– Eg må tenkje på det no, men eg er her for 1500, og det får eg ikkje til, dessverre.
Jakob Ingebrigtsen bestemde seg eigentleg ganske tidleg for at det var ein meisterskap det var perfekt å «doble» i – altså springe dei to distansane 1500 og 5000 meter.
Men han avviste blankt at han har tenkt på den siste øvinga i forkant av VM-sølvet, der han nærast slakta eigen innsats. Og då var det også smått vanskeleg å sjå framover.
– Eg tenkjer ikkje så mykje på det no, for alt anna er så lite verd samanlikna med det eg ikkje fekk til, sukkar han i pressesona under tribunen på Hayward Field.
– Men eg synest det er såpass flautt å gjere det såpass dårleg som eg gjer det i dag, at det sikkert er noko ein kan bruke som motivasjon, seier Ingebrigtsen.
– Ikkje mange er tøffe nok
Og det kan jo komme godt med. Men to dagar tidlegare var kjensla ein litt annan då NRK snakka med han om 5000-meteren, der forsøket går natt til fredag norsk tid, og finalen søndag. Det vil seie at han skal springe fem løp på berre ni dagar.
– Det er kanskje ikkje så mange som er tøffe nok og høge nok på seg sjølve til å prøve. Det er først og fremst fordi det er ein vanskeleg dobbel å gjennomføre. Og ofte er tidsskjema ikkje lagt opp til ei slik dobling.
– Kva eigenskapar har du for å klare det?
– Nokon vil rekne ein som dum for å prøve, men eg har gjort det før og kjenner eg kunne teke to medaljar då. Om det går litt betre denne gongen, kan det bli bra.
Ingebrigtsen har sjølv eit «dobbelt-gull» i samlinga allereie, frå EM i 2018, men då han prøvde i Doha for tre år sidan enda det med ein femte- og fjerdeplass.
Og å ta gull på dei to distansane er også bevisleg vanskeleg, for berre tre mann har klart det i VM og OL tidlegare:
Finske Paavo Nurmi i OL 1924, Hicham El Guerrouj frå Marokko i OL i 2004 og Bernhard Lagat frå USA – den einaste i VM-samanheng, i 2007.
Kvifor skjer det så sjeldan, spurde NRK Jakob Ingebrigtsen om.
– Det er eit semigodt spørsmål. Det er kanskje fordi det er vanskeleg å vinne begge. Dei fleste stiller berre på ein distanse, og dermed er dei betre førebudd, i og med at dei spring færre løp, svarer 21-åringen.
Følar seg betre på 5000
Før 1500-meteren kjende han ikkje at 5000-meteren ville bli noko tøffare.
– Ikkje nødvendigvis, nei.
– Kvifor ikkje?
– 5000 er greiare å ta omsyn til. Fordi det stiller litt mindre krav til taktikk og mindre armar og bein enn på 1500, som er den meir uføreseielege øvinga av dei to. Ein skal ha meir flaks og meir dagen og gjere meir rett for å lykkast på 1500 meter. Då stiller det igjen høgare krav til den fysiske kapasiteten, som er vanskeleg å gjere noko med.
Det blir også eit meistermøte med dei olympiske vinnarane av både 1500 meter (Ingebrigtsen), 5000 meter (Joshua Cheptegei) og 10.000 meter (Selemon Barega).
– Det blir vel spennande det. Eg har sett litt kva folk meiner, men i utgangspunktet er eg betre på 5000 enn på 1500, men samtidig er det gøy at når ein først skal konkurrere om den gjævaste tittelen er det gøy at dei beste er med, fastslår Jakob Ingebrigtsen.
Tidlegare lagkamerat Narve Gilje Nordås, som også stiller i 5000-meterforsøket torsdag, meiner det er Ingebrigtsen som er favoritt i ein finale.
– Han er så ekstremt gjennomtrent. I løpet av vinteren byggjer han mengd, terskel og uthald og han er sikkert eit av dei største talenta uthaldenheitsidretten har sett i historia. Det er ein fordel, for han toler mange løp. Det er ingenting som bit på han, meiner Nordås.
- Forsøket på 5000 meter med Jakob Ingebrigtsen og Narve Gilje Nordås går natt til fredag kl. 03.10 norsk tid, og blir vist på NRK1.