Hopp til innhold

Nye grep mot eteforstyrring i idretten: – Oppsiktsvekkjande

Noregs idrettsforbund kjem med nye tilrådingar for å forhindra eteforstyrringar i idretten. Eit hovudpunkt er å få fleire kvinner inn i støtteapparata.

Prøve VM i Granåsen 20 km skialonprolog

VARSLAR MØTE: Langrennskomiteen møtest i januar for å diskutera kvinnelege trenarar i idretten.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Me har kome til kort. Kvinnene i trenarteama våre har kanskje tilgang, innsyn og blikk for ting me gutane ikkje alltid får med oss og ser.

Det er dommen frå handballtrenar Thorir Hergeirsson.

Hausten 2022 vart Noregs idrettsforbund beden om å leia utarbeidinga av ein ny handlingsplan for å førebyggja kroppsmisnøye og eteforstyrringar i idretten.

I desember vart forslaget levert til Kultur- og likestillingsdepartementet. No håpar arbeidsgruppa på eit snarleg møte.

Me er veldig interesserte i at det ikkje berre skal bli eit papir. Vi snakka saman veka før jul og håpar å få til eit møte på nyåret ganske kjapt, seier assisterande generalsekretær i Noregs idrettsforbund Else-Marthe Lybekk.

Les også 8 av 10 landslagstrenere er menn: – Jeg har vært nær ved å gi opp

Hanne Gussow Thoresen

Desse tilrådingane gjeld

NRK har fått tilgang til handlingsplanen. Det blir mellom anna foreslått at forbunda bør stilla krav til at det skal vera kvinner i alle støtteapparat, som leiarar, trenarar og helsepersonell, på alle samlingane nasjonalt og internasjonalt.

Det gjeld både for herrar og kvinner på rekrutt-, junior- og elitelandslagsnivå.

Det er ein fordel at alle prestasjonsteam er samansette av begge kjønn og at dei har komplementær kompetanse, seier Lybekk til NRK.

Det er eigentleg sjølvsagt, så det er litt oppsiktsvekkjande at det er eit punkt.

Lybekk meiner vidare at det ikkje bør vera omfattande å få fleire kvinner inn i støtteapparatet, både på rekrutt-, junior- og elitelandslagsnivå.

– Vil vera krevjande

Eg trur me må sjå nøyare og tenkja litt annleis enn me har gjort før. Eg trur det krev ei god leiing, seier Lybekk.

Mediemøte om satsingsprosjekt Stiftelsen VI på Olympiatoppen i 2018

ETTERLYSER KVINNER: Else-Marthe Lybekk meiner det er på høg tid med fleire kvinner i støtteapparat.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Per Arne Botnan, landslagssjef for skiskyttarane, meiner på si side at det skaper eit betre miljø når det er ei blanding av kjønn, men påpeikar at det ikkje er lett å få med kvinner i støtteapparata.

Uavhengig av kven av kvinnene våre som er med, så er det enkelte tema som er lettare å prata med dei om enn med trenarane. Det kan vera både på kosthald, det helsemessige eller forståinga av korleis ting er, meiner landslagssjefen som støttar tilrådinga.

Er det oppsiktsvekkjande at det må vera eit punkt i handlingsplanen?

– Anten det er legar, fysioterapeutar eller trenarar er det ei utfordring. Kanskje spesielt på trenarsida. Det verkar som det lettare på fysio-delen fordi der er det mindre reising. Det verkar som det er meir overkommeleg for fleire, meiner Botnan.

Han meiner vidare at det vil vera omfattande å få fleire kvinner inn på alle nivå, viss det er snakk om at dei treng spesialkompetanse på kropp og vekt.

Viss det er eit krav at det skal vera spesialkompetanse, vil det vera krevjande.

Hergeirsson etterlyser endring

Thorir Hergeirsson får ros for arbeidet sitt for å få fleire kvinner inn i støtteapparatet, men landslagssjefen vil sjå endå fleire kvinnelege trenarar før han pensjonerer seg.

– Som mannleg trenar for eit kvinnelag har ein ikkje tilgang til alle arenaer, men har noko ein kallar blindsoner. Flinke kvinnelege trenarar kan fanga opp meir av det eine og andre i gruppa og individuelt. Det er ein vesentleg fordel, meiner Hergeirsson.

