Hopp til innhold

Kritisk til Kollen-femmila: – Ein kan sette spørsmålsteikn ved underhaldningsverdien

Det er intern usemje i det norske kvinnelandslaget om ei femmil burde stå på verdscupprogrammet. Bra med diskusjon, meiner landslagstrenaren.

Dc1VmhuKuBA

STØTTAR DISKUSJON: Landslagstrenar, Sjur Ole Svarstad, er skeptisk til femmil for kvinner.

Foto: NTB

– Det er utruleg langt og det tar på kroppen, seier Kristin Austgulen Fosnæs til NRK, etter å ha fullført femmila i Holmenkollen.

VnP_3YqSBnE

FEKK DET TUNGT: Kristin Austgulen Fosnæs var blant dei som fekk det tungt under femmila i Holmenkollen.

Foto: NTB

– Der er eg vel klinkande på at, ja, eg synest at femmil er ein heftig distanse, seier Astrid Øyre Slind.

For andre gong i historia blei ei femmil for kvinner gjennomført. For Fosnæs blei rennet ein tung affære. For Slind ein opptur.

Fosnæs blei nummer 26, over 10 minutt bak svenske Frida Karlsson, som vann rennet.

– Dette vil eg gjere igjen, ikkje nå og ikkje i morgon, men spør meg igjen om eitt år, seier Frida Karlsson til NRK.

Karlsson innrømmer at åtvaringar om ein femmil-sprekk gjorde ho litt usikker.

– Eg blei ganske overraska da eg fekk ei luke der, men så tenkte eg: ingen hugsar ein feiging.

Beste norske var Slind, som blei nummer sju.

Nest beste norske blei Heidi Weng på ein 15. plass, men ho var seks minutt bak Karlsson.

Les også Spesiell treningsmetode ga Kollen-suksess: – Ikke vanlig å ha slike økter

Verdenscup i Holmenkollen 2024

Weng har tidlegare sagt til NRK at ho meiner ei femmil ikkje har noko å gjere på konkurranseprogrammet i verken verdscup eller i meisterskap. 32-åringen, som har 111 pallplassar i verdscupen, meiner at ei tremil er meir enn langt nok.

Etter rennet i Kollen kan ikkje Fosnæs gjere anna enn å seie seg einig.

– Eg slenger meg på Heidi Weng nå, seier 23-åringen.

– Den meininga fekk du etter dagens renn?

– Eg fekk han i alle fall ikkje mindre etter dagens renn.

Den svenske langrennsløperen Frida Karlsson spurter inn til sin første seier på femmila i Holmenkollen.

Bra dei diskuterer litt

Ei undersøking frå 2018 viser at berre 8,1 prosent av dei kvinnelege verdscupløparane ønskte at dei skulle gå same distanse som mennene. Likevel vedtok Det internasjonale Skiforbundet (FIS) I 2022 at kvinner og menn skal gå same distanse. Blant anna femmil.

Landslagstrenar for kvinnene, Sjur Ole Svarstad, meiner at dei må forhalde seg til at det står femmil på programmet.

– Det er bra det at dei diskuterer litt, seier landslagstrenaren og halde fram:

– Så får det vere opp til dei som ser på å måle underhaldningsverdien av ei femmil kontra ei tremil, men det er i alle fall femmil vi må forhalde oss til, nå til dags.

Les også Weng hardt ut mot Kollen-femmila – meiner «turrenn» høyrer heime i Ski Classics

Cross-Country Skiing, FIS World Cup, Canmore, Women's 20km

– Men kva meiner du? Er det langt?

– Eg tenker jo ved enkelte høve og på enkelte føre, så kan ein sette spørsmålsteikn ved underhaldningsverdien i det, det kan ein, men det kan jo variere. I fjor var det ei veldig tett og jamn femmil her. Det er sånn som kan variere frå gong til gong.

Ueinige

Slind var blant dei som lenge klarte å tukte svenskane under femmila i Kollen, men da Karlsson rykte frå var òg Team Aker Dæhlie-løparen sjanselaus.

Likevel er ho tydeleg på at ei femmil har fleire spennande moment.

– For det første blir det eit taktisk meir spennande renn. For det andre set det kravet til både ernæring og posisjonering undervegs i løpet, påpeikar ho.

qjlFHG23yjM

INTERN USEMJE: Astrid Øyre Slind vil gjerne ha femmil for kvinner. Det vil ikkje Heidi Weng.

Foto: NTB

– Kva tenker du om at ikkje alle synest det same?

– Alle er ikkje einige i verda og det er jo heilt greitt, det. Men akkurat femmila i Kollen er det noko stort over. Når du søker på gamle skiløparar, så får du opp talet på medaljar i OL og VM, og talet på sigrar i Kollen. Det seier noko om statusen til femmila. Eg synest ikkje at ei tremil har den same statusen, så eg synest det er kult at vi får gå fem, påpeikar ho.

Landslagstrenaren, på si side, forstår at både Weng og Fosnæs er skeptiske.

– Ja, det kjem litt an på kor tett rennprogrammet er. Nå har vi jo mange konkurransar neste veke òg, for dei som skal gå alt så er det hektisk. Men det er jo nokon som klarer det òg, så vi får berre stå på, seier han vidare.

I år stilte Noreg med 12, av i alt 37 utøvarar på femmila. Berre Slind blei topp ti.

Spilles av
Nusa med drømmescoring - bilder fra TV 2 Direkte
Neste

Siste nytt

  • Historisk Ohtani-show sendte Dodgers til World Series

    Shohei Ohtani sto for en uhørt prestasjon med ti strikeouts og tre homeruns da Los Angeles Dodgers slo Milwaukee Brewers 5-1 og tok seg til World Series

    Japanske Ohtani er uten sidestykke i baseball som en av veldig få i historien som både utmerker seg som kaster og slagmann, og Ohtani nektet Brewers poeng i de seks omgangene han fullførte, med ti strikeouts.

    Dodgers vant semifinalen i fire strake kamper og kan bli første lag som forsvarer Major League Baseball-tittelen siden New York Yankees vant sin tredje strake for 25 år siden..

    en baseballspiller i blå uniform
    Foto: Ashley Landis / AP / NTB
  • Brandsegg-Nygård vant norsk duell i NHL – ble utvist i seieren mot Lillebergs Lightning

    Michael Brandsegg-Nygård fikk sin første NHL-utvisning i seieren mot Emil Lilleberg og Tampa Bay Lightning. Detroit Red Wings har nå vunnet fire strake kamper.

    20-åringen måtte ta seg en tominutterspause etter å ha holdt igjen Lightnings Brayden Point tidlig i den andre perioden.

    Brandsegg-Nygård, som ble draftet til NHL før årets sesong, spilte 13 minutter og 36 sekunder. Lilleberg, som allerede har flere års erfaring i den amerikanske toppligaen, fikk 11 minutter og 49 sekunder på isen.

    Seieren er Red Wings' fjerde for sesongen. Lightning har derimot bare vunnet én kamp så langt denne sesongen.

    Hockeyspillere på isen
    Foto: GREGORY SHAMUS / AFP / NTB
  • Nypan benket i ny Middlesbrough-seier – Slo Egelis Ipswich

    Sverre Nypans Middlesbrough har fått en kjempestart på sesongen, og fredag tok de nok en kruttsterk seier i den engelske mesterskapsserien.

    Hjemme mot opprykksfavoritt Ipswich vant de 2-1. Nypan, som er på lån fra Manchester City ut sesongen, ble sittende på benken gjennom hele oppgjøret.

    Sindre Walle Egeli startet for Ipswich, men ble byttet ut etter 67 minutter. På det tidspunktet ledet Middlesbrough 2-0.

    Middlesbrough topper tabellen to poeng foran Coventry, som har spilt én kamp mindre enn serielederne.

    Ipswich har skuffet etter nedrykket fra Premier League og ligger på 9.-plass.

    et par fotballspillere på en bane med et publikum som så på
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal