Bakgrunnen er avsløringa av Russlands systematiske juks med dopingprøvene under OL i Sotsji i 2014.
Organisasjonane var også blant dei mange som kravde Russland utestengd frå Rio-OL.
– Men utestenging frå vinter-OL er viktigare, fordi Russland systematisk lurte unna dopingprøver frå laboratoriet i Sotsji. Det var heilt uverkeleg det som skjedde der.
– Kan ikkje bli mykje verre
– Det var ein kriminell innsats for å underminere dopingkontrollsystemet. Det kan ikkje bli så mykje verre, sa Andrea Gotzmann, leiar for det tyske antidopingbyrået, på ein pressekonferanse.
Påstandane om systematisk juks med ombytting av dopingprøver under leikane i Sotsji, vart etterforska av eit utval nedsett av WADA. Utvalsleiar Richard McLaren la fram rapporten i juli, og der vart det slått fast at jukset var systematisk, omfattande og styrt frå høgaste hald i Russland.
Dopingjukset er også dokumentert i fleire reportasjar i tv-kanalen ARD.
– Desse strukturane er så faste at dei ikkje kan bli endra over natta. Derfor krev vi allereie no ei total utestenging av Russland i 2018, seier Gotzmann.
Russland slapp unna ei tilsvarande utestenging frå OL i Rio, og får stille med 278 deltakarar. Men frå Paralympics er Russland totalt utestengde.
– Langt frå tilfredsstillande
Også det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) har utestengt Russland fullstendig.
– Vi meiner Paralympics og IAAF har gjort det rette, seier Gotzmann.
Dei to antidoping-organisasjonane meiner WADA og dei nasjonale antidoping-organisasjonane ikkje var høyrde då IOC gjorde sitt vedtak.
– Det er der kompetansen for antidopingarbeid finst. Dei endelege vedtaka var tekne av dei internasjonale idrettsorganisasjonane, og vi kjenner ikkje til kriteria dei brukte. Dei er ulike for kvar enkelt organisasjon, og prosessane er sjeldan opne. Det er langt frå tilfredsstillande, sa Gotzmann.