På NRKs spørsmål om korleis han ville rangere denne kvelden i karriera, og korleis sonen Boomer reagerte på møtet før gulløpet på stafetten blei Phelps til slutt heilt satt ut.
– Eg ville halde han lenger. Men eg snakkar med han på Facetime kvar kveld. Det er godt å sjå at han er vaken, for vanlegvis søv han heile tida, seier Phelps før han deretter mistar heilt tråden etter NRKs spørsmål.
– No gløymte eg heilt det første spørsmålet. Eg trur eg hugsar det, seier han før han held fram med svaret.
For det var ein historisk mann som satt framme på presse-podiet i Rio. Ingen andre i OL-historia har vunne 21 OL-gull.
– Eg snakka om det her om kvelden. Det er mange medaljar. Det er galskap, og bles meg av bana når eg tenkjer på det. Men eg kom til bassenget i dag med eit oppdrag, og oppdraget blei fullført, sier Phelps til NRK.
Fekk kyss og klem
For OL-kongen avslørte også på pressekonferansen at han hadde bestemt seg for at gullet på 200 meter butterfly skulle bli hans denne kvelden.
– Han er kongen, det er ingen over, sa NRKs eksportkommentator, Aleksander Hetland etter løpet.
Og det var ein tydeleg rørt Phelps som stod øvst på pallen for 20. gong i OL-samanheng. Medan nasjonalsongen vart spelt samla tårene seg i augekroken, før han braut ut i latter og smil.
Med medaljen om halsen gjekk svømmestjerna bort til familien og fekk både kyss og klem, før han gjekk og skifta, og gjorde seg klar til nattas siste finale. 4x200m fri.
For berre halvtimen etter «feiringa» av gull nummer 20 med familien, svømte han sisteetappen for USA på 4x200m fri. Der vart han sendt ut på siste etappe med eit forsprang på nesten to sekund. Det gav han aldri frå seg og sikra sitt andre gull for kvelden og 21. i karrieren.
Storbritannia tok sølvet, medan Japan tok bronsen.
- Les også:
London-revansj
Michael Phelps har sett åtte verdsrekordar på 200-meter butterfly, og har dominert den sidan han sette sin første verdsrekord som 15-åring. Men under OL i London vart han tilvist til sølvplass, etter at sørafrikanske Chad le Clos slo han på målstreken.
I nattas finale på favorittdistansen var det ingen tvil om kvens som var sterkast.
Amerikanaren tok kommandoen frå start, og sjølv om han stivna litt på dei siste meterane, så var han til slutt fire tidelar betre enn Masato Sakai (Japan) som tok sølvet. Tida til Phelps var 1.53,36, nesten to sekund bak hans eigen verdsrekord på 1.51,51.
- Les også:
- Les også:
– Han er i kjempeform
Tamas Kenderesi frå Ungarn tok bronsen, medan le Clos måtte ta til takke med den sure fjerdeplassen.
– Eg sett pengane mine på Phelps, trass i at le Clos har den beste tida av dei i år. Phelps er i kjempeform, sa NRKs svømmeekspert før løpet.