– I disse tider når VM er på et kritisk punkt med omsyn til rettar for migrantarbeidarane, er det på tide at Fifa hever stemma. Dei må snakke om ettermæle sitt. Vi har ikkje høyrt eit ord.
Det seier Ambet Yuson. Han er generalsekretær i BWI, ein arbeidstakarorganisasjon i Qatar som jobbar tett med Det internasjonale fotballforbundet.
Han er nådelaus mot Fifa sin handtering av kontroversane rundt VM i Qatar.
Ser utvikling
NRK møtte Yuson i Qatar for å snakke om jobben BWI gjør for arbeidarane i landet.
BWI er velkomne av qatarske myndigheiter, seier han, og fortel at det har skjedd framskritt i helse- og arbeidsforholda i byggebransjen de siste årene.
– Det er sjølvsagt problem her, men eg vil fokusere på framstega. Standarden er no på nivå med Europa, så eg kan seie at det har skjedd endringar, seier Yuson.
FRAMANDARBEIDAR: Det har vore mange framandarbeidarar i sving for å bygge stadiona for VM neste år.
Foto: Halvor Ekeland / NRKI 2018 hjelpte blant anna BWI til med innføringa av ein ny arbeidslov i Qatar. No har arbeidarane krav på minimumslønn, og dei har fått etablert arbeidskomitear. Det er eit grep BWI tar for å vareta arbeidarane sin klager og rettar.
– For oss var det eit stort skritt, eit skritt som takast seriøst og som dei skal implementere i landet. Samarbeidet har vakse over mange år, og eg kan seie at det har skjedd nokon endringar her, seier Yuson.
På spørsmål om kva som framleis manglar, trekker han fram underleverandørane som ein stor utfordring.
– Korleis kan vi vite at arbeidsgivarane vil følge arbeidsloven? I bygningsindustrien er utfordringa alle underleverandørane, men vi samarbeider med myndigheitene om dette, seier Yuson.
Ut mot Fifa
Han meiner at BWI har gjort ettermælet til Qatar etter VM betre. Dei har fått moglegheita til å utdanne arbeidarane i sine rettar og hjelper til i kommunikasjon i samband med klager og tilbakemeldingar til arbeidsgivar.
Yuson håper at BWI sitt arbeid får fortsetje etter VM óg, men han meiner at Fifa må få opp auga.
– Eg meiner vi har eit potensial her. Eg fortel dei (fotballforbunda) at ettermælet til Qatar og VM vil vere forbetring for migrantarbeidarane, seier Yuson og fortset:
– Derfor er det viktig at vi kommuniserer dette og at Fifa tar del i det. At Fifa kjenner sitt ansvar. Dette gjeld ikkje berre ettermælet til Qatar, det er óg ettermælet til Fifa som organiserer VM.
– Fifa burde gjere meir. Fifa si stemme burde vere høgare og Fifa burde snakke om forbetringar for migrantarbeidarane.
– Har ikkje Fifa gjort det?
– Nei.
Han er glad for at fotballen viser interesse og tar del i problematikken. Likevel saknar han at øvste hold involverer seg.
– VM er ikkje berre om fotball, det er også om menneskerettar, spelarane sin rettar og arbeidarane som gjorde dette mogeleg. Fotballforbunda snakkar og det er viktig, men det er også eit signal til Fifa om å gjere meir.
– FIFA må kommunisere betre. FIFA må snakke om sin forplikting. Det er no dei må snakke om sitt ettermæle. Qatar har gjort ein bra jobb, men vi har ikkje høyrt eit ord frå FIFA, avsluttar han.
Avskriv ansvaret
I et svar skriv Fifa at Yuson i ein debatt tysdag anerkjente at arbeids- og levekåra i Qatar gradvis forbetrast takka vere VM, og at de fortset «å presse på for å betre trygginga av arbeidarar og for å fremme implementeringa av de breiare arbeidsreformene i Qatar.»
Les hele svaret frå Fifa nedst i saka.
Fifa-president Gianni Infantino seier til NRK at han har involvert seg helt frå da Qatar fekk tildelt VM og hatt kontakt med emiren i Qatar, myndigheitene og Supreme Committee (arrangørkomiteen).
– Eg har sett opne dører. Alt er sjølvsagt ikkje perfekt, men endringar har skjedd. Eg trur det er trygt å seie at utan VM og utan søkelyset frå VM, hadde desse endringane tatt fleire tiår, seier Infantino.
SVARER: – Det er ikkje FIFAs oppgåve å seie dette, vi er ein sportsorganisasjon, seier Fifa-president Gianni Infantino.
Foto: Karim Jaafar / AFPHan trekker fram at Kafala-systemet er avskaffa og at migrantarbeidarane kan byte jobb. Likevel meiner han at det ikkje er Fifa sin oppgåve å seie at sikkerheita for arbeidarane har forbetra seg.
– Det er ikkje FIFA si oppgåve å seie dette, vi er ein sportsorganisasjon. Det er arbeidstakarorganisasjonar og internasjonale institusjonar si oppgåve.
Det meiner han er eit viktig poeng.
– Vi må anerkjenne det, og vi må oppmuntre Qatar og andre land i gulfen og andre land i verd til å omfamne desse endringane og gjere framskritt knytt til arbeidsrettar, sa Infantino før han snudde seg til neste spørsmål frå ein annan journalist. Det lydde som følger:
– Alle stadiona er n ferdig. Kva vil du seie om den prestasjonen, at dei er ferdige eit heilt år før meisterskapen?