Hopp til innhold

Weng hardt ut mot Kollen-femmila – meiner «turrenn» høyrer heime i Ski Classics

Heidi Weng synest ikkje femmil har noko å gjere på konkurranseprogrammet i verdscup og meisterskap. Det er ho ikkje aleine om blant dei beste langrennskvinnene i verda.

Cross-Country Skiing, FIS World Cup, Canmore, Women's 20km

VIL IKKJE HA DET: Heidi Weng er sannsynlegvis blant dei beste i verda på femmil, men det betyr ikkje at ho synest distansen bør stå på programmet.

Foto: Nordic Focus

Turrenn, seier Heidi Weng, og lèt det henge i lufta.

Så fortset ho:

Ski Classics kan ein gjere når ein går Ski Classics. Dette er verdscup, så då kan ein gå kortare.

32-åringen, med 111 pallplassar i verdscupen, har akkurat blitt nummer åtte på den klassiske 20-kilometeren. No snakkar ho om det som skal skje kommande laurdag.

Ragnhild Haga

HISTORISK: Ragnhild Haga hylgråt av glede etter femmilssigeren i Kollen.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Kvinnene skal for andre gong i historia gå femmil i Holmenkollen. Ragnhild Haga blei historisk då ho vann den aller første i fjor.

Vil ikkje ha det

Om eit år står øvinga på meisterskapsprogrammet for kvinner for første gong under VM i Trondheim. Det synest Therese Johaug er så spennande at ho jobbar mot eit mogleg comeback, nettopp for å hevde seg i det rennet.

Les også Johaug satt ut av medieoppslag: – Har overhodet ikke bestemt meg

Therese Johaug

Men ikkje alle er like begeistra.

Det synest eg ikkje noko om, seier Heidi Weng.

Du vil eigentleg ikkje ha femmil i Kollen?

Nei.

Ikkje i VM heller?

Nei.

Ho er langt frå den einaste i intervjusona i Lahti som meiner det.

Dette er noko som blei bestemt for eit par år sidan, men eg sjølv synest det framleis kunne vore tremil, slik det har vore ei god stund før. Det har eg også høyrt at andre synest, men eg veit ikkje kva det blir framover, seier ho.

Tremil er langt nok

Mens hoppkvinnene i årevis kjempa for å få hoppa i store bakkar, har det ikkje vore nokon tilsvarande kamp blant dei beste langrennskvinnene i verda om å få gå femmil. I ei undersøking i 2018 sa berre 8,1 prosent av dei kvinnelege verdscupløparane at dei ønskte å gå dei same distansane som mennene.

Likevel vedtok Det internasjonale skiforbundet (FIS) i 2022 at kvinner og menn skal gå dei same distansane – og at ein av desse distansane skulle vere 50 km.

Cross-Country Skiing, FIS World Cup, Lahti, Women's Team Sprint

EINIG MED WENG: Mathilde Myhrvold meiner at berre eit fåtal av kvinnene i verdscupen ønsker å gå femmil.

Foto: Kalle Parkkien / BILDBYRÅN

Det er eigentleg litt rart. Det kan hende nokre få er for det, men mange eg har snakka med er ikkje det, seier Myhrvold, som meiner FIS bør vurdere saka på nytt.

Kanskje ein får tatt det opp, om det kan gjerast noko med i framtida. Jenter klarer jo å gå fem mil, men då blir kanskje forskjellane enda større. Tremil er tøft nok, seier ho.

Tremil er langt nok, og det blir nesten dobbelt så langt å gå ei femmil, tilføyer svenske Jonna Sundling.

Ho har lenge vore ein av dei beste sprintarane i verda, men har denne sesongen også tatt den første distansesigeren sin. Men femmil har ho aldri gått, og ho er heller ikkje sikker på når den første kjem.

Fryktar låg deltaking

Sundling har ikkje bestemt seg for om ho stiller til start i Holmenkollen, og ho er ikkje den einaste som er i tenkjeboksen.

I fjor var det berre 32 som stilte til start på femmila i Holmenkollen, inkludert Noregs nasjonale kvote. Det gjorde at 12 av dei 32 startande var norske.

For meg blir det nok ingen start der, seier svenske Maja Dahlqvist om løpet kommande helg.

Cross-Country Skiing, FIS World Cup, Minneapolis, Women's 10km

KLAR FOR FEM MIL: Frida Karlsson ser fram til å gå si første femmil i Kollen.

Foto: Dustin Satloff / BILDBYRÅN

Ho er ikkje motstandar av femmil for kvinner, men er bekymra viss den lange distansen fører til låg deltaking.

Blir det 30 løparar som startar, så trur eg kanskje ... Eg synest det skal vere mange som ønsker å gå og mange på startstreken, seier ho.

Blant dei «nokre få» Mathilde Myhrvold snakkar om, som faktisk vil ha femmil, er Frida Karlsson.

Eg har aldri gått ei femmil, så eg synest det blir kult å prøve, seier den svenske kapasitetsløparen til NRK.

Ser ingen veg tilbake

Trass i skepsisen sin, kjem også Heidi Weng til start.

Eg er som regel glad i det meste av skirenn, så eg går det eg får, seier ho.

Cross-Country Skiing, FIS World Cup, Press conference

FOR SEINT Å SNU: Renndirektør Michael Lamplot trur femmil for kvinner har komme for å bli.

Foto: Johanne Wallen / BILDBYRÅN

Og signalet frå FIS er at femmil for kvinner har komme for å bli.

– Like distansar blei vedteke for to år sidan, og 50 kilometer er ein av desse distansane. Det er bekrefta i FIS Council (FIS-styret) og av IOC (Den internasjonale olympiske komiteen), så eg ser ingen veg tilbake, seier renndirektør Michael Lamplot til NRK.

Han deler likevel bekymringa for låg deltaking – blant begge kjønn.

– Å ha femmil to helger på rad, altså i Holmenkollen helga etter meisterskap, det ser vi har ein negativ effekt på deltakinga. Det er ikkje tilfellet i år, så det blir spennande å sjå kor mange som deltek, seier Lamplot.

Han opplyser at per no er 49 kvinner og 74 menn påmelde til femmilene i Holmenkollen i år, utan at det betyr at alle faktisk stiller til start.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal