Hopp til innhold

Nye reglar får gjennomgå: – Prioriterer sal av TV-tid over helsa til utøvarane

Før den nye sesongen har Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU) innført ei rekkje nye reglar, og spesielt éi endring mislikar utøvarar og ekspertar.

Luchsinger Tandrevold

FEILSTEG: Både NRKs skiskyttarekspert Harri Luchsinger og Ingrid Tandrevold meiner dei nye poengreglane er eit feilsteg.

Foto: NRK/NTB

– Eg synest det er eit steg i litt feil retning, fortel Ingrid Landmark Tandrevold.

Saman med resten av skiskyttareliten er ho oppteken av å setje seg inn i IBUs nye poengreglar før verdscupopninga.

Før sesongen i år har IBU nemleg endra store delar av systemet. Kort fortalt har ein:

  • Auka poengsummane for 1. til 6. plass i verdscuprenn.
  • VM-resultata tel ikkje lenger i verdscupsamandraget.
  • Fjerna høvet til å stryke to renn i samandraget.

Og den siste endringa har vorte heftig diskutert blant utøvarar og resten av miljøet. I ei spørjeundersøking førre sesong var heile 65 prosent av utøvarane negative til dei nye reglane ifølgje NTB.

Norges Skiskytterforbund holder mediemøte

SYND: Tandrevold meiner det er synd at uventa ting kan påverke verdscuptotalen.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Vi går utruleg mange skirenn og det er krevjande både for kroppen og for hovudet. Du må verkeleg tyne kroppen maksimalt. Det har vi gått med på når vi driv med det her, men det kan skje uventa ting og det er synd om noko på heimebane eller sjukdom skal påverke verdscupen samanlagt, meiner Tandrevold.

Vetle Sjåstad Christiansen er samd:

– Det blir den største forskjellen i negativ forstand. Viss det skjer noko uventa på heimebane eller ein blir sjuk har det vore greitt å ha den bufferen slik at det er litt lågare terskel for å ta vare på eiga psykisk og fysisk helse.

– Veldig tydeleg

Tandrevold er éin av fire medlemmar i IBUs utøvarkomité og har jobba med å vidareformidle synet til utøvarane på dei nye reglane overfor forbundsleiinga.

– Eg snakkar saka til utøvarane basert på kva dei fleste meiner, og dei meiningane kjem alltid fram til den tekniske komiteen. Vi er veldig tydeleg på kva utøvarane står for i dei ulike sakene, og så er det ikkje alltid det blir teke omsyn til, forklarar ho.

Sjølv har ho ikkje ønskt endringa og meiner at utøvarar kan kjenne seg pressa til å gå renn sjølv om dei er sjuke.

Sebastian Samuelsson

ENKELT: Sebastian Samuelsson meiner det hadde vore lett å høyre på utøvarane.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

– Eg trur kanskje vi i Noreg har ein litt annan definisjon på kva som er sjukdom og kor hardt du skal pushe grensa. Mi personlege meining er at ein framleis skal kunne stryke to renn, som ikkje er mykje i det heile, seier Tandrevold.

Alibiet til svenskane i utøvarkomiteen, Sebastian Samuelsson, er av same oppfatning og understrekar at dei fleste av utøvarane framleis ønskjer høvet til å stryke to renn.

– Det hadde vore ganske enkelt å høyre på utøvarane i denne saka fordi det påverkar ikkje noko særleg anna. Eg håpar vi får konkurransar der friske utøvarar er på start og ein ikkje risikerer noko berre fordi ein ikkje kan stryke renn, seier Samuelsson.

– Vi forstår

Renndirektør i IBU, Borut Nunar, seier derimot at ein vart samde med både utøvarar og støtteapparat før endringane vart sette i kraft.

– Eg forstår at det kan vere vanskeleg å forstå alt saman for mange utøvarar, men vi gjorde vårt beste for å forklare utøvarkomiteen og trenarane. Til slutt vart vi samde, men vi kjem til å halde dialogen open ei stund til. Det finst ingen system som er heilt ideelle, men eg kjenner meg trygg på at det vil fungere som før, seier Nunar til NRK.

Borut Nunar

TRYGG: Renndirektør i IBU, Borut Nunar, er sikker på at det nye systemet vil fungere godt.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Han forklarer at dei har gjort fleire analysar for å finne fram til eit nytt system som ikkje vil skilje seg for mykje frå det gamle. Målet har vore å unngå avanserte utrekningar og uvisse når samanlagtresultata blir talde opp.

– Vi forstår at det ikkje er det enklaste i verda å konkurrere heile sesongen. Derfor har vi auka poenga for siger, og differansen mellom plasseringane er større. Det betyr at ein kan gå glipp av eitt, to, tre renn om ein allereie har vunne mange renn, slik topputøvarane våre har gjort dei siste åra, forklarer renndirektøren.

Les også Slår tilbake mot NRK-Lundes krisespådom: – Ser mørkt på det uten grunn

Ida Lien (t.v.) og Karoline Knotten mener kritikken fra NRKs eksperter var uberettiget.

– Feil av IBU

NRKs skiskyttarekspert Harri Luchsinger meiner nettopp helsa til utøvarane er det viktigaste argumentet mot dei nye poengreglane.

– Å fjerne moglegheita for strykingar meiner eg er ein feil av IBU, fordi utøvarar som kjempar i toppen får insentiv til å konkurrere sjølv om dei er litt småsjuke. Når det er så mange poeng i potten og ein ikkje kan stryke noko kan utøvarar velje å gå renn med virus i kroppen. Vi har sett døme på at det kan sitje i veldig lenge, og det synest eg er svært uheldig, fortel Luchsinger.

Han meiner endringane er ein del av ein internasjonal trend.

Harri Luchsinger

ROVDRIFT: NRKs skiskyttarekspert Harri Luchsinger meiner idretten må passe seg for rovdrift av utøvarane.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

– Idretten må passe på så dei ikkje driv rovdrift med utøvarane sine. Det vil IBU også vere tent med på lang sikt ved at dei sikrar at verdscupsesongen totalt sett er overkommeleg. Det vil føre til at utøvarar kan halde på lenger, og det vil gagne IBU.

Å fjerne høvet til å stryke to renn er, ifølgje den tidlegare utviklingssjefen i Norges Skiskytterforbund, berre eitt av fleire signal frå IBU om at totalbelastninga for utøvarane skal aukast.

– IBU skal vere ansvarsmedvitne når dei set regelverk og det er viktig å sikre helsa til utøvarane på lang sikt. Når dei då i tillegg skal ha ei ekstra helg med konkurransar neste sesong, sjølv om utøvarar og støtteapparat er negative, tyder det på at IBU prioriterer sal av TV-tid over helsa til utøvarane, meiner eksperten.

Les også Meiner dette NRK-intervjuet var eit teikn på nedturen: – Brutal måte å lære på

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal