– Det er ikkje noko godt teikn for Rosenborg at dei ikkje har hatt ein spiss som har levert dei vanlege varene, seier NRKs fotballekspert Carl Erik Torp.
– Ein spiss på Roseborg bør normalt sett ligge på mellom 15–25 mål med alle sjansane dei normalt sett skapar, seier Eurosport-kommentator Kenneth Fredheim.
Alexander Søderlund er nemleg klubbens toppscorar med åtte mål når to serierundar står att. Det er i sterk kontrast til slik det pleier å vere på Lerkendal.
– For lite sjansar
I fjor trona Nicklas Bendtner toppen av statistikken med 19 mål for Rosenborg. Denne sesongen står han så langt med fem scoringar i den heimlege ligaen.
For første gong sidan 2009 kan Rosenborg ende opp med ein spiss som ikkje scorar tosifra med seriemål. John Chibuike blei då klubbens toppscorar med ni mål.
Og ein må heilt tilbake til 1993-sesongen for å finne ein mogleg seriemeister med endå færre mål frå ein toppscorar i Rosenborg.
Den gongen blei Gøran Sørloth klubbens mestscorande med 7 mål.
– Det er oppsiktsvekkjande, seier Fredheim.
– Dei har imponert mykje meir defensivt enn offensivt. Det er det minst underhaldande og minst attraktive Rosenborg vi har sett dei fire siste sesongane, held han fram.
Og bakarst står keeper André Hansen for oppsiktsvekkjande tal.
Ifylgje faktaansvarleg i Eurosport, Jørn Sundby står sisteskansen med totalt 93 redningar, berre slått av Ranheims Even Barli som har 115 redningar.
– Det er spesielt at Hansen ligg på andreplass på redningslista for eit lag som leiar serien. Ingen tvil om at Hansen har vore ein viktig mann for Rosenborg denne sesongen, seier Sundby som også jobbar som kommentator for kanalen.
Før torsdagens kamp mot Red Bull Salzburg er Hansen ifylgje UEFAs statistikk den beste keeperen i Europaligaen – trass sju baklengs på tre kampar.
Hansen står med 3023 poeng med Chelseas Kepa Arrizabalaga på ein andreplass (2953 poeng) og Zenits Andrei Lunev på tredje (2828 poeng).
– André Hansen er heilt vesentleg grunn til at Rosenborg blir seriemeister for fjerde året på rad, enkelt og greitt, seier Fredheim.
– Bevist at dei er gode nok
Men samstundes som Hansen imponerer, er ekspertane samde om at Nicklas Bendtner har underprestert. Årsaka kan til dels forklarast med skader, og at spissen er blitt plassert på kanten i fleire kampar, meiner Carl Erik Torp.
– Det er ikkje heldig at ein spiss som skal bli fora med innlegg blir ein tilretteleggar.
– I tillegg har han vore skadd og hatt mykje anna negativt fokus rundt seg som ikkje har vore bra, meiner Torp om spissen som blei dømt til fengsel i femti dagar for vald mot ein taxisjåfør i København. 30-åringen har anka dommen.
– Vi ønskjer å score så mange mål som mogleg. Men våre spissar har bevist i mange år at dei er målscorarar – så dette er ikkje på grunn av dei. Dei har bevist at dei er gode nok, meiner RBK-trenar Rini Coolen.