– Det er vel ganske kjent etter kvart at vi samarbeider tett med Puma på skoutvikling. Det er veldig spennande, vi har ekstremt dyktige folk på saka, seier Warholm til NRK.
Sist veke hadde Warholm og trenar Leif Olav Alnes besøk av toppsjefen i utstyrsleverandøren i Oslo. På treningsbanen i Vallhall, lét Puma-toppsjef Arne Freundt seg begeistre.
Han rosa den «rå, upolerte og fokuserte» treninga til duoen i eit innlegg på LinkedIn. Deretter ønskte han dei god tur til Asia:
– Skoutviklarane har base i Vietnam, eg og Leif Olav skal ein tur dit i november for å besøkje fabrikken og jobbe med folket der i nokre dagar, seier Warholm.
Sensurerte seg sjølv
Han la sjølv ut ein video med sladda bilete på sosiale medium etter besøket, der han fekk teste ein ny type piggsko. Med sensorar plassert på kvar fot og kamera som fanga kvar rørsle frå ulike vinklar, spurta 27-åringen det han makta.
Det er denne modellen dei skal vidareutvikle.
Forhåpentleg skal han bidra til eit nytt suksessår. For sjølv med tre VM-, to EM- og eitt OL-gull er dei svolten på meir. Men inntil det er nødvendig, får ingen uvedkommande sjå Warholms våpen.
Konkurransen om å utvikle dei beste skoa før OL i Paris er sylskarp.
– Eg gler meg verkeleg til å ta dei nye skoa i bruk til neste års sesong. Det er vel alt eg har å seie om denne saka no, litt hemmelegheiter må vi få lov å ha, seier Warholm med glimt i auget.
Overraska med utvekst
Fokuset på utvikling av sko er ikkje nytt av året. Alnes har studert biomekanikk og har saman med eleven hatt eit tett samarbeid med Puma i fleire år.
Fjorårets VM- og EM-sko skilde seg ut i mengda. Dei hadde fått ein eigen «klo» montert på tuppen.
Skoutviklinga er berre eitt av fleire grep som er tekne etter at sesongen vart avslutta. For sjølv om stabiliteten var i ein eigen klasse, gjekk det ikkje knirkefritt etter VM.
Åtvaringane kom i vekene etter det tredje VM-gullet til nordmannen.
Fleire grep før OL-sesongen
Kyron McMaster slo Warholm i Zürich like etter meisterskapen. Diamond League-finalen vart avgjord på dei siste meterane. Rai Benjamin var best – og han sette like så godt årsbeste i verda med 46,39 sekund. Vel å merke ei fattig trøyst, ifølgje amerikanaren sjølv.
Men Alnes og Warholm fekk nok ei påminning om det dei allereie visste. Fleire steinar må snuast om det skal bli nytt OL-gull.
Sesongpausen vart korta ned. På treningsstripa i Valhall har dei lagt eit splitter nytt banedekke. Og no går turen til Vietnam for å still best mogleg førebudd til Paris.
Resultatet blir truleg ikkje kjent før i starten av august 2024. Der ser Warholms program slik ut:
- Forsøksheat, måndag 5. august
- Semifinale, onsdag 7. august
- Finale, fredag 9. august