Hopp til innhold

Nådelaus Alsgaard til angrep på Skiforbundet: – Eg synest det er trist

Skiforbundet får så hatten passar av langrennslegenda Thomas Alsgaard.

KLAR TALE: Høyr Alsgaard fyre laus.

Dramatikken rundt Johannes Høsflot Klæbos sponsornekt føyer seg inn i ei lang rekkje av utanomsportslege konfliktar som Skiforbundet har vore involverte i dei siste åra.

I 2017 opna forbundet personalsak mot dåverande langrennsstjerne Petter Northug. Nokre år seinare gjekk alpinesset Henrik Kristoffersen til søksmål mot eige forbund, og i haust gjorde hoppsjef Clas Brede Bråthen det same.

I tillegg kjem alle dei interne konfliktane som Skiforbundet har lagt lokk på undervegs.

Forbundet har vorte ekspertar på konfliktskaping, ikkje konflikthandtering, konkluderer tidlegare langrennsløpar Thomas Alsgaard i NRK sitt Vinterstudio.

– Handteringa er sørgjeleg

49-åringen er direkte nådelaus i skildringa av korleis dei mange utanomsportslege kontroversane blir handterte av forbundsleiinga, og han legg ikkje skjul på at han synest det heile er stussleg.

Thomas Alsgaard

TRIST: Thomas Alsgaard omtaler konfliktfrekvensen som trist.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Eg synest det er trist at det heile tida dukkar opp nye ting, og handteringa er ynkeleg, rett og slett, seier Alsgaard, og understrekar at han framleis har hjarte for langrennssporten.

Kva burde dei gjort?

Løyst det. Snakk saman. Det er ikkje verre enn det.

Espen Graff, kommunikasjonssjef i Skiforbundet, svarer følgjande på kritikken:

– Vi er heilt samde med Thomas i at det er klokt å snakke saman. Det gjorde vi òg denne gongen, og dermed vart vi samde med Johannes og teamet hans.

Bjørgen: – Ta slike saker internt

Marit Bjørgen er langt frå like bestemt på kva ho meiner om den ferske konflikten.

– No kjenner eg ikkje til saka, men det enklaste er å ta slike saker internt. Løyse dei internt, svarer langrennsdronninga.

Ho trur at god intern kommunikasjon i samband med nye sponsoravtalar kunne ha forhindra at enkeltpersonar såg seg nøydde til å gjere som Klæbo.

Marit Bjørgen, 6.12.21

DIPLOMATISK: Marit Bjørgen.

Foto: Thomas Hagajore Fosse / NRK

– At laget tek det internt og finn ut om dei står inne for den sponsoren eller ikkje, forklarer Bjørgen.

Ho understrekar at ho ikkje har føresetnader for å seie om kommunikasjonen i dette tilfellet har vore for dårleg, men ho er klar på at Klæbo sjølv gjekk inn i denne konflikten.

– Då må ein ta konsekvensane, at det går på kostnad og tappar energi. Det er ei vurdering han må ta sjølv. Han må jo stå i det og gå fullt i det, når han har ei meining om det, meiner Bjørgen, som likevel avviser at ho synest at situasjonen er sjølvforskyldt av Klæbo.

Førre månad gjekk tidlegare langrennsløpar Liv-Miriam Nordtømme ut på Facebook og sa at ho opplevde Skiforbundet som sensurerande overfor utøvarar med sterke meiningar. Det kjenner ikkje Bjørgen seg igjen i.

– Vi står for eigne val og får seie våre eigne meiningar. Dei har aldri nekta meg å seie eller uttale meg om noko som helst, det kjenner eg meg ikkje igjen i, avsluttar 41-åringen.

Haakon Klæbo, Johannes Høsflot Klæbos far og manager, opplyser at han ikkje har høve til å uttale seg i denne saka:

Vi har vorte samde med Skiforbundet om å ikkje seie noko meir om saka.

Siste nytt

  • Ryerson og Dortmund ute av cupen

    Julian Ryerson spilte hele kampen da Borussia Dortmund ble sendt ut av cupen borte mot Stuttgart.

    Hjemmelaget vant 2-0 og er klare for kvartfinale i den tyske cupen.

    Dit skal også Saarbrücken, som spiller på nivå tre. Tidligere i turneringen sjokkerte de med å slå ut Bayern München, og onsdag var det Eintracht Frankfurt – uten en skadet Jens Petter Hauge – som ble beseiret 2-0.

    Julian Ryerson
    Foto: THILO SCHMUELGEN / Reuters
  • McTominay sikret United-seier: Nærmer seg byrival City

    Scott McTominay ble den store helten for Manchester United med to scoringer i 2-1-seieren over Chelsea onsdag kveld.

    McTominay scoret kampens første mål tidlig i den første omgangen, men han og Manchester United måtte se at Cole Palmer utlignet til 1-1 like før pause.

    I kampens 69. minutt dukket McTominay opp igjen og scoret sitt andre mål med et kontant hodestøt.

    Dermed ble det en svært viktig seier for United, som nå ligger på sjetteplass og kun har tre poeng opp til byrival Manchester City på den viktige fjerdeplassen i Premier League.

    Det har stormet rundt United de siste dagene, etter at det kom frem at flere medier hadde blitt utestengt etter saker om misnøye i United-garderoben.

    Klubbens håp om avansement i Mesterligaen henger i en tynn tråd, men de står nå med fire seirer på de fem siste kampene i Premier League etter at de tapte 0-3 hjemme mot Manchester City i slutten av oktober.

    Da var de ni poeng bak byrivalen, men Manchester City har selv bare tatt seks poeng på de siste fem kampene. Onsdag kveld tapte de 0-1 borte mot Aston Villa.

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Haaland og City senket av Aston Villa

    Aston Villas elleville hjemmeform fortsetter selv etter at Manchester City har vært på besøk. Med 1-0-seieren på Villa Park gikk også vertene forbi City på tabellen.

    Med fire kamper på rad uten seier, er Manchester City seks poeng bak serieleder Arsenal 15 kamper ut i sesongen. Liverpool og Aston Villa er henholdsvis fire og to poeng foran City.

    Erling Braut Haaland jubilerte med sin 50. Premier League-kamp, men han kom aldri nærmere scoring nummer 51 enn dobbeltsjansen han fikk etter ti minutter.

    Aston Villa-keeper Emiliano Martínez jublet som besatt etter at han reddet begge forsøkene til Haaland, og mer jubel skulle det bli for hjemmelaget.

    Kvarteret før slutt banket nemlig Leon Bailey inn kveldens første scoring, og det var nok til at Aston Villa tok sin 14. strake hjemmeseier i Premier League.

    Det er tangering av klubbrekorden for Unai Emerys mannskap.

    Erling Braut Haaland under Premier League-kampen borte mot Aston Villa
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal