For det utrena auget ser det ut som ei heilt vanleg økt saman med storebror Filip Ingebrigtsen, Moa Bollerød og Fredrik Sandvik i Flagstaff.
For den løpeinteresserte er det derimot noko som ikkje stemmer. For kva er det eigentleg Ingebrigtsen har på føtene?
Tilsynelatande masse tusj. Og eit par Nike-sko som ikkje er moden for dagslys.
På Jakob Ingebrigtsens Instagram kan du sjå redigeringskunsten på nært hald.
Kommentarfeltet er fylt med kommentarar rundt Ingebrigtsens fottøy:
- «Slutt å erte oss, Jakob»
- «Tjommi gøymer bort turboane»
- «Kompis, å skjule sko er galskap»
- «Nye sko!?»
Grunnleggaren av den amerikanske nettstaden Citius Mag, Chris Chavez, har også bite seg merke i at Ingebrigtsen har lagt svart tusj over skoa.
Det er berre nokre av reaksjonane som har tikka inn, og naturlegvis blir det spekulert i kva sko han faktisk har tatt på seg. Svaret må ein truleg til Flagstaff i Arizona for å finne, eventuelt vente nokre månader til dei blir sleppt på den opne marknaden.
Manageren forklarer
Ingebrigtsen-manager Daniel Wessfeldt forklarer bilda slik til NRK:
– Skoa som Jakob har på seg er ein prototyp som han testar. Dei finst ikkje ute ennå og har framleis ikkje eit namn. Litt som når Mercedes testar ein ny kamuflert bil ...
Han understrekar at nordmannen står i front av satsinga til skogiganten Nike.
Å dysse ned den siste utviklinga er ikkje unormalt i skobransjen. Spesielt ikkje før ein OL-sesong der gigantane kappast om å ha det beste utstyret.
Karsten Warholms OL-sko er også halde unna offentleg innsyn inntil vidare, men også han la ut eit innlegg med sladda sko på bildedelingstenesta mot slutten av fjoråret.
Har med kona til høgda
Jakob Ingebrigtsen er akkurat nå i Flagstaff i Arizona. Nordmannen skal etter planen vere dei neste to månaden i USA for å førebu seg til ny sesong.
Han startar sesongen med ein forrykande duell mot Josh Kerr og Yared Nuguse i Eugene, 25. mai. Deretter ventar Bislett Games 30. mai.
Sommaren byr på fire minst fire terminfesta høgdepunkt for Ingebrigtsen: Fødselen til kona i juni. EM i Roma frå 7. til 12. juni og NM på heimebane i Sandnes frå 26. til 28. juni. Sesongens store mål er OL i Paris.
Den første delen av opphaldet i USA har han med seg den gravide kona si, Elisabeth Asserson Ingebrigtsen. Ho deler glimt av løpekvardagen i sosiale medium.
Ingebrigtsen trøbla med ein betennelse på akillessena store delar av hausten og stod derfor over to høgdeopphald. Han måtte lenge trene alternativt på ellipsemaskin, men ser nå ut til å vere i full gong med normal løpetrening.
NRK har prøvd å få ein kommentar frå Jakob Ingebrigtsen via pressekontakt Espen Skoland, men foreløpig ikkje lykkast.