– De krangla litt?
– Hm, ja. Eg er sjokkert, seier Ingebrigtsen.
– Korleis då?
– Eg er utruleg overraska, meir vil eg ikkje seie.
Kåre Ingebrigtsen var ikkje imponert over trenerkollega Luis Pimenta under pausen av cupfinalen mellom Rosenborg og Kongsvinger.
Me er vande med å sjå Pimenta oppglødd medan laget hans er ute på bana. Men i cupfinalen vart han kanskje vel engasjert når han forsøkte å mane spelarene til innsats. KIL-treneraren havna også i munnhuggeri med ein overraska RBK-trenar.
– Her må det ha vore noko verbalt mellom Pimenta og Ingebrigtsen i første omgang. Me såg også ein situasjon og ein krangel mellom Jonas Svensson og Pimenta i første omgang, seier Tom Nordlie.
Krangel med Svensson
Etter 20 minuttar spelt hamna Pimenta i ordhuggeri med RBK-backen Jonas Svensson. Sistnemnde prøvde å ta innkast, medan Pimenta ropte etter Svensson.
– Fuck off, eg ga deg ballen. Gå og pump litt mer jern, ropte trenaren mellom anna til spelaren.
– Han snakkar til min spelar. Det kan han halde seg for god til. Han kan snakke om sine eigne spelarar. So skal eg ta meg av mine, seier Ingebrigtsen.
– Kåre, ver litt gentleman. Du er gamal nok til det, er noko av det Pimenta seier til RBK-trenaren og som fanges opp av NRKs mikrofonar.
– Det er berre bra. Det er berre fotball, og det bra. Ein prøver berre å psyke dei litt ut mentalt, og slik skal det vere, seier Pimenta til NRK etter kampen.
Risikospel
Men trass engasjementet på sidelinja klarte ikkje Kongsvinger å temme Rosenborg i cupfinalen.
Kongsvinger spelte med høg risiko på eigen banehalvdel, og Rosenborg kom til fleire store sjansar som resultat av det.
– Det er forskjell på å vere dum og å vere modig, akkurat no er dei dumme, sa NRKs ekspertkommentator Tom Nordlie.
Trass den høge risikoen i forsvar, låg dei berre under 0–1 til pause. KIL-trenar Pimenta gjekk ut på grasmatta til kvar enkelt spelar for å mane dei opp til andreomgang.
– Gutta var strålande i førsteomgang, og det var berre ein null. Men når det blei to null blir det vanskeleg, seier Pimenta.
For det blei for tungt for Kongsvinger i andreomgang. Tore Reginiussen sende trønderane raskt opp i 2-0-leiing. Etter det sette Pål André Helland inn sitt andre og tredje for kvelden, og sikra ein komfortabel siger for Rosenborg.
– Det er ferdig
Trass i at kampen var over for lengst, blei det høg temperatur, også på bana i det siste kvarteret.
Det var fleire stygge duellar, og tendensar til slagsmål.
– Det har vore mykje rot, og høgt tenningsnivå mellom spelarane. Det har vore klasseforskjell på laga, særleg i andreomgang, seier Nordlie.
Og då dommaren blåste i fløyta etter 90 minutt var Pimenta raskt ute og samla alle spelarane i midtsirkelen for å gratulere dei med innsatsen i finalen.
I intervjuet etter kampen var RBK-trenar Kåre Ingebrigtsen også innstilt på å legge konflikten med Pimenta bak seg, og gravleggje stridsøksa.
– Det er ferdig, det er heilt ferdig, sa Ingebrigtsen etter kampen.