Hergeirsson meiner det i ein overgangsperiode går an å stilla krav til teama rundt landslaga, men understrekar at ein må sjå på rammevilkåra for kvinner.

– Å tvinga inn og kvotera blir å byrja i feil ende. Skal me behalda kvinner og få dei til å satsa på trenaryrket, så må det vera ein tryggleik at ein slepp å vera i for mange jobbar for å ha ei inntekt å leva av. Mange har familie, barn og tek ofte eit større ansvar til det heime, seier han.

– Det ligg ekstremt mykje kompetanse hos jentene. Det er først og fremst kvalifikasjonen som er nøkkelen, ikkje kjønnet.

Thorir Hergeirsson

FÅR ROS: Thorir Hergeirsson blir trekt fram som ein pådrivar for kvinner i støtteapparat.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / AFP

Oppfyller ikkje tilrådingane

Landslagssjef Ulf Morten Aune innrømmer at ein på langrennslandslaga ikkje oppfyller tilrådingane som er foreslått.

– Me har ikkje trenarar på elitenivå som er kvinner. Me har ein rekruttrenar som er i permisjon og me har generelt lite kvinner rundt laga våre. Det er ingenting å leggja skjul på, seier Aune til NRK i Val di Fiemme.

Kor langt er de unna tilrådinga?

Det er vanskeleg å seia, men me må nok ha to–tre personar til om me skal kunna gjera det. Me har hatt kvinneleg helsepersonell her i starten av touren. Det er eit interessant, viktig og utfordrande tema.

Aune varslar at langrennskomiteen skal ha møte seinare i januar. Der er rekruttering av kvinnelege trenarar eit eige tema. Landslagssjefen meiner fleire kvinner vil bidra positivt i kampen mot eteforstyrringar i idretten.

Erfaringar tilseier at det for veldig mange jenter og kvinner er lettare å prata med ein kvinnelege person om dei sakene, så det seier seg sjølve at det er positivt om me klarer å få til det.

Slind: – Handlar ikkje om kjønn

Langrennsløpar Astrid Øyre Slind meiner det viktigaste er at nokon i støtteapparatet er drilla på å handtera vanskelege situasjonar, og at kjønn ikkje så relevant.

35-åringen har forståing for at nokre kvinner kan meina noko anna, men understrekar at ho har menn som ho pratar like mykje med som kvinner.

For min del handlar det ikkje om kjønn. Det handlar om å ha nokon ein kan prata med og som er flink til å prata med alle. Eg veit ikkje om kjønnskvotering er så viktig i den saka her, men å ha trenarar som er flinke til å ta opp alvorlege saker og er lette å snakka med er viktig, seier Slind.

Pål Golberg er klar på at langrennssporten har ein veg å gå når det gjeld eteforstyrringar . Han meiner reisebelastninga det medfører å vera i eit støtteapparat kan vera ei utfordring for å oppnå tilrådinga.

Tour de ski 2023/24 Trening før fellestart

VIL FINNA ÅRSAKA: Pål Golberg meiner det er viktig at ein klargjer korleis ein hindrar eteforstyrringar i idretten.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Det er meir krevjande for kvinner å stå i desse jobbane enn menn. Det er først og fremst derfor det er så skeivfordelt. Me ser jo eteforstyrring i langrenn, og viss det er det dei trur er nøkkelen, så må me jo kunna leggja til rette for at det skal vera mogleg då.

– Trur du Noregs elitelag for menn må ha ei kvinne i støtteapparatet?

– Nei, eg ser ikkje nokon grunn til det. Ein må sjå der problemet er. Me må vera så ærlege og seia at det finst meir på jentesida, og då må ein kanskje heller prøva å klargjera og sjå kva grunnane til det er. Er vegen vidare å laga like distansar som menn og gjera han tøffare – eller å opna opp idretten for fleire, spør Golberg.

Tandrevold: – Kan vera litt kleint

Hos skiskyttarane har Ingrid Landmark Tandrevold ved fleire høve vore open om kvinnehelse. Ho rosar herrane i støtteapparatet for å gjera ein god jobb med å setja seg inn i kvinners helse, fysiologi og korleis dei tenkjer, men ser også ein viss forskjell.

Landmark Tandrevold

KOMPLISERT: Ingrid Landmark Tandrevold er positiv til forslaget, men trur det trengst meir for å løysa alt.

Foto: JOE KLAMAR / AFP

– Eg synest det er veldig lett å prata med Aasne (Fenne Hoksrud) som er legen vår, som kan kjenna seg litt igjen i kvinnelege utfordringar som menstruasjon og den delen som kanskje kan vera litt kleint å snakka om med gutane av og til, seier Tandrevold og held fram:

Eg trur ikkje alle problema er løyste med å få ei kvinne inn i eit støtteapparat.

Sportsnyheter

Kastet ut av landslaget etter dette intervjuet – får støtte av norsk profil

Like etter at Josef Alami ble svensk mester i taekwondo gikk han hardt ut mot landslagsledelsen i et direktesendt intervju med SVT. Det fikk alvorlige konsekvenser.

Siste nytt

  • Trekker ikke Ingebrigtsen-boka: – Innholdet står seg

    Aschehoug gjør ingen endringer knyttet til salget av boka «Gjerts metode» etter at påtalemyndigheten har tatt ut tiltale mot Gjert Ingebrigtsen.

    Det bekrefter Jan Swensson, forlagssjef sakprosa på Aschehoug, til NRK.

    – Gjerts metode handler om trening, om sønnenes karrierer og om å prestere. Den handler om andre temaer enn det som er oppe i dag. Det foreligger ingen forhold som tilsier at vi skal trekke boka, skriver Swensson.

    Han legger til:

    – Innholdet i boka står seg uavhengig av det som nå har kommet fram.

    Gjert Ingebrigtsen ble mandag tiltalt for overtredelse av straffelovens paragraf 282, som gjelder mishandling i nære relasjoner. Han bestrider tiltalen.

    2k1aonjDqW0
    Foto: NTB
  • Filip Skari tatt ut på juniorlandslaget – går i mamma Bentes langrennsspor

    Filip Skari er én av fem løpere på herresiden som har fått plass på neste sesongs juniorlandslag i langrenn.

    Det er klart etter at Norges Skiforbund presenterte uttaket tirsdag.

    Skari-navnet klinger godt i langrennsøyemed. Bente Skari er en Norges store legender på kvinnesiden. Nå er sønnen Filip på vei opp og fram.

    Nittedal-løperen har fått plass på neste sesongs juniorlandslag sammen med Lars Heggen (Harestua), Mons Melbye (Årvoll), Halvor Kvennås (Byåsen) og Torjus Magnus Harbo (Fossum).

    På kvinnesiden består laget av Milla Grosberghaugen Andreassen (Bækkelaget), Hanna Engesæter Sørbye (Røa), Eline Klevberg Lerfall (Lånke), Johanne Bjugan (Leksdal) og Veronika Vikhamar Schuler (Heming).

    – Vi har tatt ut ti veldig spennende løpere. Vi har ekstremt mange dyktige juniorer i Norge, slik at et uttak som dette alltid vil være vanskelig. Resultater i junior-VM og Equinor norgescup sammenlagt er lagt til grunn for uttaket av årets Equinor juniorlandslag, sier landslagstrener Kristian Dahl. (NTB)

    Filip Skari
    Foto: NTB
  • Ruuds råkjør kan endre planene: – Må vurdere

    Tennisstjerne Casper Ruuds imponerende rekke med seirer den siste tiden har gjort at han må se an kampbelastningen fram mot Roland-Garros.

    Ruud har allerede spilt 38 kamper på ATP-touren denne sesongen. 31 av dem har endt med seier. I Barcelona sist uke tok han hjem sin hittil største tittel, og blant eksperter regnes han som kanskje den aller råeste på grusen før Grand Slam-turneringen Roland-Garros i slutten av mai.

    Etter Madrid kommer storturneringen i Roma før en mindre en i Genève (ATP250). Den siste kan bli aktuell å droppe, ifølge far og trener Christian Ruud:

    – Vi tar én turnering av gangen. Blir det mye i Madrid eller Roma, må man vurdere, sier treneren.

    Tirsdag skal Casper Ruud spille åttedelsfinalen i Madrid mot canadiske Félix Auger-Aliassime. (NTB)

    Casper Ruud Madrid
    Foto: Ana Beltran / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal