Det melder Romsdals Budstikke.
– Det er Ole Gunnar som styrer jakta på nye spelarar, men vi har vore tydelege på at vi ønskjer oss ein spiss og ein kantspelar, seier administrerande direktør Tarje Nordstrand Jacobsen til avisa.
– Dersom Davy forlet klubben kjem vi til å hente ytterlegare éin spiss for å erstatte han.
For den ivorianske spissen går truleg til kinesisk fotball.
- Les også:
Mange millionar å handle for
– Vi har fått ein førespurnad frå ein klubb i Kina som vi har sagt ja til. Det økonomiske er så bra for oss at vi har akseptert bodet, seier Nordstrand Jacobsen.
Ifølgje Romsdals Budstikke dreiar det seg om eit bod på om lag 10 millionar kroner.
Frå før er Vegard Forren selt til Premier League-klubben Southampton for ein sum som skal vere på over 30 millionar.
- Les også:
Dermed kan det den doble seriemeisteren få godt med overgangspengar.
Bør vere interessante?
Tidlegare har Mame Biram Diouf enda i Manchester United etter nokre år i Molde. Også Pape Pate Diouf og Knut Olav Rindarøy har fått sjansen utanfor Noreg sine grenser.
Med to nye spelarar på veg ut for gode summar bør Molde ha meir enn kjøpekraft. Dei er nok også svært interessante for spelarar som vil opp og fram.
Molde-manager Ole Gunnar Solskjær har tidlegare vore klar på at spelarane skal få sjansen dersom sjansen byr seg.
No må han derimot hente nye angriparar, truleg tre. Molde har allereie reist til La Manga og Copa del Sol.
Med seg dit har dei austerrikar og venstreving Julian Erhart frå SC Rheindorf Altach. I tillegg til 20-åringen har dei med seg 29 år gamle Hannes Sigurdsson.
- Les også: