– At ho får svømme her gjer meg jævlig forbanna, er kraftsalven frå OL-kongen Michael Phelps.
Julia Jefimova er tatt for doping to gongar. Difor var det ingen i hallen som jubla då den kontroversielle russiske svømmestjerna tok OL-sølv på 100 meter bryst.
Også hos konkurrentane møtte ho ein isfront. Ingen gratulerte ho med medaljen.
– Det var aldri i mine tankar å gratulere henne med sølvet, sa gullvinnar Lilly King.
Og Michael Phelps, som tok sin 19. OL-medalje søndag, rasar over deltakinga til Jefimova.
– Eg meiner det er trist at vi har personar som ikkje berre har testa positivt éin gong, men to gongar, men som likevel får svømme i meisterskapet. Det knuser hjartet mitt. Og eg skulle ønskje at nokon kunne gjere noko med det, seier Phelps.
– Kjenner ikkje sanninga
Jefimova, som er regjerande verdsmeister på distansen, får lov å delta i OL trass i at ho nyleg blei utestengt i 16 månader for doping.
Tidlegare i år testa ho også positivt på det nyleg forbudte stoffet meldonium, men reaksjonen på det er satt på vent inntil vidare.
Ho var ein av sju russiske svømmarar som opprinneleg blei utestengt frå OL. Men så fekk ho lov å starte likevel, etter at den internasjonale idrettsdomstolen, CAS omgjorde dommen.
Reaksjonene etter OL-sølvet har påverka Jefimova.
– Mange har snakka dårleg om meg, men dei kjenner ikkje sanninga. Eg ønskjer ikkje å forklare meg, men eg forstår ikkje kvifor dei kan snakke slik om meg. Eg forstår nokre reaksjonar, men dei får tenkje kva dei vil, sa Jefimova til Viasat, ifølge nyhetsbyrået TT.
Svømmer vidare
Men Michael Phelps er likvel ikkje nådig.
– Det er trist at personar som testar positivt for doping får lov til å komme tilbake å konkurrere. Det gjeld ikkje berre i svømming, men i idretten generelt. Og dei får lov til å komme tilbake etter å ha blitt tatt fleire gongar, seier Phelps.
– Det bryt med kva idrett går ut på og det gjer meg forbanna, seier Phelps.
Men uansett kor forbanna Phelps måtte vere. Jefimova held fram OL-konkurransen med forsøksheat på 200 meter bryst onsdag kveld norsk tid.