Hopp til innhold

Stortalentet følte seg som eit gjenferd: – Eg levde nesten eit dobbeltliv

«Han andre Martin» skulle bli Noregs neste superstjerne. Det gjekk ikkje heilt etter planen.

VM-kvalifisering fotball menn: Norge Ð Tyskland.

I SENTRUM: Martin Samuelsen tok landslaget med storm før nedturen begynte.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB

– Det blei veldig korte vennskap.

Kven gidd å vere med ein sånn fyr lenge?

Dette er berre nokon av dei nådelause skildringane Martin Samuelsen byr på om seg sjølv.

Martin Samuelsen

DEN GANG DÅ: Stortalentet Martin Samuelsen saman med lagkameratar i SK Vard Haugesund.

Foto: Kjell Sture Jensen

Han var talentet som europeiske toppklubbar kjempa om, noko som førte til ei ungdomstid heilt utanom det vanlege:

  • Han gjekk til Manchester Citys akademi som 14-åring.
  • Debuterte med scoring for West Ham som 18-åring,
  • Imponerte Manchester United-legende etter storspel
  • Og sette sitt første A-landslagsmål året etter.

Så sa det på mange måtar stopp.

– Eg levde nesten eit dobbeltliv, reflekterer Samuelsen.

– Det gjer jo vondt

For sjølv om den dåverande tenåringen tilsynelatande «hadde alt», var det ikkje berre enkelt å leve berre for fotballen frå svært ung alder.

– Eg var ikkje ein normal gut.

Martin Samuelsen snakker ut om ensomheten og det å skulle være den neste store

ÆRLEG: Martin Samuelsen fortel om einsemda og dobbeltlivet.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Midtbanespelaren skildrar seg sjølv som utruleg konkurransedriven, og at han skulle vere best i alt. Det gjorde han einsam. Den eine dagen var han på skulen, og den neste besøkte han storklubbar rundt i Europa. Han skulle vere normal og passe inn, og han skulle jakte karriere og utvikling. Det var dette han opplevde som eit dobbeltliv.

– Eg var forvirra. «Kven er eg? Kva skal eg?» Det var mykje forvirring.

Til slutt falt valet på Manchester City, nærast berre for å ta eit val.

– Eg hugsar det som ei stormande tid. Eg var ein ung gut, men det var ikkje det første tilbodet. Det kjendest berre som at «no må eg gjere noko». Så då reiste eg.

Martin Samuelsen

LOVANDE: Samuelsen gjekk til West Ham og scora i debuten.

Foto: West Ham

Utanlandseventyret fekk ingen lukkeleg slutt for den norske yndlingen. Åra i City, overgangen til West Ham og den nemnde draumedebuten gjorde Samuelsen til allemannseige her på berget, men han klarte ikkje å leve opp til forventningane.

Premier League-debuten kom aldri. I staden blei det utlånsmaraton, liv i koffert, og etter kvart: Retur til heimbyen og FK Haugesund.

– Eg fekk mange erfaringar. Mange dårlege erfaringar. Det var ei veldig turbulent tid. Ikkje ei god tid. Du er på ei slags evig flukt, så du får liksom ikkje sett deg ned og reflektert. Du slepp på ein måte det. For det gjer jo vondt, erkjenner Samuelsen.

«Kor langt ned kan eg falle?»

Returen til Haugesund blei vendepunktet. Det gjekk opp eit lys for den da 23 år gamle Samuelsen. Han var brutalt ærleg med seg sjølv.

– Eg tenkte at «for det første, så kan eg ikkje vere det mennesket eg er no. Og for det andre, så kan eg ikkje vere den fotballspelaren heller. Eg må bli betre. Men først må eg begynne med det menneskelege».

– Eg drøymde ikkje. Eg sette meg ikkje mål. Eg gjorde ikkje gode ting for meg sjølv. Eg gjorde eigentleg alt som du ikkje skal gjere.

Han beskriv seg sjølv som eit gjenferd på den tida. Ein som ikkje fokuserte på noko. Som berre var med på livets karusell. Berre flaut.

Martin Samuelsen snakker ut om ensomheten og det å være hele Norges stortalent

FEKK HJELP: Samuelsen fekk hjelp då han var tilbake i Haugesund.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Det var ein veldig tydeleg negativ kurve. Eg tenkte «kor stoppar dette her? Kor langt ned kan eg falle?». Eg tenkte aldri at eg skulle slutte for å gjere noko anna, men eg gav ikkje alt eg kunne gi. Det låg på det menneskelege planet, forklarar Samuelsen.

Han presiserer at han aldri blei tvunge til noko, og at utanlandsopphalda til sjuande og sist var hans eigne val.

– Men eg hadde blitt «fotballspelaren Martin». Eg tenkte alltid på kva som var best for «fotballspelaren Martin». Og det er jo ikkje så bra, legg han til.

Han fekk profesjonell hjelp. Sorterte erfaringar. Reflekterte. Han visste at han ikkje kunne endre fortida, men han ville i alle fall unngå å gjere dei same feila igjen.

– Eg kallar det suksess

For fire år sidan spelte han U21-fotball med Erling Braut Haaland og Martin Ødegaard. No ser han sine tidlegare lagkameratar herje i Premier League og på A-landslaget.

– Burde det ikkje ha vore han?

– Eg kjenner av og til på det. Tankane kan flyte litt den vegen. Men då berre stoppar eg dei med ein gang. Det er ikkje vits gå der. Eg har fått oppleve mykje og vore utruleg heldig, og eg har framleis moglegheit til å oppleve mykje kjekt.

Martin Samuelsen og Martin Ødegaard før U-21-kampen mellom Norge-Kosovo i 2017

«DEN ANDRE MARTIN»: Samuelsen og Ødegaard var stortalenta som alle ville ha ein bit av.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samuelsen har lært mange lekser. At han er ein betre fotballspelar når han har det bra. Og at dersom noko kjennest feil, så er det som regel feil.

No har han det betre. Han trivst med eliteseriefotball i Haugesund, vedhogging med besteforeldre, familieselskap, julemiddag og kvardag.

Dessutan vil han på ingen måte vere med på at han er ein flopp.

Du kan seie at eg har mislukkast, fordi eg er her i Haugesund. Men eg kallar det suksess. At er har gått gjennom alt dette, og at eg er her. Det er ein kjempesuksess, avsluttar Samuelsen.

Martin Samuelsen etter Eliteserien-kampen mellom FK Haugesund - Jerv i 2022

LUKKELEG: Martin Samuelsen kosar seg i Haugesund.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal