Med skjorter og banner markerte Leeds og hundrevis av fans motstand mot den planlagde superligaen før kampen måndag utanfor Leeds' bane Elland Road.
«Fotball er for fansen», stod det på Leeds-spelarane sine trøyer under oppvarminga til kampen, som enda 1-1.
Utanfor bana hadde fansen banner med «RIP Liverpool». Liverpool er ein av dei seks Premier League-klubbane som har sagt ja til å vere med i ligaen.
Manager Jürgen Klopp har tidlegare uttrykt motstand mot ein utbrytarliga for dei beste klubbane i Europa. I eit intervju før kampen sa han at han ikkje har endra seg.
– Eg har ikkje endra meining. Eg høyrde om dette for første gong i går. Vi har fått litt informasjon, men ikkje mykje, for å vere ærleg. Det er mest det ein meir eller mindre kan lese om i aviser, sa Klopp før kampen måndag.
– Eigarane er feige
BBC-kommentator Chris Sutton kallar eigarane for feigingar som skyv andre framfor seg. Det er dei som er i front og må svare på kritiske spørsmål frå media.
– Spelarane og managerane er i ein posisjon dei ikkje fortener, fordi eigarane er feige og ikkje står fram. Kom ut og fortel oss kvifor de gjer dette. Vi vil kanskje ikkje vere samde med dykk, men vi vil godta det litt meir. No hengjer eigarane medlemmane av sin eigen klubb ut, seier Sutton.
– Vi har ikkje vore involvert i nokon prosessar, verken eg eller spelarane. Vi visste ikkje om det. No er fakta ute, så får vi sjå korleis det utviklar seg, sa Klopp.
Han hadde likevel ikkje sansen for Leeds sin skjorte-protest.
– Dersom nokon trur at dei må minne oss på at vi treng å fortene å spele i meisterligaen, er det ein vits og noko som gjer meg sint, sa Klopp til Sky Sports.
Liverpool-supporterane hadde også sjølve med banner med kritikk av klubbens superliga-medlemskap.
Tidlegare på kvelden blei Manchester Uniteds Bruno Fernandes den første spelaren frå nokon av dei 12 klubbane som uttalte seg om planane. Han posta måndag eit bilete i sosiale medium som blir tolka som eit klart teikn på misnøye med dei nye superligaplanane.
«Draumar kan ikkje kjøpast»
Wolves-spelar Daniel Podence la måndag ut eit bilete på Instagram-kontoen sin der han ramsa opp store fotballaugneblinkar og avslutta med «Det er nokre ting ein berre ikkje kan kjøpe».
Fernandes reposta deretter landsmannen Podences bilete på kontoen sin og la til teksten: «Draumar kan ikkje kjøpast». Det blir tolka som eit klart signal om at Solskjær-eleven ikkje er begeistra for planane om ein ny europeisk superliga.
Kampen enda 1-1, etter at laga var best i kvar sin omgang. Sadio Manés scoring etter ein halv time gav Liverpool leiing ved pause.
Sjå Liverpools scoring i første omgang (video med løyve frå TV 2):
Det såg ut til å vere nok til tre poeng, men etter 87 minutt sette Diego Llorente inn utlikninga Leeds fortente.
Sjå Leeds' utlikningsmål (video med løyve frå TV 2):
Liverpool blir dermed ståande med 53 poeng, to poeng unna fjerdeplassen som gir meisterliga neste sesong.
Om ikkje superligaen lagar krøll i reknestykket.