Hopp til innhold

Mowinckel: – Det har vore vanskeleg å halde kjenslene tilbake, spesielt etter utforrennet

Ragnhild Mowinckel kan endeleg sleppe bølgja av kjensler laus etter fjerdeplassen i kombinasjonen. Og den fjerdeplassen var alt anna enn sur.

Ragnhild Mowinckel

FJERDEPLASS: Det heldt ikkje heilt inn for Ragnhild Mowinckel, som fall frå andre- til fjerdeplass i slalåmomgangen

Foto: CHRISTIAN HARTMANN / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg hadde små forventningar til meg sjølv i slalåm, så dette er eg nøgd med, seier Mowinckel. – Eg gav det eg hadde og kom ned på ein okei måte, seier Molde-jenta som var 29 hundredeler frå sin tredje medalje i årets OL.

Ho grin ikkje det minste for det mange kallar den sure fjerdeplassen. – Eg hadde som mål å gjere det betre enn sjetteplassen i Sotsji, og det greidde eg.

– Eg er så stolt og nøgd med det eg har fått til, seier ho til NRK. Mowinckel har allereie sølv frå både storslalåm og utfor.

– Det har vore vanskeleg å halde kjenslene tilbake, spesielt etter utforrennet.

– Spinnvilt

– Kva har vore høgdepunktet?

– Vanskeleg å seie. Men å få sin første OL-medalje er sjølvsagt ei enormt god kjensle. Den neste var også heilt spinnvilt, seier Mowinckel.

Ho seier ho har prøvd å stengje ute kjenslene og berre tenkt nokre timar framover under OL-opphaldet i Sør-Korea.

– Men no når eg kan setje meg ned og slappe av, vil det nok sige inn over meg kva eg har vore med på. Då blir det nok også ei stor bølgje med masse kjensler.

Vonn: – Ranghild blir langt oftare på pallen

Alpinveteran og superstjerne Lindsey Vonn er imponert over Mowinckel.

– Ho har skaffa seg sjølvtillit og kjem til å bli ein mykje tøffare konkurrent framover. Ho var stor som junior, og har brukt litt tid på å kome til topps også som senior. Ho blir å finne på pallen langt oftare framover. Ho har det som skal til for å bli ein vinnar, seier Vonn.

Den amerikanske stjerna fall i finaleomgangen i det ho sjølv trur var hennar siste OL-start.

– Ragnhild byggjer og byggjer, og du ser at ho er svært god. Det går fort, utan at ho tek store sjansar, og det vakkert å sjå på.

– Imponert, men ikkje overraska

Mowinckels trenar Tim Gefeller seier til NRK at ho har oppnådd mykje meir enn venta.

– Ho har hatt eit utruleg OL, som eg er stolt og imponert over. Men ikkje overraska.

Han har si forklaring på korleis Mowinckel har greidd å halde kjenslene i sjakk under OL-opphaldet.

– Vi har prøvd å halde ei lett stemning desse to vekene, og ikkje ta det altfor alvorleg. Vi tek konkurransane alvorleg, sjølvsagt, men utanfor bakken har vilagt vekt på å halde ei avslappa stemning. Sjølv har Ragnhild gjort ein kjempejobb med å halde kjenslene i sjakk.

– Kor vanskeleg er det for ein utøvar?

– Det er ei stor utfordring. Di meir røynsle du har, di betre går det. Ragnhild har vakse mykje, både som idrettsutøvar og som person.

– Korleis skal du jobbe for å få henne heilt til topps?

– No skal ho først avslutte verdscupsesongen, på beste måte, håpar eg. Så skal vi setje oss ned og finne ut korleis vi skal angripe det.

Nummer to etter utfor

Ragnhild Mowinckel

NEST BEST: Ragnhild Mowinckel var nummer to etter utfordelen

Foto: FRANCOIS XAVIER MARIT / AFP

Mowinckel låg på andreplass etter utfordelen, 74 hundredelar bak Lindsey Vonn, og tre hundredelar betre enn Michelle Gisin.

Men slalåmomgangen var ikkje god nok. Som nest siste startande køyrde Mowinckel inn til fjerdeplass, 1,73 bak leiande Michelle Gisin. Ho tapte tid heile vegen ned i den korte slalåmløypa.

– Ho er litt uheldig med at det tok til å snø like før ho skulle køyre, sa NRK-kommentator Lars Elton Myhre.

– Litt stang ut der. Men det er ein sterk prestasjon likevel, seier kommentator-kollega Thomas Lerdahl.

Lindsey Vonn leia etter utfordelen og hadde 77 hundredeler til gode på Gisin. Men Vonn køyrde ut tidleg i slalåmomgangen. Michelle Gisin vann med 97 hundredeler framfor Mikaela Shiffrin og Wendy Holdener.

Siste nytt

  • Norge slo Danmark etter forlengning i andre kamp på rad

    Ole Einar Engeland Andersen ble matchvinner da Norge slo Danmark med 2-1 etter forlengning i lørdagens ishockeylandskamp.

    Viktor Granholm sendte nordmennene i ledelsen i midtperioden på pasning fra Petter Vesterheim.

    Max Krogdahl og Lucas Andersen barket i sammen etter en duell foran mål hvor nordmannen var litt vel røff i taklingen. Begge endte med å kaste hanskene og fikk med det hver sin matchstraff.

    Norge ble felt av veldig mange utvisninger. De klarte å ri av mange undertall, men på den åttende klarte danskene å score og utligne til 1-1 ved Joachim Blichfeld.

    – Jeg synes at vi spiller bra ut fra de forutsetningene dommerne gir oss. Jeg er glad for at vi slipper unna skader. De (dommerne) tillater at man går over grensen og det preger spillerne, sa Tobias Johansson til TV 2.

    Fredag slo det norske laget Danmark med 4-3 etter forlegning hvor Michael Brandsegg-Nygård ble firemålsscorer. Mora-spilleren spilte bare to perioder.

    Neste helg skal Norge møte Latvia i de to siste VM-oppkjøringskampene i Riga. Norge innleder VM i Praha mot Sveits 10. mai. (NTB)

    U7bBRSwIpKs
    Foto: NTB
  • Stabæk tapte uten Jönsson - Rosenborg fortsatt ubeseiret

    Anna Aahjem ble matchvinner da Brann slo Stabæk 1-0 i Toppserien lørdag. RBK fortsatte sin perfekte sesongstart med 1-0 over Røa.

    Timen var spilt da Aahjem avsluttet et vakkert Brann-angrep og sørget for 1-0 på bortebane.

    Etter tapet for LSK Kvinner i serieåpningen, har Brann tre strake seire.

    Stabæk måtte greie seg uten hovedtrener Jan Jönsson på sidelinjen i oppgjøret. Han er utestengt i to kamper etter at han tok seg inn på banen og gikk i kroppen på VIF-spiller Karina Sævik i tirsdagens 2-3-tap.

    Rosenborg fikk besøk av Røa, og med sitt mål i 88. minutt sørget Sara Hørte for 1-0-seier for trønderne.

    Med det har Rosenborg full pott etter fem kamper. De fire siste kampene har alle endt med 1-0-seier for RBK, og i de tre siste har de avgjort etter 80 minutters spill.

    LSK Kvinner vant 3-1 over Åsane, mens Kolbotn beseiret Arna-Bjørnar 4-1.

    Runden avsluttes med byderbyet mellom Vålerenga og Lyn, som sendes direkte på NRK 1 klokken 16:45 lørdag. (NTB/NRK)

    Toppserien fotball kvinner, Stabæk - SK Brann
    Foto: Frederik Ringnes / NTB
  • EM-bronse for Benske og Tjøm: – Råimponert

    Lars Benske og Ask Tjøm leverte en god avslutning og rodde til bronse i dobbeltsculler i EM i Ungarn.

    – Jeg er råimponert. Det er det best disponerte løpet jeg har sett dem ro noen gang, sa NRKs ro-ekspert Lars Bjønnes idet duoen passerte målstreken.

    Det ble en svært tett og jevn affære gjennom de 2000 meterne som ble rodd. Den norske duoen så lenge ut til å ta sølvet, men måtte seg seg slått på målstreken av italienske Stefano Oppo og Gabriel Soares.

    Jan Schäuble og Rafael Ireland fra Sveits tok gullet etter å ha ledet hele veien. De ble utfordret av italienerne, men hadde krefter igjen mot slutten og vant med 2,27 sekunders margin.

    Norge har allerede sikret OL-plass i dobbeltsculler for menn.

    Lars Benske og Ask Tjøm leverte en god avslutning og rodde til bronse i dobbeltsculler i EM i Ungarnn

Sendeplan

Kl. Program Kanal