NRK Meny
Normal

Umiddelbar WADA-gransking av nye doping-skuldingar i Sotsji-OL

Det internasjonale antidopinbyrået WADA innleier gransking av påstått systematisk doping under OL i Sotsji i 2014.

FILE-JAPAN-DOPING-REEDIE-OLY2016

UMIDDELBAR GRANSKING: WADA-sjef Craig Reedie lovar full gransking av dei nye påstandane om russisk dopingjuks under OL i Sotsji

Foto: TOSHIFUMI KITAMURA / Afp

Det var søndag det amerikanske tv-programmet 60 Minutes sende opptak av samtaler mellom varslar Vitalij Stepanov og dåverande direktør for dopinglaboratoriet i Moskva, Grigory Rodtsjenkov.

Der skal det ha gått fram at fleire russiske utøvarar var dopa i Sotsji-OL, inkludert fire gullvinnarar som skal ha brukt steroid. Russland tok 13 gull i OL på heimebane.

– Vi vil gå i gang med å granske desse påstandane med det same, seier Reedie.

Ifølgje opplysningane i CBS-programmet hadde russiske tryggingstenesta FSB infiltrert antidopingprogrammet under leikane. Mellom anna skal fleire FSB-agentar ha jobba som dopingkontrollørar under OL.

– Vi har enno ikkje kunna stadfeste dette. Men vi vil no innleie gransking, og det straks, skriv WADA i ei pressemelding.

WADA ønskjer derfor også tilgang til opptaket med Rodtsjenkov, som CBS sende i programmet.

– Det er ingen tvil om at Stepanovs har gitt oss viktig informasjon som har vore heilt avgjerande for at kommisjonen som skal granske russisk idrett, har blitt oppretta, seier Reedie i pressemeldinga.

– Når han no kjem med nye opplysningar, gir det derfor god grunn til uro, seier han.

Styret i WADA skal samlast i Montreal seinare denne veka, og spørsmål knytt til russisk doping blir ei hovudsak på møtet.

Det internasjonale friidrettsforbundet suspenderte Russland i fjor haust, og skal i juni ta stilling til om landet har gjort nok framsteg i dopingkampen til at suspensjonen blir oppheva før OL i Rio i august.

Siste nytt

  • Kvinnekombinert inn på VM-programmet

    Kombinert for kvinner blir for første gang VM-øvelse i Oberstdorf i 2021, sammen med lagkonkurranse i hopp for kvinner. Det ble klart på FIS-kongressen i greske Costa Navarino fredag.

  • – Ronaldo tilbudt å betale 140 mill.

    Cristiano Ronaldo skal ifølge avisen El Mundo ha foreslått å betale de over 140 mill. kronene (14,7 mill. euro) han er skyldig i skatt til spanske myndigheter. Ronaldo er beskyldt for å ha unndratt skatt gjennom å bruke skatteparadiser i utlandet i årene 2011 til 2014.

    Spain Soccer La Liga
    Foto: Emilio Morenatti / AP
  • Junior-VM i alpint 2020 til Narvik

    Narvik skal arrangere junior-VM i alpint 2020. Det ble besluttet på FIS-kongressen i Hellas torsdag. Mesterskapet skal arrangeres 5.–15. mars 2020. I Narvik jobbes det for å få senior-VM i 2025.

Sendeplan

Kl. Program Kanal