Hopp til innhold

Måtte haldast igjen av brørne før EM-triumfen

Ein av oppgåvene til storebrørne er å halde igjen Jakob Ingebrigtsen når han blir for ivrig på trening. Det måtte dei passe på før EM.

European Championships 2022, day 8, Athletics

DOBBEL DOBBEL: Jakob Ingebrigtsen gjorde som i EM 2018: tok gull på både 1500 og 5000 meter.

Foto: MATHIAS BERGELD / BILDBYRÅN

Når du tek vekk konkurransane, så blir det ofte at han konkurrerer med seg sjølv på trening. Og det er farleg. Det er ein vond sirkel nesten, som berre ballar på seg, fortel Henrik Ingebrigtsen.

For med to meisterskap på berre ein månad, har Jakob Ingebrigtsen vore nøydd til å følgje planen sin til punkt og prikke. Resultatet har vore tre gull og eit sølv.

Og 21-åringen erkjenner at det hender det er ein av brørne som set på bremsen på treningane.

Det er kanskje mest på dei tøffaste øktene. Eg skal ikkje leggje skjul på at eg er glad i å springe og glad i springe fort. Eg er ikkje nødvendigvis glad i å bli sliten, men eg er glad i å kjenne på meistring, og det får eg gjerne mest av på dei nøkkeløktene der vi prøver å springe litt fort for å nærast stimulere konkurranse, forklarer han.

– Trivst godt med å måle krefter

For ein del av treningsplanen til ein toppløpar er openbert å dempe belastninga. Ein kan springe fort, men helst då også så billig som mogleg.

Jakob Ingebrigtsen, brødrene

FIRE PÅ TUR: Jakob Ingebrigtsen hadde med seg både Kristoffer (t.v.), Henrik og Filip til Sveits før EM.

Foto: Instagram, skjermdump @jakobing

Eg er eit konkurransemenneske som trivst godt med å måle krefter. Då er det litt sånn at dei må halde meg litt igjen for å ikkje pushe meir enn det vi har planlagt og stoppe der. Ein treng ikkje alltid å pushe for å sjå kor fort ein kan springe. Men det er veldig gøy, erkjenner Jakob Ingebrigtsen med eit lite smil.

Han drog rett frå VM i Eugene til høgdesamling i St. Moritz. Der var også storebrørne Henrik, Filip og Kristoffer. Vel så mykje for selskapets del, som sjølve treninga.

Han får sjølvsagt fritt spillerom, det er inga kjefting, men vi vil jo berre at han skal gjere treninga så bra som mogleg. Av og til betyr det å halde igjen. Filip og eg veit veldig godt kor vanskeleg det er å halde igjen når forma er bra, seier Henrik Ingebrigtsen.

GULLMØTE: Henrik Ingebrigtsen venta tolmodig i mørket utanfor Olympiastadion i München for å gi veslebroren endå ein gullklem. Foto: Geirr Larsen/NRK

– Ikkje spesielt sosial

No skal dei to brørne ha ein liten pause frå kvarandre. For rett etter Bislett Games midt i juni reiste dei saman til USA, og sidan har dei også vore saman. Dag etter dag i ni veker.

Jakob er ikkje spesielt sosial, men han liker ikkje å vere åleine. Han treng nokon rundt seg og han treng eigentleg berre av og til eit publikum for å få snakka om dei tinga han vil, røper Henrik Ingebrigtsen, og held fram:

Han vil ikkje ha mas. Han vil ikkje ha folk rundt seg som masar. Det er ein hårfin balansegang. Det passar eigentleg veldig fint, det er ingen som er så snakkesalige på treningsleir. Men nokre dagar løyser vi verdsproblem.

Les også Ingebrigtsen røpte monstertall – NRK-Post tror fasiten er enda mer ekstrem

Verdensmesterskapet i friidrett 2022

De har vore saman veldig mange dagar, kor lei er de kvarandre?

Hadde vi vore på tur ein månad til, hadde eg fått han til å endeleg like meg trur eg, svarer storebroren og ler.

2022 World Athletics Championships, day 10

VM-JUBEL: Henrik Ingebrigtsen gratulerer Jakob Ingebrigtsen med VM-gull på 5000 meter i Eugene.

Foto: JON OLAV NESVOLD / BILDBYRÅN

Eg trur lei er feil ord, men eg trur variasjon kan vere ein fin ting. No har det vore litt einsidig dei siste månadene, men vi har skapt mykje gode resultat. Det står og det må vi vere fornøgd med, seier Jakob Ingebrigtsen.

Han gir samtidig brørne ein del av æra for prestasjonane i sommar, men no gler begge seg til å reise heim til Sandnes ein liten tur.

Vi har eigentleg hatt det ganske greitt i sommar, men vi har jo vore veldig motiverte og disiplinerte med tanke på den planen vi har lagt. Vi visste begge to då vi starta på det jævelskapet her at det vart mykje, men det har vore verd det, fastslår Henrik Ingebrigtsen.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal