Hopp til innhold

No må dei på kurs for å få køyre motorsykkel i sykkelfeltet

Etter fleire alvorlege ulykker mellom syklistar og motorsyklistar, har UCI lagt fram ein handlingsplan som skal gjera det tryggare for syklistane.

CYCLING-TDF2005-ACCIDENT

KRASJ: Motorsyklistar som krasjar med syklistar - det vil UCI til verks i sin nye handlingsplan.

Foto: JOEL SAGET / AFP

– Eg er veldig godt nøgd. Det er ein omfattande handlingsplan, der nokre ting trer i kraft med ein gong, medan andre ting ikkje vert fiksa over natta, seier presidenten i Norges Cykleforbund, Harald Tiedemann Hansen til NRK.

Det internasjonale sykkelforbundet, UCI, har hatt styremøte denne veka der har blant anna regulering av køyretøy i sykkelfeltet har vore samtaleemne.

Skjerping vert høyrd

Sikkerheita til syklistane har vore eit heit samtaleemne denne våren, etter at belgiske Antoine Demoitie omkom etter eit samanstøyt med ein motorsykkel under Gent-Wevelgem i mars.

Førre veke hamna Stig Broeckx i koma etter ein massevelt, som kom etter at to motorsyklar velta inn i feltet i høg fart. Norske Vegard Breen og Kristoffer Skjerping gjekk ned i velten, og Skjerping gjekk hardt ut mot sikkerheita i sykkelritt.

Kristoffer Skjerping

KRITISK: - Det verkar som at kven som helst får køyre i feltet, sa Kristoffer Skjerping til NRK førre veke. No vert det slutt på det.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

– Vi ser heilt sinnssjuke ting i feltet, sa han.

Han ønska blant anna kursing av motorsyklistane, og det er eit av emna i handlingsplanen.

Albuen til Skjerping

AU!: Slik såg armen til Kristoffer Skjerping ut etter at ein motorsykkel førte til at han og 20 andre ryttarar gjekk i bakken under Belgium Tour.

Foto: Privat

– Det viktigaste er at det no vil bli kursing av dei som skal nytta køyretøy i sykkelfeltet. Tidlegare har det vore opp til arrangøren å bestemme kven som har fått køyre, men no skal vi sette ting i system, seier Tiedemann Hansen.

Utøvarane verkar nøgd

Eit anna tiltak er tak på kor mange køyretøy som får vera med i dei forskjellige ritta.

– Det har ikkje vore tak på dette før. Vi må sjå kor mange som trengst i kvart ritt og vurdera deretter, seier Tiedemann Hansen.

Køyretøy som passerer feltet i stor hastigheit har også vore eit problem.

– Det vert strengare kontroll og dei som ikkje følgjer reglane risikerer å verta utestengd, fortel Tiedemann Hansen.

– Korleis har syklistane reagert på handlingsplanen?

– Det sitt ein utøvarrepresentant i styret og han verka godt nøgd med den. Eg håpar at ryttarane vil føle seg tryggare når alt dette trer i kraft, avsluttar Tiedemann Hansen.

Siste nytt

  • Luton misset seiershattrick mot Everton

    Luton prøvde å slå Everton for tredje gang denne sesongen, men måtte nøye seg med 1-1 og er fortsatt på nedrykksplass i Premier League.

    I en kamp med mange store sjanser til begge lag tok Everton ledelsen på et VAR-straffespark midt i første omgang, men Elijah Adebayo utlignet da han knuste Ashley Young i en duell ved lengste stolpe, tok ned ballen og knallet den i mål.

    Luton måtte vinne for å klatre forbi Nottingham Forest og ta seg over nedrykksstreken, men er i stedet bak på målforskjell med en kamp mer spilt.

    Everton kom fra seier i tre strake hjemmekamper og har tross sine poengstraffer berget plassen. Likevel ville laget gjerne fortsette seiersstimen.

    UZxSU_N9CXo
    Foto: AP
  • Schjelderup-perle hjalp Nordsjælland til seier

    En frisparkperle fra Andreas Schjelderup ble vinnermålet da Nordsjælland slo AGF 3-1 borte. Laget henger med i gullkampen i dansk fotball.

    Farum-laget inntok 2.-plassen tre poeng bak Brøndby, men ett foran FC København og Midtjylland før de tre andre topplagene skal i aksjon søndag.

    Halvparten av målene i kampen ble scoret av banens to nordmenn, for på overtid reduserte Magnus Knudsen for AGF, som torsdag spiller cupfinale mot Silkeborg.

    Søndag er det storkamp mellom Midtjylland og Brøndby, mens FC København gjester nettopp Silkeborg. (NTB)

    Z9MpMJjlMEg
    Foto: NTB
  • Stian Solberg ga ishockeylandslaget 1-0-seier over Latvia i forlengning

    Stian Solberg vant pucken, gikk fra egen halvdel og ga Norges ishockeylandslag 1-0-seier over Latvia etter 37 sekunder i forlengningen fredag.

    Det skjedde etter tre målløse perioder i Riga.

    Det norske laget gikk rett i strupen på bronsevinneren fra fjorårets VM og dominerte den første perioden. Norge vant skuddstatistikken i de første 20 minuttene 13-2, og supertalentet Michael Brandsegg-Nygård hadde to stolpetreff.

    Solberg er svært ettertraktet og kan i juni bli den første norske spiller som velges i første runde i NHL-draften.

    Lagene møtes igjen lørdag i generalprøven før elite-VM. Mandag offentliggjør landslagssjef Tobias Johansson troppen til mesterskapet i Tsjekkia. Norge spiller sin første kamp mot Sveits fredag 10. mai. (NTB)

    x0J7YQ1S8hE
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal