Hopp til innhold

Meiner dette møtet viser Putins desperasjon: – Ein frykteleg pinleg situasjon

Qatars emir takka Vladimir Putin for god støtte og samarbeid på vegen mot fotball-VM i november. Ekspert tykkjer det heile er skammeleg.

Kazakhstan Summit

VEKKJER OPPSIKT: Her sit emir Tamim bin Hamad al-Thani saman med Vladimir Putin i Kasakhstan.

Foto: Vyacheslav Prokofyev / AP

– Etter at Russland gjorde stor suksess i å organisere VM i 2018, har russiske venner gitt stor støtte til Qatar, spesielt med tanke på organisering i lag med VM-komiteen i 2022, sa Qatars emir Tamim bin Hamad al-Thani, ifølgje The Guardian.

Han møtte Russlands president Vladimir Putin i Astana i Kasakhstan torsdag.

Til Putin direkte, sa han:

– Vi takkar deg for dette og vi er stolte over dette forholdet. Det vil halde fram til VM er over. Eg er veldig glad for å sjå deg. Tusen takk.

Summit of the Conference on Interaction and Confidence-building Measures in Asia (CICA) in Astana
Foto: TURAR KAZANGAPOV / Reuters

Det skjer sjølv om Qatar fordømde Russlands annektering av Ukraina tidlegare i veka.

Putin responderte med å love emiren at Russland gjer alt dei kan for å dele erfaringane dei har frå å arrangere eit VM, og sa:

– Eg er sikker på at det vil bli ein suksess.

Det får fleire til å løfte augebryna.

– Pinleg

Berit Lindeman, som er generalsekretær i Helsingforskomiteen og medlem i etisk komité i Noregs Fotballforbund, er lite imponert over utsegna.

– Det at Qatar samarbeider, eller tillyser samarbeid om VM med nettopp Russland, er jo skammeleg, seier Lindeman til NRK, men står fast ved at ho trur det heile er eit påskot.

Berit Lindeman

STUSSA: Generalsekretær Berit Lindeman.

Foto: PRIVAT

Landet er særs oppteken av å sikre interesser innanfor politikk, handel og gass, og då blir fotball-VM eit naturleg samtaleemne, meiner ho.

– Dei prøver å sukre pilla gjennom å møte Putin, og for å prøve å ha opne kanalar til Russland. Så blir fotball-VM noko dei kan snakke om, og uttrykke noko rundt. Dei kan for eksempel ikkje snakke i fellesskap om Ukraina, for der har dei motstridande syn, forklarer Lindeman.

Generalsekretæren tykkjer det er openbert at Qatar ikkje bør samarbeide med Russland om VM, og burde ha avslutta det etter invasjonen av Ukraina.

Putins svar meiner ho vitnar om eit land med desperat behov for støtte.

– Det er jo ein frykteleg pinleg situasjon for Russland. Det som det sannsynlegvis dreiar seg om, er at Russland ynskjer støtte og samarbeid med Qatar om gass og næring. Putin har få venner igjen, og han prøver å halde fast på det han kan finne.

Lindeman meiner det berre er ein måte å hindre at slike situasjonar skjer igjen.

– Vi må slutte å legge dei internasjonale meisterskapa til diktatur og totalitære statar, og så unngår vi slike håplause situasjonar i framtida, seier ho.

Les også Qatar forbereder seg på fengslede VM-fans – supporterunion slår sikkerhetsalarm

Fotballsupportere utenfor Lusail stadion, der VM-finalen skal spilles 18. desember.

Meklarrolle

Rania Maktabi, førsteamanuensis i statsvitskap ved Høgskulen i Østfold, fortel at samtalen speglar Qatars politiske linje.

Dei «snakkar med alle», så lenge det fremjar eigne interesser.

Rania Maktabi

EKSPERT: Maktabi har forska på politiske forhold i Midtausten.

Foto: Høgskolen i Østfold

– Sett frå et vestleg og Nato-alliert ståstad er det lite ynskjeleg å dra ein krigførande og aggressiv statsmakt inn i varmen, slik sjeik Tamim gjer når han utvekslar vennlegsinna passiar om fotball med president Putin og eit krigførande Russland. Men, sett frå sjeikens side, så er det «business as usual», seier Maktabi.

Qatars utanrikspolitikk har sidan 1995 blitt bygd på ein måte som gjer den meir interessebasert enn ideologisk basert. Landet vil stå fram som ein uavhengig tredjepart, og som ein brubyggjar mellom partar i konflikt, fortel ho.

Maktabi fortel vidare at denne balansegangen er det få arabiske statar som maktar å føre, og at det er to grunnar som gjer at Qatar klarer å halde oppe ein slik «motstridande» balansegang.

– Qatar husar den største amerikanske militærbasen i Midtøsten. Dermed er det ikkje lett for supermakta USA, eller andre statar som er alliert med USA, å kritisere landet, seier ho og held fram:

– Den andre grunnen er at Qatar er eit styrtrikt land. Finansielle musklar smør ein kvar form for misnøye eller mistru mot qatarske myndigheiters val av politisk kurs, seier ho.

Ganske forventa

Mari Norbakk, som er postdoktor ved Christian Michelsens institutt, og sosialantropolog med spesialisering på Midtausten og særskilt Qatar og Egypt, meiner samtalen truleg ikkje vekkjer store reaksjonar innanfor landet.

– Eg trur ikkje at det qatarske folket ser på det som motsetnadsfylt at dei møter Putin same veke som dei signerte resolusjonen som fordømmer Russland. Dei har jobba hardt for å ha ein rolle som meklar, så slik sett er dialogen med Russland venta. Men eg trur jo ikkje at dette blir veldig populært mellom europeiske land, seier Nordbakk til NRK.

Mari Norbakk

IKKJE OVERRASKA: Postdoktor og sosialantropolog Mari Norbakk.

Foto: Chr. Michelsens Institutt

Ho er usikker på korleis ho skal tolke temaet om VM.

– Eg les det kanskje som at russarane brukar det til å posere, og gir eit inntrykk av, eller viser, at dei får tilgang til Doha sjølv om laget blei sparka ut, og at dei er avgrensa av reise-forbod andre stader, seier ho.

Likevel vil ho ikkje leggje for mykje i påstanden om samarbeid.

– Qatar har jo vore og blitt observert ved fleire store arrangement, ikkje berre i Russland fram mot VM, så eg personleg tillegg det ikkje meir meining enn som så, seier ho.

Les også Homofil qatarer kritiserer NFF: – Er det greit å trakassere igjen etter 28 dager?

Nasser Mohamed

Sportsnyheter

NTB_9pxhg9OJA68.jpg

Dag Erik Pedersen bisettes i Helgeroa: – Den siste store TV-personligheten

Mange ønsket å ta et siste farvel med den folkekjære programlederen.

Jubel etter at Narvik ble tildelt alpin-VM i 2029. Det internasjonale ski- og snowboardforbundet (FIS) kunngjorde sin beslutning etter et styremøte i forkant av onsdagens FIS-kongress i Reykjavik. Handout. Bildet inngår i NTBs tilbud til abonnenter på nyhetsfoto. Bildet skal kun benyttes i forbindelse med angitt sak. Foto: Norges Skiforbund / handout / NTB

Drama i kulissene da Narvik fikk VM: – Et råttent spill

Det var en heftig kamp på bakrommet da Narvik og Norge fikk tildelt VM i alpint. Norske skitopper mener FIS-ledelsen ønsket å presse ut Norge.

ASpJd7iNfFM

Ekspertene misfornøyde etter superstjernens åpningskamp: – Han spiller Haaland-rollen

«Hey Jude» runget over stadion i Tyskland da England vant åpningskampen i EM. Men ekspertene var ikke fornøyde med hærfører Harry Kanes rolle i laget.

Siste nytt

  • Rettssak etter Rubiales' kysseskandale i februar neste år

    Den tidligere fotballtoppen Luis Rubiales må møte i retten i februar som følge av at han kysset Spania-spiller Jennifer Hermoso på munnen.

    Det melder nyhetsbyrået AFP og flere spanske medier.

    AFP siterer den spanske domstolen på at rettssaken er lagt til februar. Rubiales er tiltalt for seksuelt overgrep og tvang etter at han kysset Hermoso på munnen under feiringen av de spanske fotballkvinnenes VM-gull i fjor.

    Rubiales var da fotballpresident i Spania.

    Det ble utferdiget tiltale mot Rubiales i januar, og en dommer i La Audiencia Nacional (den nasjonale retten) avgjorde i mai at det vil bli gjennomført rettssak mot Rubiales og tre andre forbundsansatte. (NTB)

    tbTHMp4PT4Y
    Foto: AFP
  • Nesten en halv million seere så Tysklands EM-åpning

    Seertallene for de første EM-kampene er klare. De viser at kampen mellom Tyskland og Skottland trakk nesten 500.000 seere, men en kamp var mer populær.

    Under den TV 2-sendte åpningskampen mellom Tyskland og Skottland var det i snitt 488.000 som så på, viser tall Kampanje har hentet inn. Seertoppen var på 573.000 seere.

    Til sammenligning var det 653.000 seere under den NRK-sendte åpningskampen mellom Tyrkia og Italia i EM i 2021.

    Åpningshelgen ble avsluttet med Serbia-England, som også var kampen som dro flest seere i starten av EM. 599.000 personer benket seg ned for å se Englands 1-0-seier. Seertoppen her var på 665.000 seere.

    NRK sendte kun to kamper i åpningshelgen. De hadde flest seere under Italia-Albania med 294.000 seere i gjennomsnitt, ifølge Kampanje.

    (©NTB)

    florian wirtz
    Foto: AP
  • Kilde tilbake på ski denne uken

    Aleksander Aamodt Kilde skal endelig få kjenne snø under skiene igjen fem måneder etter fallet i Wengen. Onsdag tester han seg i Snø-anlegget i Lørenskog.

    Det har vært stor usikkerhet knyttet til Kildes tilstand etter det stygge fallet i utforrennet i sveitsiske Wengen 13. januar. Han har vært gjennom flere operasjoner og en lang opptreningsperiode, og nylig var han tilbake på trening sammen med resten av alpinlandslaget.

    Kilde pådro seg et alvorlig kutt i leggen og skadet skulderen i fallet. Han er fortsatt i opptrening, og senest i forrige uke visste han ikke når han skulle trene på ski igjen.

    Kilde satser videre mot kommende sesong, men har kjent på mye usikkerhet rundt om han kan komme seg tilbake i verdenstoppen.

    – Ja, definitivt. Og det er jo fortsatt en usikkerhet. Jeg kjenner jo på det, om ting kommer til å komme tilbake til normalen, sa han sist uke.

    (©NTB)

    Aleksander Aamodt Kilde
    Foto: Martine Sørhus / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal