– Eg synest det er forferdeleg og heilt håplaust. Det å avfeie ein olympisk idrett som starta det heile ... I 2024 er det 100 år sidan kombinert var med i OL for første gong. Vi har hatt hundre år med kombinert og så skal vi avfeiast med to utøvarar. Eg synest det er småleg og veldig rart, seier den norske kombinertsjefen, Ivar Stuan.
I førre veke vedtok IOC programmet til OL i 2026, og dessutan kvotane for leikane. For kombinert inneber det store endringar.
SJEF: Ivar Stuan.
Foto: NTBMedan det var ein kvote på 55 utøvarar under Beijing-leikane i 2022, er det nede i 36 utøvarar i 2026. Samtidig er lagkonkurransen (med fire utøvarar) bytt ut med lagsprint (to utøvarar).
Det er også eit heilt nødvendig byte, ettersom det førebels ligg an til at 18 nasjonar kan ta med seg to kombinertutøvarar til OL.
Det forklarer renndirektør for kombinert i Det internasjonale Skiforbundet (FIS), Lasse Ottesen. Nordmannen legg til at dei jobbar med eit forslag til IOC for at det også skal vere mogleg å ta ut ein tredje utøvar som reserve, slik at ein har høve til å få inn ein erstattar til lagsprinten ved sjukdom eller skader.
RENNDIREKTØR: Lasse Ottesen.
Foto: NTBI 2022 var det nettopp 18 nasjonar som deltok i kombinertøvingane i OL.
– Skulle det vere slik at vi ikkje har to utøvarar frå 18 nasjonar, så kan det då i eit tilfelle vere at land som Noreg, Tyskland og Austerrike får med seg tre utøvarar. Men i utgangspunktet så er basen to, for å ha utøvarar nok til lagsprinten, legg han til.
Medaljekandidatar utan plass
Spesielt for store kombinertnasjonar som Noreg, Tyskland og Austerrike kan kvotekuttet føre til at potensielle medaljekandidatar ikkje kjem seg med til OL.
– Det er veldig synd å ikkje ha alle dei beste på start. Ser ein på OL-løpa frå Beijing i fjor, så hadde eg mest sannsynleg ikkje vore på start, seier Jens Lurås Oftebro.
22-åringen enda opp med OL-sølv individuelt i stor bakke i Beijing 2022, og var med å ta gull i lagkonkurransen med Noreg. Til OL 2026 fryktar han at same moglegheit ikkje dukkar opp.
KRITISK: Jens Lurås Oftebro synest det er synd om dei beste ikkje får delta.
Foto: NTB– Det er synd at det er utøvarar som er gode nok til medalje, som ikkje får starte. Når kvoten først vart så liten, så skulle eg helst sett ein eller annan kvalifiseringsprosess eller at ein startar med dei 20 beste uansett. Ikkje at ein berre fjernar halvparten av dei i teten, seier Oftebro, og viser også at til det er tvilsamt at Lukas Greiderer, som tok bronse i normalbakken i 2022, ville fått ein plass på det austerrikske laget.
Han får støtte av lagkamerat Jørgen Graabak, som støttar teorien om at Oftebro ikkje hadde fått gått førre OL med det kommande regelverket. Dermed ville Noreg truleg vore minst éin medalje fattigare på medaljestatistikken.
Graabak meiner at IOC skal passe seg litt, og seier det blir feil å avvise mange av dei aller beste utøvarane på kostnad av svakare utøvarar frå mindre sterke nasjonar.
– Du vil ha eit scenario, slik situasjonen er i dag, der det er fleire nordmenn, tyskarar og austerrikarar som ikkje kjem til å vere der, som kan vere med på å prege ein konkurranse og gjere han spennande. Det er kjedeleg, seier Graabak.
– Kva gjer det med produktet?
– Det blir jo lågare nivå og mindre spennande produkt. Det er jo ikkje målet. Målet må jo vere at det skal vere høgast mogleg nivå og mest mogleg underhaldning. Det går jo heilt på akkord med det, meiner han, og seier at han fryktar for rekrutteringa om nålauget blir trongare.
NORSK PROFIL: Graabak fryktar for produktet med dei nye regelendringane.
Foto: NTBHar fått IOC-åtvaring
Både renndirektør Ottesen og Graabak trur den tradisjonelle lagkonkurransen for kvart enkelt kjønn no er borte frå OL-programmet for godt. Ottesen håpar likevel ein blanda lagkonkurranse kan bli ein realitet om nokre år, viss kvinnene også får vere med.
– Eg er nok redd for at når vi går inn på 2030, så vil vi ikkje få auka herrekvoten, men vi får inn kvinnene. Det er jo også målsetjinga vår no, at vi skal få med eit minimum med 36 kvinner i 2030, slik at vi i alle fall har høvet til blanda lagkonkurranse. Men den tradisjonelle lagkonkurransen heng nok i ein tynn tråd, seier Ottesen.
Ser ein dei to individuelle renna under OL i fjor, var det seks nasjonar topp 15 i begge renna. Samtidig var det i begge renna også fem utøvarar i topp 15 som var nummer tre eller fire frå nasjonen sin – løparar som truleg ikkje vil få starte i 2026.
NORMALBAKKE: Med to utøvere fra hver nasjon, er det flere løpere som endte topp 15 som ikke ville fått deltatt. Her fra kombinertherrenes normalbakkerenn i 2022.
STORBAKKEN: Med to utøvere fra hver nasjon, er det flere løpere som endte topp 15 som ikke ville fått deltatt. Her fra kombinertherrenes storbakkerenn i 2022.
Få nasjonar i toppen og låge tilskodartal var argumenta IOC i fjor brukte då dei åtvara kombinertsporten om at den olympiske framtida deira er uviss.
Då var beskjeden klar om at det måtte vere ei positiv utvikling for at kombinert skulle få ein plass i OL i 2030.
– Korleis trur du desse endringane vil spele inn på å skape ei positiv endring inn mot 2030?
– Viss du fjernar mange av dei beste utøvarane, så får du fleire utøvarar frå andre nasjonar oppe i toppen. Det skaper betre tal, som ein kan vise fram til IOC for å få vere med i 2030. Det kan vere ein potensiell grunn til at ein gjer som ein gjer. Men at det går utover kvaliteten og underhaldninga, det er jo kjedeleg både for utøvarane og publikum. Det er jo det lukter litt av, utan at eg veit intensjonane til dei som sit og styrer. Det luktar litt av det, seier Graabak, og held fram:
– Viss det er med på å redde sporten, så er det kanskje vegen å gå. Det vil tida vise. Personleg trur ein må i langt større grad tenkje produkt og underhaldning. Vi er i underhaldningsbransjen, og konkurrerer om tida til publikum med alle andre medium og underhaldningsaktivitetar. Skal ein vinne den kampen hos ein stor nok del av publikum, må ein ha tette kampar og spennande konkurransar, seier trønderen.