– Det er for å bli kjent med løypene og vite kva ein går til i VM om halvtanna år, seier Johaugs trenar, Pål Gunnar Mikkelsplass til NRK.
– Alltid på hugget
Ski-VM i Seefeld blir Johaugs store mål etter at OL-draumen brast då dopingstraffa kom på 18 månaders utestenging.
Johaug testa i september 2016 positivt på det forbode stoffet clostebol etter å ha brukt kremen Trofodermin på ei solbrent leppe.
Mikkelsplass stadfestar at Johaug lufta tanken om å prøve løypene i Seefeld kort tid etter at dommen kom frå Idrettens valdgiftsrett, CAS i august.
– Det har vore like mykje hennar idé som min. Ho er alltid på «hogget». Det er hennar måte å leve på. Ho er offensiv og har lyst til å gjere det bra. Og når ho først skal gå der, så er det eit ledd på vegen dit.
– Det vil vere ei gulrot og ein motivasjon å bli kjent med terrenget, og ha ei formeining om kva som er lurt å trene på, seier Mikkelsplass, som vil legge opp til beinhard trening i VM-løypene.
– Du vil hugse løypa best dersom du går hardt i ho. Då kjenner du best på kroppen kor tøff løypa er, seier Mikkelsplass, sjølv verdsmeister i stafett frå nettopp Seefeld i 1985.
– Motivasjon
Kor tid Johaug reiser til Austerrike er ikkje spikra i kalendaren. Men ifølgje Mikkelsplass blir det sjølvsagt når løypene er «preppa og i orden».
Trenaren vurderer at det kan bli aktuelt i samband med eit høgdeopphald i Seiser Alm i Italia, for deretter å reise ned til Seefeld i etterkant.
Johaug testa også OL-løypene i Pyeongchang, men får som kjent aldri bruk for erfaringane ho gjorde i Sør-Korea.
– Den gangen brukte ho det som motivasjon, og for å vite kva som eventuelt ville møte henne. Det er gunstig for Therese å teste løypene når ho ikkje har konkurransar å vere med på, seier Mikkelsplass.
Rolig trening
Johaug trente knalltøft fram mot CAS-dommen i august med tanke på å vere tilbake i november i år.
Håpet var at straffa ikkje blei lengre enn dommen på 13 månader frå domsutvalet i Noregs idrettsforbund.
Men no er 29-åringen formelt utestengt fram til 17. april 2018.
– No må ho legge inn ein periode der ho trenar litt mindre og gjer andre ting som gjer at ho får litt meir overskot, seier Pål Gunnar Mikkelsplass.