Hopp til innhold

Omdiskuterte Emily fekk truslar etter kommentaren til statsministeren – no er ho nominert til pris

Sykkeltalentet Emily Bridges seier ho har teke imot truslar etter ein kommentar frå statsminister Boris Johnson. No kan ho også bli mottakar av ein pris.

Emily Bridges og Boris Johnson

SA FRÅ: Johnson har gitt uttrykk for kva han meiner som kvinner som Emily Bridges (til venstre) i idretten.

Foto: Diva Magazine/OLI SCARFF / Faksimile/AFP

– Dette gjorde ein dårleg dag litt betre, skriv Emily Bridges på Instagram etter at nominasjonen vart kjend måndag.

Syklisten er éin av fire kandidatar som kan vinne den såkalla Dan Porter-prisen, ei utmerking som blir delt ut til ein person eller ei gruppe som har overvunne motgang og påverka positivt innanfor universitetsidretten.

For motgang har det vore nok av for Bridges.

21-åringen har nemleg stått i ein massiv storm i Storbritannia dei siste månadene – ein storm til og med statsministeren har involvert seg i.

Blir nekta å delta

Det heile starta med at Bridges kom ut som transkjønna i oktober 2020. Fram til då hadde syklisten gjort det bra på herresida, mellom anna ved å setje britiske juniorrekordar for menn på distansane 10 og 25 engelske mil.

I 2021 byrja transkvinna på hormonbehandling, og i april i år skulle ho eigentleg delta i kvinneklassen i den britiske banemeisterskapen.

Slik vart det likevel ikkje.

To dagar før konkurransen fekk ho kontrabeskjed av Det britiske sykkelforbundet (BC), etter at Det internasjonale sykkelforbundet (UCI) hadde sett ned foten.

Bridges hadde oppfylt det tidlegare kravet til det britiske særforbundet – at ryttarar i kvinnekategorien må ha hatt testosteronnivå under fem nanomol per liter i eitt år før konkurransen, ifølgje Sky Sports.

Til samanlikning har menn som regel eit testosteronnivå mellom 7 til 30 nmol/L, medan kvinner vanlegvis har under 3 nmol/L.

Likevel vart planane stoppa, då UCI opplyste det britiske sykkelforbundet om at Bridges-deltaking var brot på det internasjonale rammeverket. Det førte til at det nasjonale forbundet suspenderte sine eigne reglar, og dei har no lova ein full gjennomgang.

I mellomtida får ikkje transkvinner sykle konkurrere i kvinneklassane.

– Ingen burde trenge å velje mellom å vere den ein er, og deltaking i idretten dei elskar, skreiv hovudpersonen sjølv på Instagram.

Og så kom Boris Johnson på banen.

– Eg synest ikkje biologiske menn bør konkurrere i kvinnelege sportsarrangement. Kanskje det er kontroversielt å seie, men det er det fornuftige for meg, uttalte statsleiaren, ifølgje BBC.

Les også Vil undersøke kjønnsorganene til skolebarn for å «redde kvinneidrett»

Zooey Perry og lovforslag (innfelt)

Blir trua med knuste kneskåler

Denne uttalen skal ifølgje Bridges ha sett i gang ein hatstorm mot henne.

– Det er veldig rart å sjå det som truleg er den mest berømte mannen i Storbritannia, snakke om deg og ha ei meining om noko han ikkje kan noko om.

Protestanter under svømmestevne i USA

PROTESTAR: Plakatar med bodskap som dette vart halde opp av tilskodarane på den britiske banemeisterskapen, der Bridges vart nekta å delta. (Akkurat dette biletet er teke under eit symjestemne i USA).

Foto: John Bazemore / AP

Det fortalde ho i eit TV-sendt på ITV førre veke.

– Responsen var som forventa. Eg fekk truslar om fysisk vald av heilt framande. Folk har rett til at ha ei meining, men dei treng ikkje å true meg med knuste kneskåler for å få fram den meininga, sa syklisten, som altså framleis ikkje har delteke i ein konkurranse for kvinner.

Bridges la til at kommentaren gjorde henne redd i offentlegheita, og at ho frykta å bli kjenna att på gata.

Støtta og kritisert

I kjølvatnet av heilomvendinga til det britiske sykkelforbundet og involveringa til statsministeren, har reaksjonane og oppslaga vore mange.

OL-vinnar Katie Archibald gjekk ut og støtta sykkelkollegaen sin offentleg,

– Desse retningslinjene har sett utøvarane, engasjementa deira i sport og deira personlege liv under intens gransking når alt utøvarane har gjort er å følgje reglane, var hennar kommentar til UCIs behandling av transkvinner.

Tidlegare OL-symjar Sharron Davies har gjort det motsette av å støtte, og ho oppmodar fleire til å gjere det same.

Tweet av Sharron Davies

KLAR TALE: OL-symjar Sharron Davies har kasta seg inn i debatten.

Foto: Skjermdump / Twitter

– Eg er skuffa over at profilerte utøvarar som forstår at menn i kvinnesport er urettferdig, ikkje uttaler seg offentleg, er bodskapen hennar på Twitter.

– Vi lèt ikkje kjensler styre korleis vi kategoriserer sport, det ville vore galskap, seier ho.

Meiner det bør vere plass til alle

Men Emily Bridges er absolutt ikkje den første som skaper overskrifter på grunn av kjønnsidentitet og toppidrett.

I USA har symjaren Lia Thomas sørgde for det same, og i fjor sommar var vektløftaren Laurel Hubbard, som deltok i kvinneklassen i OL, hovudpersonen i den «evige debatten».

Les også OLs første åpne transkvinne skal delta i kvinneklassen – det skaper debatt

FILE PHOTO: Laurel Hubbard of New Zealand reacts at Gold Coast 2018 Commonwealth Games

Ross Tucker er forskar og ekspert på testosteron i idretten. Han meiner idretten umogleg kan gi rettferd for kvinner og samtidig inkludere transkvinner.

– Ein må skjønne kvifor kvinneidrett eksisterer. Kvinner bør vernast mot «mannlege fordelar» i idretten, har han sagt i podkasten «The Real Science of Sport».

Håvard B. Øvregård, seniorrådgivar for verdiarbeid i Noregs idrettsforbund, meiner det bør vere plass til alle i idretten.

– Vi har idrettsglede for alle som visjon for norsk idrett. Det er bakgrunnen for at vårt råd til idrettslag og forbund, er at i breiddeidretten bør alle få delta i den kjønnskategorien dei identifiserer seg med.

I toppidretten er det IOCs rammeverk som gjeld. Det vart oppdatert i november 2021.

– Erfaringa mi er at når ein tek omsyn til verkelege personar, så blir problemstillinga mykje enklare, avsluttar Øvregård.

Les også Idrettens «umulige debatt» raser: Kjønnstesting, utestengelser og ødelagte liv

kombobilde

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal