Den vesle argentinaren scora sitt åttande hat trick i meisterligaen, og det er rekord. Han viste at han er tilbake etter eit skuffande VM i sommar. Messi har allereie fire mål bak seg i La Liga denne sesongen, og plussa på med tre nye i meisterligakampen heime på Camp Nou i kveld.
Messi har dermed også scora i 14 meisterligaer på rad – ein rekord han deler med Real Madrids legende Raul. Og han har scora 104 mål i dei turneringane.
Barcelona er i gang igjen, 23 veker etter at dei blei brutalt dumpa ut av meisterligaen i kvartfinalen førre sesong. Ni av dei elleve som starta der, starta også i kveld.
PSV yppa seg med eit par gode sjansar i byrjinga av kampen. Men det ville ikkje Barcelona og Messi ha noko av.
1-0-målet kom på eit kunstverk av eit frispark frå argentinaren – hans åttande direkte frisparkmål i år. Etter det såg ikkje Barcelona seg tilbake. Ousmane Dembélé sette inn 2-0, og Messi plussa på både det tredje og det fjerde.
Malurten i begeret kom då Samuel Umtiti fekk sitt andre gule kort og måtte rusle av bana drygt ti minutt før full tid.
For Barcelona var dette den 27. kampen på rad utan tap i europeiske turneringar. 25 av dei har gitt siger.
Tottenham sprakk
I den andre kampen i gruppe B såg Tottenham ut til å ha kontroll. Christian Eriksen sende engelskmennene i føringa like etter pause, og verka for å gå mot tre sterke bortepoeng.
Men ut av det blå dukka Mauro Icardi opp og banka inn utlikninga på heil volley fem minutt før full tid. Og på overtid gjorde Matías Vecino snuoperasjonen komplett ved å heade inn 2–1.
Tottenhams superspiss Harry Kane har ikkje funne tilbake til taktene som gav han toppscorartittelen i VM, og kom til få sjansar i denne kampen. Tottenham gjekk dermed på sitt tredje tap på rad.
For 70.000 Inter-fans blei det ein jubelkveld, seks og eit halvt år etter førre gong klubben spela i meisterligaen.