Hopp til innhold

Latterleggjer idrettsprofilanes «oppgjer»: – Alt ser iscenesett ut

Kevin Melhus skal gå kamp mot Emil Meek. Ekspertane meiner at det er eit dumt val av førstnemnde.

PR-STUNT: Ekspertene mener Emil Meek (til venstre) og Kevin Melhus bare møtes på grunn av penger og oppmerksomhet.

PR-STUNT: Ekspertane meiner Emil Meek (til venstre) og Kevin Melhus berre møtest på grunn av pengar og merksemd.

Foto: NTB

Nå har det internasjonale fenomenet komme til Noreg. Altså at ein boksar, MMA-utøvar eller Youtubar kranglar i sosiale medium om kven som er sterkast og tøffast.

Crossover-boksing, eller ein såkalla «cross-promotion fight», handlar om at utøvarar frå ulike kampsportar møtest i ein showkamp for å kåre ein vinnar – og kanskje tene mykje pengar.

BOKSING: Floyd Mayweather Jr. (til venstre) mot Conor McGregor.

BOKSING: Floyd Mayweather Jr. (til venstre) og Conor McGregor.

Foto: Mark J. Rebilas / Reuters

Dei siste åra er det kampen mellom Floyd Mayweather Jr og Conor McGregor i 2017 som har fått mest merksemd. Dei skal ha tent hundrevis av millionar dollar.

Nå bekreftar boksaren Kevin Melhus (34) at han skal møte eks-MMA-utøvar Emil Meek (35) i bokseringen i løpet av 2024.

NRKs bokseekspert, Anders Werner Øfsti, synest det er eit risikabelt val av Melhus å gå den kampen.

Det er litt vanskeleg for meg å sjå kva som skal vere motivasjonen til Kevin for å ta ein sånn kamp. Han har 12 sigrar på 12 kampar som profesjonell boksar, rett nok mot nokså avgrensa motstand, men ingen av kampane har skapt stor merksemd, seier Werner Øfsti.

– Har alt å tape

Kampsportekspert Chris Nilsen, tidlegare leiar i thaiboksingskomiteen i Kampsportforbundet, ler av det heile.

Chris-nilsen

EKSPERT: Chris Nilsen.

Foto: Privat

– Dette er show, men her er det ein som har alt å tape og ein som kan vinne alt. Når youtubaren Jake Paul taper for ein ordentleg boksar, har det ikkje noko å seie, for han er ingen boksar, seier han og fortset:

– Men Kevin Melhus er ein boksar med eit belte og ein aktiv karriere. Da kan du ikkje tape ein kamp som dette, seier han.

Melhus sjølv hevdar at kampen ikkje berre er for merksemd og show.

Når du entrar ringen, da er det ordentleg kamp. Kall det kva du vil, seier Melhus til NRK.

Eg liker merksemd, mykje press og stor fallhøgde. «Cred» til alle menneske i heile verda som følger draumen sin enten dei klarer det eller ikkje, seier Emil Meek til NRK.

Øfsti støttar Nilsen i at Melhus har alt å tape. Likevel understrekar han at det kan gjere noko positivt for den norske boksaren.

– Kanskje er det det han håpar, at ein kamp mot ein relativt profilert kampsportutøvar kan dra noko pengar i kassa og litt ståk og styr rundt kampen, seier Øfsti.

Anders Werner Øfsti

EKSPERT: Anders Werner Øfsti.

Foto: NRK

– Han går ned i første runde

– Det begynte som ein spøk, men nå har eg akseptert utfordringa. MMA-folk har ikkje noko å gjere i bokseringen, så han kjem til å gå ned i første runde. Emil skal få kjenne på kanvasen, seier proffboksaren Kevin Melhus sjølvsikkert.

34-åringen har vunne alle dei 12 proffkampane sine og har eit interkontinentalt belte i bokseforbundet WBO.

– Kevin har sett bra ut fordi han har møtt svake motstandarar. Eg har hjartet til ti tusen krigarar, han veit ikkje kva som kjem til å møte han, seier ein like sjølvsikker Emil Meek.

Kevin Melhus

KAMPKLAR: Kevin Melhus

Foto: Frank Sivertsen / NRK

Han er ein pensjonert MMA-utøvar som gjekk fire kampar i UFC – den største organisasjonen i verda som arrangerer MMA-kampar.

Kranglar i sosiale medium

Den siste tida har dei to utøvarane hatt ein liten «beef» i sosiale medium. Emil Meek har lagt ut fleire postar på Instagram-kontoen sin for å provosere Kevin Melhus til å akseptere utfordringa:

Vis for det norske folket at du kan gulve meg i første runde, Kevin, sjølv om det aldri kjem til å skje. Gjer det for Kampsport-Noreg. Eller er du redd for å møte meg?, spør Meek.

Kevin Melhus har svart med å slå ned ei dokke og samanlikne bokseteknikken hans med influensaren Oskar Westerlin.

Emil, du har bra showgame, men «fighting-skillsa» dine er heilt average, på det beste. Bokseteknisk er du på nivå med Oskar Westerlin, har Melhus svart med.

Nå har han altså akseptert utfordringa.

Les også Kastet ut av landslaget etter dette intervjuet – får støtte av norsk profil

– Ser iscenesett ut

Chris Nilsen har ikkje late seg imponere av kva utøvarane har lagt ut i sosiale medium.

– Den beefen ser veldig skodespel ut, der dei slår ned ei dokke og seier «du er ferdig». Alt ser iscenesett ut, for dei møtest jo ikkje på ordentleg kor noko faktisk skjer i dei videoane.

– Alle veit at Emil er glad i rampelyset, han er flink til å prate og ein god ambassadør for MMA. Nå freistar han Kevin med litt ekstra publisitet, og det blir ein kamp der det kanskje vil ligge eit par hundre tusen kroner i potten, seier han.

Les også Omar fekk brutal beskjed frå foreldra: – Det funkar ikkje å leve slik

Omar Shiha kvadratbilete

Kven vinn kampen?

Folka rundt kampsportutøvarane forhandlar nå om tid, stad og vilkår for ein kamp, men Kevin Melhus er tydelege på at kampen må gjennomførast i 2024 – for neste år vil han jakte på ein VM-kamp i boksing.

Ekspertane er einige om kven som bør vinne kampen.

– Kevin har boksa som amatør og proff i mange år og bør dra heim sigeren relativt enkelt. Skal Emil vinne dette må han gjere det til eit slagsmål og satse på ein lucky punch. Det kan skje i ein boksering, seier Øfsti.

– På papiret er Emil sjanselaus. Melhus bør avslutte kampen enkelt i første, andre eller tredje runde. Dette kan bli katastrofalt for Melhus, for går kampen tida ut, vil det ikkje sjå bra ut for han uansett, seier Nilsen.