– Eg er jo frå ein stor familie med mykje søsken og eg har alltid hatt mykje folk rundt meg. Det å stifte min eigen familie og få eit barn er noko eg har sett fram til heile livet, seier Jakob Asserson Ingebrigtsen til NRK.
For ein snau månad sidan kunne han og kona, Elisabeth Asserson Ingebrigtsen, fortelje at dei skal bli foreldre til sommaren. Tidlegare har han også snakka med TV 2 om den gledelege nyheita.
Jakob fortel at det var ein «kjekk og gøy beskjed å få», men med termin i juni gjekk samtidig tankane til dei to store meisterskapane i sommar.
Glad det ikkje er lengre unna
EM i friidrett i Roma blir frå arrangert 7. til 12. juni, mens friidrettsøvingane i OL i Paris går frå 1. til 11. august.
Eit enormt høgdepunkt i ein idrettskarriere.
På sosiale medium skreiv Elisabeth at ho var nervøs for tidspunktet med termin oppi EM-perioden.
Jakob Ingebrigtsen lèt seg likevel ikkje stresse.
– Eg tenker at det aldri er noko tidspunkt der det er veldig bra timing. Om noko er det ganske fin timing med tanke på at det er NM i Sandnes den månaden, seier han.
Friidrettsstjerna siktar til noregsmeisterskapen i hans eigen heimby mellom 28. og 30. juni.
– Eg er jo i utgangspunktet i området i juni, i alle fall i Europa med EM i Roma, seier han, og held fram:
– Det hadde vore litt kjipt viss eg var i Tokyo, Eugene eller ein plass som er litt lenger borte. Sånn sett veldig bra timing.
– Vi prioriterer beinhardt
Elisabeth Asserson Ingebrigtsen kjem til å vere tettare på under sesongoppkøyringa ein vanleg. Ho har fortalt at ho skal bli med i nokre veker på treningsleir til USA i slutten av mars.
– Ein kan ikkje sjå vekk frå det faktumet at ho er gravid. Det er klart det er ein del ting vi må ta høgde for og litt forholdsreglar knytt til det, seier Jakob og fortset:
– Elisabeth er ein viktig støttespelar for meg, og eg er ein viktig støttespelar for henne. Vi prøver så godt vi kan for å få alt til å fungere, samstundes som ein har ein del ansvar og arbeidsoppgåver framfor seg som er viktige og som ein også har god kontroll på.
Om få månader må 23-åringen sjonglere farsrolla opp mot det å vinne OL-gull.
– Korleis blir prioriteringane der?
– Dei blir knallharde i tråd med slikt det har vore tidlegare. Vi prioriterer beinhardt for at eg skal bli så god som eg kan til å springe, seier Jakob.