Hopp til innhold

OL-håpet bryt med forbundet og forlèt Noreg: – Eg vil ikkje vere ein forsøkskanin

Brytaren Grace Bullen stod igjen utan eit ordentleg treningstilbod fram til OL i Paris. No har ho brote med Noregs Bryteforbund og flytta til Georgia.

Grace Bullen

FRUSTRERT: Bullen meiner ho hadde fortent meir hjelp frå Noregs Bryteforbund.

Foto: ATTILA KISBENEDEK / AFP

– Eg vil ikkje vere ein forsøkskanin for ein trenar som ikkje har hatt resultat med andre utøvarar, og då vart Georgia det beste alternativet. Her har eg ei treningsgruppe som eg lærer mykje av og kan strekkje meg etter, fortel Bullen.

Ho føler at ho har vorte sett på sidelinja av eige forbund og at bryteforbundet ikkje har gjort nok for å lage eit tilfredsstillande treningsopplegg for henne.

– Dei har ikkje gjort det dei kan, dei kan absolutt gjere meir. Forbund er ingenting utan utøvarar, og utøvarar er ingenting utan forbund, meiner 25-åringen og utdjupar:

– Forbundet har ikkje gitt meg eit tilbod som kan gi resultat. Dei har gitt tilbod, men ingen av dei var gode nok for meg. Dei støttar meg økonomisk viss eg skal på stemne, men på trenarfronten kan dei ikkje støtte meg.

Bryter Grace Bullen

SAKNAR STØTTE: Grace Bullen.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Ho er på treningssamling i den vesle bygda Bakuriani 1700 meter over havet i Georgia. Sidan 1. februar har ho trena og budd i hovudstaden Tbilisi.

Grunnen til at brytaren frå Fredrikstad har flytta over 400 mil er enkel.

Ho stod plutseleg igjen som den einaste seniorutøvaren på det kvinnelege brytelandslaget, og forbundet måtte ut på trenarjakt.

– Eg var ikkje fornøgd med den dei la fram. Eg vil ha ein trenar som kan løfte meg slik at eg kan nå måla mine. Forbundet takka også nei til den personen eg foreslo, forklarer Bullen.

Ho meiner forbundet landet på ein trenar som passar betre for dei yngre utøvarane som satsar på OL i 2028, og ikkje OL i 2024 og VM i år som Bullen satsar mot.

Les også Bullen i «stor konflikt» med forbundet: – Dei drit i norsk toppbryting

Wrestling, World Championships, day 5

– Ein uaktuell kandidat

Morten Sandnæs, generalsekretær i Noregs Bryteforbund forklarer at Bullens kandidat til trenarjobben ikkje passa med ønsket til forbundet om å byggje opp eit nytt kvinnelandslag.

Ammerud - Kristiansand 110-103

FÅR STØTTE: Generalsekretær i Noregs Bryteforbund seier dei framleis støttar Grace Bullen.

Foto: Kyrre Lien / NTB

– Trenaren ho ønskte vart vurdert, men forbundet har vore veldig opptekne av å byggje opp eit landslag på kvinnesida, slik som på gutesida. Når ønsket hennar ikkje var villig til å flytte til Noreg for å byggje opp landslaget, var han ein uaktuell kandidat. Hadde han vore villig til å flytte til Noreg hadde han vore ein opplagd kandidat, seier Sandnæs til NRK og legg til:

Forbundet ønskjer definitivt å leggje til rette på best mogleg måte for Grace, men samtidig må vi tenkje på fellesskapet og resten av landslaget.

Utøvarane ho trenar med i Georgia har ho vorte kjend med etter å ha delteke på fleire samlingar også før usemja med Noregs Bryteforbund. Spesielt den tidlegare verds- og europameisteren Zurabi Iakobishvili (30) har vorte ein viktig støttespelar.

Fredriksstad Blad var først ute med å fortelje om det nye livet til brytaren.

Bullens treningskompiser

PÅ TRENING: Bullen er akkurat no på treningssamling i Bakuriani 1700 meter over havet.

Foto: Privat

Forskjellsbehandling

I Georgia kjenner ho seg, som einaste jente, som ein integrert del av det georgiske herrelandslaget. I Noreg derimot har ho kjent på at forbundet forskjellsbehandlar herrelandslaget og kvinnelandslaget.

Grace Bullen i Georgia

SOSIALT: Grace Bullen bruker mykje tid med treningskompisen Zurabi Iakobishvili og resten av det georgiske herrelandslaget.

Foto: Privat

– Basert på resultat skulle eg fått mykje meir enn eg har i dag. Eg er ein utøvar, dei (herrane) er fleire. Det betyr at dei kan få til fleire resultat, men eg er ikkje langt unna. Det viser at dei klarer å spesialisere eit landslag som gir resultat. Eg håpar eg kan få same tilbod, og eg vil ikkje nemne namn, men eg er urettferdig behandla av forbundet, meiner Bullen.

Ho får framleis oppfølging gjennom Olympiatoppen og skal konkurrere for det norske landslaget i VM i september, men står elles på berr bakke ifølgje henne sjølv.

– Eg har ein trenar som eg må leggje ut for sjølv. Eg må betale frå eiga lomme for å ha ein som hjelper meg, så det går litt utover samarbeidspartnarane eg har fått tak i dei to siste åra, forklarer Bullen.

Georgiske landslaget og Bullen

NY KVARDAG: Bullen (nedst til høgre) saman med treningskompisane i Georgia.

Foto: Privat

– Ho får støtte frå oss

Sandnæs i forbundet meiner det ikkje stemmer heilt at ho står på berr bakke.

– Sjølv om Grace har valt å ikkje følgje landslagsmodellen vi prøver å byggje opp, så får ho jo støtte frå oss. Grace får mellom anna økonomisk støtte frå samarbeidspartnaren til forbundet Thon, i kraft av å vere ambassadør for verdiprosjektet Like moglegheiter. Ho får direkte og indirekte ei støtte som er meir enn nokre av gutane til både trenarar og opphald frå oss og Olympiatoppen, seier generalsekretæren.

– Bryting er ein liten idrett, så det at utøvarane våre lever frå hand til munn og har ein vanskeleg økonomisk kvardag gjeld alle, både kvinner og menn. Det er dessverre ikkje berre spesielt for bryting, men gjeld mange ikkje-kommersielle idrettar i Noreg, følgjer han opp.

No er planen til Bullen å satse vidare i Georgia fram til OL i Paris om to år. Der forstår dei lite av behandlinga ho får frå Noregs Bryteforbund.

– Dei synest det er rart at eg blir behandla sånn og det er vanskeleg for dei å tru at det er som det er. Fordi eg er så van til det, ser eg det ikkje på same måte som dei. Eg burde eigentleg reagere på det meir, men sånn er det når du blir behandla sånn over fleire år, fortel ho.

Les også Forsoninga

Stig André Berge i bryllaup i 2015.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal