I Trondheim sat Rosenborg og venta på sluttsignalet. Det stod 1-1 mellom Vålerenga og Molde i Oslo. Det var godt nok for Rosenborg, som to timar tidlegare hadde sølt bort sjansen til å ta meisterskapet heime på Lerkendal med berre 0-0 mot Stabæk.
Tre minutt var lagt til. 92.50 stod det på klokka då dette skjedde: Martin Ellingsen fekk slått inn i VIF-feltet. Der stod Ruben Gabrielsen heilt åleine og fekk roleg heade ballen i mål.
Vålerenga hadde tapt heime, og Rosenborg kunne ikkje sprette champagnen enno.
– Var det eit antiklimaks?
– Antiklimakset laga vi sjøl tidlegare i kveld, seier Kåre Ingebrigtsen til Eurosport.
– Vi vil gjerne vere meister så fort som mulig. Vi vil gjerne avgjere det sjølv, og det kan vi gjere neste helg.
– Vi tar det neste veke
– Surt, sa Vegard Eggen Hedenstad. Han sat på Brakka og såg kampen, og var veldig skuffa då Molde vann. – Men vi tar det neste veke, seier han.
Det enda 2-1 til Molde på Vålerengas nye bane. Og då har Molde framleis ein teoretisk sjanse til å hente inn att Rosenborg. Uansett tok dei eit viktig steg i medaljekampen.
– Det var ikkje nokon stor kamp frå oss. Men vi veit vi er gode på dødballsituasjonar, seier ein nøgd Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær.
– Sjølv om dei vinn serien, var godt at det ikkje var i kveld.
VIF-leiing
Det såg mørkt ut for Ole Gunnar Solskjærs menn då Herman Stengel sende Vålerenga i føringa etter berre åtte minutt. Stengel smelte til på ein retur, ballen gjekk via Vegard Forren og i mål.
Vålerenga dominerte kampen, men sju minutt før slutt utlikna likevel Bjørn Bergmann Sigurdsson.
Dermed måtte Rosenborg bite negler i heile andre omgang. Vålerenga var klart nærmast scoring, men fekk aldri inn sigersmålet.
Det gjorde i staden Molde. Ti sekund før dei tre tilleggsminutta var omme, heada Ruben Gabrielsen ballen i mål.
Det er ikkje første gong han har gjort. Både mot Odd borte og Brann heime avgjorde den tidlegare LSK-spelaren på overtid.
Molde er åtte poeng bak Rosenborg med tre kampar igjen.
Rosenborg sikrar sigeren dersom dei slår Aalesund søndag. Eller allereie laurdag dersom Molde ikkje slår Kristiansund.