– Det viktigaste for oss er å rykke opp og få spele i eliteserien, så alle er motivert. Vi har mykje sjølvtillit, og veit at vi har hatt ein fantastisk sesong, seier Kongsvingers trenar, Luis Pimenta til NRK.
Men Kongsvinger stiller med redusert offensiv slagkraft i bortekampen mot Jerv. Både Adem Güven og Ørjan Røyrane er skadde, og spelar høgst sannsynleg ikkje kampen. Det var dei som scora måla i 2-1-sigeren over Strømsgodset i cupsemifinalen.
Også Mads Cato Moldskred er skadd og får ikkje vere med til Grimstad. Det betyr at tre spelarar med til saman 27 seriemål må stå over laurdag.
Problem i cupfinalen
Pimenta let under tvil toppscorar Adem Güven spele cupfinalen mot Rosenborg.
– Det var ei vanskeleg avgjerd. Adem hadde ikkje mykje smerte før kampen, men han kunne ikkje sprinte noko særleg. Men då det blei 3–0 og 4-0, valde vi å spare ham, seier trenaren om Güven, som vart teken av bana etter ein time.
Güven sjølv sa at han valde å spele fordi han hadde lyst å oppleve ein cupfinale. No kan han ende med også å miste ein opprykkskamp mot Stabæk.
– Eg hadde ein liten strekk i låret, og slo opp skaden på oppvarminga, men ville prøve meg fram. Eg klarte å pine meg gjennom 60 minutt, seier Güven.
– Viktigare enn cupfinalen
Røyrane fekk strekk i eit leddband på innsida av kneet under trening onsdag.
– Det ser ikkje bra ut. Det ser ut som sesongen er over, fortel midtbanespelaren.
Pimenta trur likevel at laget er godt nok til å slå Jerv.
– Vi har eit lag som har utvikla seg godt denne sesongen. Vi trur vi kan reise til Grimstad for å vinne, seier Pimenta, som meiner spelarane har greidd å lade opp igjen etter tapet søndag.
– Vi skal reise ned til Grimstad for å vinne. Det er viktigare å vinne den kampen enn det cupfinalen var, seier sportsleg leiar i Kongsvinger Espen Nystuen.
Kan tene 7–8 millionar
Nystuen er veldig spent på kampen laurdag. Skilnaden på eliteserien og 1. divisjon neste år er stor.
– Opprykket veldig viktig både for spelarlogistikk og økonomi, og betyr kanskje 7–8 millionar kroner i inntekter, seier Nystuen.
- Les også: Pimenta sikter mot drømmen
Men det er framleis eit stykke dit. Om det blir siger over Jerv, står likevel heime- og bortekamp mot Stabæk att.
– Blir det opprykk, er det berre å kaste seg inn i det og prøve å symje sjølv om det er djupt, seier Nystuen.
På treninga i dag var trenar Pimenta sjølv med ute på bana.
– Betyr det at du skal spele sjølv?
– Nei. Eg var berre med som kjegle.