NRK Meny
Normal

Northug må signere ny kontrakt for å få gå OL

Skiforbundet endrar kontrakten Petter Northug må signere for å kunne gå verdenscup, VM og OL. – Premissane som låg til grunn då Northug inngjekk sin private avtale med COOP er ikkje endra, forsikrar skipresidententen.

Petter Northug

Petter Northug har valgt å stå utanfor landslaget denne sesongen, men skal etter alt å dømme likevel gå både verdenscup og OL for Norge.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

– Det var behov for revidering av avtalen. Slik er det for alle avtalar, seier skipresident Erik Røste om skiforbundets nye kontrakt for representasjonsløparar, som står utanfor alle norske landslag.

Denne kontrakten må Petter Northug signere om han vil gå verdscup, VM og OL.

ErikRøste

Erik Røste vil ha ei ny underskrift frå Petter Northug.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Dermed vil 27-åringen få ein ny representasjonsavtale å halde seg til, som vil vere ulik den som gjaldt då Northug inngjekk samarbeid med COOP i mai i år.

Men Røste påpeiker at premissane som låg til grunn då Northug inngjekk sin private avtale med COOP ikkje er endra.

– Premissane er regulerte i idrettens lover og vedtak, og er dei same som har har lege til grunn heile tida, seier Røste.

Skiforbundet vil ikkje seie kva som er nytt, men bekreftar at det handlar om detaljar som styrer utøvarane sine moglegheiter til å marknadsføre private sponsorar.

– Vi er sjølvsagt opptatt av å ta hensyn til Norges Skiforbund sine rettigheiter, og samarbeidspartnarane våre sine rettigheiter. Vi må ta hensyn til dei som finansierer landslagsdrifta. Det er er det som er regulert i Norges Skiforbunds lovar, og som denne avtalen reflekterer, seier Røste.

NRK.no skreiv i juli om at Skiforbundet allereie før sesongen ønsker å definere i detalj kva dagar Northug skal vere på representasjonslag og kva dagar han er privat løpar.

Etter det NRK erfarer skal forslaget innebere at Northug er representasjonsløpar i tre periodar i løpet av sesongen, avbrutt av to periodar kor han står fritt til å promotere sine personlege samarbeidspartnarar.

– Gjenstår å sjå om vi blir fornøgde

Northugs manager har enno ikkje sett avtalen, og meiner det er alt for tidleg å seie noko om dette gjør det verre for Northug å representere COOP i sesong.

– Det ønskar eg ikkje å gjøre akkurat no, seier Are Sørum Langås i Nye Høyder.

– Så du er fornøgd slik situasjonen er i dag...

– Det gjenstår å sjå, seier Langås, og påpeiker igjen at han må sjå avtalen før han vil kommentere.

Northugs avtale med COOP gjeld i tre år, med opsjon på enda eitt år.

Skal stå klar før sesongstart

Ifølgje Røste starta arbeidet med den nye representasjonsavtalen i fjor - før Northug inngjekk avtale med COOP - og at den no bare er veker unna å bli offentleggjort.

Så til no veit truleg bare skiforbundet om Northug vil vera COOP-løpar, og ikkje landslagsløpar, i så minimale periodar at det knapt vil synast at skikongen får millionløn av samvirkegiganten.

– Det får vi komme tilbake til når avtalen er ferdig, og vi har lagt den fram for Northug, seier Røste.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM Bryting