100 mill i gåve til Olympiatoppen
Olympiatoppen har fått 100 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB til nytt nasjonalt toppidrettssenter. Byggestart kan skje i 2022.
– Dette betyr enormt, seier toppidrettsjef Tote Øvrebø til NTB.
Det nye senteret vil vere på rundt 11.600 kvadratmeter og omfatte nye utandørsanlegg også for tomteeigar Norges idrettshøgskole (NIH). I tillegg er det ønskje om eit nytt hotell.
Øvrebø estimerer at totalkostnaden vil vere opp mot 800 millionar kroner, men at dette enno ikkje er klart.