Bakgrunnen er NIFs krav om at det ikkje skal kårast vinnarar i barneidrett, det vil seie under 12 år. Dette er kravet som har stått i vegen for at Noregs Sjakkforbund (NSF) skulle blitt medlem i Noregs Idrettsforbund, og dermed kunne nyte godt av tippemidlar.
NSF meiner at det er veldig vanskeleg å nå toppen utan å konkurrere i ung alder.
– Vi kan sjølvsagt endre tildelinga gjennom spelmidlane, men det har vi ingen planar om å gjere no. Eg håpar dialogen mellom sjakkforbundet og idrettsforbundet kan utvikle og finne nokre gode grensegangar, seier kulturminister Trine Skei Grande til NRK.
Problemstillinga kom til overflata tidlegare i sommar, i samband med bettingselskapet Kindreds tilbod om 50 millionar kroner til sjakken, mot at sjakkforbundet skulle arbeide aktivt for å avvikle spelmonopolet i Noreg. Eit tilbod sjakk-kongressen til slutt takka nei til.
Krevjande å bli god utan tidleg konkurranse
– Er det umogeleg å bli meister om ein ikkje får konkurrere i ung alder?
– Ein skal aldri seie aldri, sa NSFs generalsekretær Geir Nesheim til NRK i førre veke.
– Men i sjakken er det ei allmenn oppfatning at ein må byrje tidleg for å bli veldig god når ein er 15–18 år. Då skal ein helst vere stormeister og nærme seg verdstoppen for å kunne gå heile vegen i løpet av karrieren.
– Om ein ikkje får spele internasjonalt før i 12-årsalderen, blir det veldig krevjande, sa Nesheim.
I samband med sjakk-OL i Tromsø i 2014 var det forhandlingar om NIF-medlemskap, men det førte ikkje fram.
– Diskusjonen vil kome opp igjen, trur Nesheim.
– Sjakken og idretten må finne ut av dette
Korleis det skal gjerast i Noreg, vil ikkje kulturministeren ha noka meining om.
– Det som idretten og sjakken må finne ut av, er korleis regelverket skal handterast. Det skal ikkje ein statsråd legge seg opp i.
Grande følgde Kindred-debatten tett, men ho vil ikkje meine noko om at det er eit utanlandsk betting-selskap som stod bak.
– Er du uroa over at bettingbransjen flørtar med sjakkforbundet – eit sveltefôra forbund som knapt har pengar på bok?
– Vi skal bidra til gode løysingar, men no er det ein dialog mellom sjakkforbundet og idrettsforbundet. Den skal ikkje eg blande meg borti. Eg har stor tillit til at dei finn gode løysingar sjølv.
I kjølvatnet av Kindred-debatten har NIF på nytt invitert NSF til forhandlingar om medlemskap. Det ser Nesheim positivt på.
– Eg veit ikkje om det er noko nytt sidan sist. Vi skal nok ha ein prat med idrettsforbundet, men først må sjakken diskutere spørsmålet internt.