  • Messi-fans får 50 prosent refusjon etter Hongkong-fiaskoen

    Fans som kjøpte billetter for å se Lionel Messi i Hongkong får tilbakebetalt 50 prosent av billettprisen etter at argentineren mistet treningskampen.

    Det er riktignok kun så lenge de ikke iverksetter rettslige skritt mot arrangøren.

    Et utsolgt stadion betalte fra 880 Hongkong-dollar (1200 norske kroner) for å se den åttedobbelte gullballvinneren i aksjon 4. februar. Da ble det spilt en treningskampen mellom Inter Miami mot en utvalgt Hongkong XI.

    Reaksjonene var sterke da Messi ble sittende på benken gjennom hele kampen på grunn av en skade.

    Det ble ikke bedre da han tre dager senere spilte en halvtime da laget hans møtte japanske Vissel Kobe i Tokyo. Da kom anklagene om at Messis «no show» i Hongkong var rettet mot Kina.

    Arrangør Tatler Asia tilbød mandag 50 prosent refusjon for «de som kjøpte billetter gjennom offisielle kanaler til kampen».

    De som vil ha noen av pengene tilbake, må godta vilkår og betingelser som inkluderer at de ikke kan ta rettslige skritt mot arrangøren.

    Messi på benken under kampen i Hongkong
    Foto: AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal