Hopp til innhold

Meiner Noreg blir ramma av Uefa-reglar: – Både merkeleg og uheldig

Noreg startar kvaliken med to tøffe bortekampar, og i tillegg er det eit utkvilt Georgia som ventar berre tre dagar etter Spania-bataljen. Oppsettet blir stempla som urettferdig.

TQM56SfVvuM

KLAR TIL NY DYST: Noreg tapte mot Spania, men tysdag kjem det eit nytt høve til å ta viktige EM-kvalikpoeng.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Den biten der er nok det mest uheldige med heile trekkinga.

Det seier NRKs fotballekspert Åge Hareide om det som har vorte ei knalltøff opning på EM-kvaliken for Noreg.

– Både merkeleg og uheldig

For den vanskelege bortekampen mot Spania, som enda med 0-3-tap, blir følgd av ei lang reise og ny bortekamp mot Georgia tysdag kveld.

Og attpåtil eit utkvilt georgisk lag som i praksis hadde spelefri laurdag.

– Eg skjønner ikkje kvifor det blir sett opp to bortekampar på rad for Noreg når ein har høve til å spele borte og heime annankvar gong. Heime i kamp to hadde vore mykje betre for Noreg. Det der er både merkeleg og uheldig, seier Åge Hareide.

qGJr_7vnEQ8

Åge Hareide følgjer landslaget tett for NRK. Her under ei Noreg-trening i Marbella.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Uefa-reglar gjer at lag i grupper med fem blir tvinga til å spikre kampar dei gongene dei ikkje får teljande kamp på kvalikdatoar. Dette for at kampbelastninga skal bli så lik som mogleg for alle lag.

Georgia løyste dette med å setje opp ein kamp mot miniputtane Mongolia, eit av verdas dårlegast rangerte lag, same dag Noreg møtte Spania.

– Det var med B-laget

Så då Martin Ødegaard & co. la ned ein kraftig innsats om poeng mot spanske stjerner laurdag kveld, hadde eit reserveprega Georgia allereie slått Mongolia 6-1 tidlegare på dagen.

– Det var med B-laget, og det visste vi kom til å skje, seier Ståle Solbakken.

Georgias store stjerne Khvicha Kvaratskhelia kom til dømes aldri på banen i den kampen.

– Det er jobben vår no å bli fysisk og mentalt taktisk restituert, det er det som krevst av oss. Det krev ikkje like mykje av dei. Men den terminlista har lege der lenge, og vi har vore førebudde på at starten kunne bli veldig, veldig tøff, innrømmer Ståle Solbakken.

f5nr9ThAwhc

Ståle Solbakken var fornøgd med mykje mot Spania.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Noregs to største konkurrentar i gruppa blir ikkje ramma av same ulempe.

Verken Spania eller Skottland er sett opp med to bortekampar på rad i løpet av same samling og periode. Dei gongene Spania og Skottland har to eller fleire bortekampar på rad, er det spreidd over fleire samlingar.

Uefa svarer

Det europeiske fotballforbundet tek ikkje noko sjølvkritikk på oppsettet. Til NRK fortel Uefa at dei har teke miljøomsyn når det gjeld terminlista.

– Vi har respektert omsynet om å hindre overdriven reiseaktivitet, skriv Uefa i ei melding til NRK.

Ståle Solbakken innrømmer at Noreg har tenkt heilt likt som Georgia når det gjeld å utnytte manglane ved dette systemet.

Så når Georgia kjem til Ullevaal i september, rett nok etter å ha spelt heimekamp mot Spania nokre dagar før, har Noreg spikra treningskamp mot Jordan på Ullevaal same dag som Georgia møter Spania.

Alexander Sørloth svarer «ja» på NRKs spørsmål om det er kritikkverdig av Uefa å setje opp kampane på denne måten, men vil ikkje bruke noko tid på å irritere seg over det.

– Eg veit ikkje kor mykje energi vi skal leggje i det, no vart det berre sånn. Sjølv klarer eg ofte å kose meg på flyturar, då speler eg kort og har det fint med «gutta boys», så eg trur det skal gå fint, seier Sørloth.

Også målvakt Ørjan Nyland lever fint med at det vart dobbel bortekamp og ein meir utkvilt motstandar denne gongen.

– Viss du ser framover skal vi ha fire heimekampar på dei neste fem etter denne samlinga, så sånn sett er det er ok. Vi kan like gjerne ta det no i byrjinga og bli ferdig med det. Vi skal ned og gjere ein jobb, og det er det einaste fokuset vårt, seier Ørjan Nyland.

Slutta å forhandle om kampar

I desse dagar flyr ikkje pressa saman med landslaget, slik ein pleidde før, men på grunn av ein kronglete reiseveg mellom Malaga og Batumi fekk pressekorpset sitje på med charterflyet til landslaget til Georgia.

Etter forseinkingar i Spania landa laget 00.45 lokal tid (22.45 norsk tid) i Batumi, etter å ha lagt bak seg ein lang flytur på over fem timar.

Les også: – Hans definitive gjennombrudd for Norge

XHLIjE7KdgM
XHLIjE7KdgM

Sjølv om Åge Hareide stemplar terminlista som merkeleg, har han forståing for at Uefa får bestemme kampoppsettet på eiga hand og utan innblandinga til laga.

– Då eg var landslagstrenar forhandla vi med dei andre landa om korleis kampoppsettet skulle vere. Eg hugsar då vi var i kvalikgruppe med Tyrkia og Hellas, og då var det frykteleg vanskeleg å få til ei løysing. Då trur eg Uefa gav opp at laga skulle bli samde seg imellom, seier Hareide.

«Alle» skjønte at bortekamp mot Spania ville bli tøft, men Hareide åtvarar samtidig mot at Georgia også blir ei hard nøtt å bryte for Solbakkens menn.

– Vi hadde Georgia i gruppa vår i EM-kvaliken med Danmark i 2019, då smadra vi dei i Parken og spelte 0-0 borte i Georgia. Det er stor forskjell på dei heime og borte, meiner han.

Ståle Solbakken er spent før oppgjeret.

– Det var mykje positivt mot Spania, men det som sit igjen er at vi tapte 0-3. Vi er framleis under press og må ha poeng i Georgia. Eller, må og må, vi bør i alle fall ha det for å ha eit godt utgangspunkt for dei fire heimekampane som kjem på dei neste fem, seier han til NRK.

Avspark i Georgia er 18.00 tysdag kveld. Kampen kan du sjå på TV 2 eller høyre på NRK Sport på radio.

Siste nytt

  • Sergio Ramos ferdig i PSG

    Det er ikke bare Lionel Messi PSG-fansen tar farvel med lørdag. Også Sergio Ramos spiller sin siste kamp for klubben.

    Det bekrefter midtstopperen på sin Instagram-konto.

    – I morgen blir en spesiell dag. I morgen sier jeg farvel til en periode i livet mitt. Takk for to spesielle år der jeg fikk spille i alle turneringer og gi alt. Jeg skal møte nye utfordringer, jeg skal spille i andre farger, skriver spanjolen.

    Ramos' kontrakt med PSG utløper i slutten av juni. Hvor veteranen spiller neste sesong er foreløpig uvisst.

    Sergio Ramos
    Foto: Laurent Cipriani / AP
  • Sterk borteseier i Fiorentinas generalprøve

    Onsdag spiller Fiorentina for serieliga-trofeet når de møter West Ham. I generalprøven mot Sassuolo seiret de 3-1.

    Arthur Cabral, Riccardo Saponara og Nicolas Gonzalez scoret målene i den sterke borteseieren. Domenico Beraris Sassuolo-mål ble bare av det trøstende slaget.

    For vertenes del hjalp det ikke at Ruan og Rogeri fikk hvert sitt røde kort og at Sassuolo dermed avsluttet kampen med ni mann.

    Dette var disse to klubbenes siste seriekamp for sesongen. Fiorentina ender trolig på en 8. plass, mens Sassuolo akkurat nå er på 13. plass.

    Emil Konradsen Ceïde spilte fra start for Sassuolo, men ble byttet ut i det 58. minutt. Kristian Thorstvedt var ikke i troppen.

    Italy Soccer Serie A
    Foto: Michele Nucci / AP
  • Ny verdensrekord på 1500 meter kvinner

    Kenyanske Faith Kipyegon tok fredag kveld verdensrekord på 1500 meter for kvinner i Firenze.

    Kipyegon var lenge foran «haren» til verdensrekorden, og klarte å holde helt inn til en historisk bragd.

    Kipyegon endte nesten åtte sekunder foran britiske Laura Muir, som tok 2.-plassen i Firenze. Kenyanerens tidligere bestetid var på 3.50, 37. Den satte hun i Monaco i fjor sommer.

    Tiden ble utrolige 3.49.11, og med det slo hun Genzebe Dibaba sin gamle rekord på 3:50.07. Hun er nå første kvinne til å løpe 1500 meter på under 3 minutt og 50 sekund.

    – Et fantastisk løp, det var perfeksjon, sier NRK-kommentator Jann Post.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste